Hjerneflukt og fattigdom

MIGRASJON: Jonathon W. Moses, professor ved NTNU, skriv om utvandring frå fattige land i sin kronikk 20/11. Han samanliknar den med utvandringa til USA frå Irland og Noreg. Det er ei nostalgisk samanlikning som ikkje held mål i dag.Drivkrafta bak vår utvandring var i stor grad jordhunger, og våre utvandrarar kom til samfunn der dei kunne arbeida seg opp med hardt kroppsarbeid, i samfunn som var nokså like vårt eige, med same kultur og med samanliknbare løner. I dag er lønsskilnaden mellom fattige land og våre land så ekstrem at pengar overskygger alt.

DET SOM PREGAR Afrika i dag er ei manglande tru på sitt eige, også i land med rike ressursar. Den velutdanna eliten drøymer om ei framtid i Vesten, med løner som kanskje er 20 gonger høgare enn i heimlandet. Dei gjer alt for å få kontakt med oss kvite, og det første du høyrer er: «Sir, I want to leave Africa!» Dei som emigrerer vert sett på som strålande vinnarar, dei som må søkja arbeid i sitt eige land ser på seg sjølve som taparar. Dette er ei destruktiv innstilling, det skapar vonde sirklar av passivitet og apati i heimlandet. Kvifor satsa på utdanning i fattige land når dei utdanna dreg frå landet? Og kvifor gjera ein innsats i ditt eige land når du vert ein tapar?Emigrasjonen av høgt kvalifisert arbeidskraft er så stor at han er destruktiv for mange fattige land. Gambia har mist 63% av sine høgare utdanna fagfolk. I Malawi står 70% av stillingane i helsevesenet tome, dei tilsette er overarbeidde og det er fæle tilstandar på dei fleste sjukehusa. Det er fleire malawiske legar i byen Birmingham enn det er i heimlandet! Torhild Skard, som har arbeidt med Vest- og Sentral-Afrika i lang tid, seier det slik: «Det foregår en masseimmigrasjon aktivt stimulert av vestlige land som Storbritannia og USA ... for å motvirke svakheter i egen økonomi. De lokker til seg høyt utdannet arbeidskraft, men stenger veien for andre.» Den tidlegare leiaren av Den afrikanske unionen, Alpha Oumar Konaré, kallar det «hjernehandel». Ein handel der Vesten har overlegen kjøpekraft.Også i andre verdsdeler opplever me litt av det same. Frå Mexico strøymer det millionar av emigrantar til USA, og det går ein straum av pengar frå dei til heimlandet.

MEN SKAPAR SLIKE pengestraumar ei betre utvikling i Mexico enn i andre land i verdsdelen? Neppe. Kanskje er ein viktig grunn at mottakarane av slike pengar får lett ein klientstatus, og at dei misser trua på sitt eige land og si eiga utvikling. Dei får vel stadig ei påminning om at framtida og rikdomen ligg i utlandet, på den andre sida av grensa, og ikkje i sitt eige land?Migrasjon av den velutdanna eliten frå fattige land, etter Jonathon W. Moses sine lettvinte teoriar, er inga løysing, men ei flukt frå alvorlege problem.