Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Hjernespinn

Språkkritiske dikt som er fanga i det buret dei vil bryta ut av.

BOK: «Jeg burde løfte meg ut av tankebanene. Jeg burde virvle meg mot de tause / kjærlighetskontinenter, der stillhet er gjennomsiktighet / og en vedvarende totalitet,» skriv Turid Høvin i andre del av si nye bok. Og ja, det burde ho nok, men som desse linjene gjev eit døme på, så er det tanketekstar som helst er abstrakte og blodlause, som pregar denne boka. Første delen har eit historisk gjennomgangstema, med titlar som viser til ulike hendingar, som at «sokrates tømmer giftbegeret / 399 f.Kr.» og at «mennesket lander på månen / år 1969», og dei har eit noko uvanleg oppsett. Under hovudteksten, som er «prosadikt», står fire linjer i kursiv som i eit konsentrat prøver å utvida av tema. I tredje del, som er meir «vanlege dikt» kan det til dømes stå «Det er trist at forstanden skjuler landskapet» (s. 58).

Og det er trist! Det er trist at desse tekstane er så hjernestyrte og så til dei grader prega av å vera ord og språk og forstand at poesien ikkje har nokon plass her.

Alt er språk og tanke, og til og med «natten blir en tankeoverføring». Det er lett å verta einige om at me treng ein språkkritisk litteratur, men det er trist når denne vert så fanga i det analytiske og uttenkte at dei levande, saftige sansingane og dei spontane, vakre visualiseringane som får eit dikt til å leva, uteblir heilt. Ein sit att med ein tekst som bare rører seg på boksida og sjeldan rører ved noko i lesaren. Det er trist og vert temmeleg keisamt å lesa.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media