Høgdehus og anna juks

«Idrettens publikum vil ha ein rein konkurranse fri for kunstige stimuli.»

Avsløringa av dopingskandalen i det finske skimiljøet fekk sponsorane til å dekke til sine firmanamn. Dei vil ikkje koplast til idrettsutøvarar som bryt reglane med å dope seg. Paradoksalt nok har sponsorane, med sine nådelause krav til prestasjon, vore med å legge til rette for doping i idretten.

For utøvaren er skilnaden mellom ein første- og fjerdeplass, eit spørsmål om å vere med eller vere fullstendig anonym og uinteressant. Ein vinn ikkje ein sølvmedalje, men tapar ein gullmedalje. Toppidretten handlar om å vinne publikum og nå fram i media. Vinnaren tek alt og suksessen gir pengar - mykje pengar. For dei finske langrennsløparane utgjer støtta frå næringslivet rundt 30 millionar kroner. I tillegg har den finske staten bidratt med 45 millionar for få fram sine langrennsløparar. Ei god investering så lenge ingen vert tekne i juks. For kjendisane er ikkje lenger heltar når dei vert avslørt for bruk av doping. Publikum kjenner seg snytt. Veteranen og publikumshelten Harri Kirvesniemi meiner det var greitt å bruke stoffet HES så lenge det var lovleg. Han beklagar ikkje at han juksa, berre at han vart teken. Slike utsegner gir liten forståing hos publikum.

Heller ikkje idrettspresident Kjell O. Kran møter forståing når han kategorisk avviser å drøfte bruken av høgdehus i etterdønningane etter den finske skiskandalen. Når så mange som 37 prosent av det norske folk går inn for eit forbod mot bruk av høgdehus, seier det sitt om kva publikum vil ha. Nemleg rein konkurranse fri for kunstige stimuli.

Eit forbod mot høgdehus er likevel ikkje vegen å gå for å få bukt med jukset i idretten. På lik linje med kjemisk doping vil det vere vanskeleg å kontrollere eit slikt forbod. Idretten kan heller ikkje bygge på forbod og ei dopingliste som etter kvart byrjar å verte svært så lang. Det er haldningane som må verte endra, for trass i effektive kontrollrutiner vil det alltid vere nye dopingmetodar som ligg framfor kontrollteknikken.

Idretten må ta stilling til om den skal vere ei folkerørsle basert på eit verdigrunnlag der doping ikkje passar inn, eller om den skal vere eit biokjemisk forsøksfelt. Idretten må finne att litt av sitt utgangspunkt i den sunne underhaldande konkurransen og ikkje i den kyniske økonomiske kampen om mest mogleg profitt.

Ein må erkjenne at dopingjukset omfattar meir enn piller og sprøyter. Høgdehuset, sjølv om det er lovleg, er ein del av jukset som på kunstig vis manipulerer utøvarane til å yte meir enn dei strengt tatt er trent til å gjere. Det er ingen prinsipiell skilnad mellom piller, sprøyter eller om ein brukar gass for å oppnå resultata. Kjemiske stoff som HES og EPO (Synthetic hormone erythropoietin) er på lik linje med høgdehus ei kunstig stimulering for å auke blodverdiane og dermed gjere utøvaren meir uthalden. Som i tradisjonell bloddoping er einaste målet å auke blodet si evne til å ta opp oksygen for å kunne yte meir og dermed vinne konkurransen og pengepotten.

Det er ingen grunn til å tru at Olympiatoppen brukar ni millionar kroner på høgdehus før OL i Salt Lake City for å spare utøvarane ulempen med naturleg tilpassing i høgda. Høgdehuset vert utelukkande brukt for å betre prestasjonane og auke sjansen for gullmedaljar med påfølgjande prestisje og inntekter.

Toppidretten har fjerna seg langt får sine ideal om å vere ein frivillig aktivitet som ikkje har noko anna meining eller mål enn at den er eit mål i seg sjølv. Den ekstreme kommersialiseringa har pressa fram ein idrett som utelukkande handlar om å tene pengar, både for utøvaren og sponsorane, men som manglar glede og sunne haldningar. Idrettsarenaen har vorte ein stad for kommersiell konkurranse mellom næringsaktørar - men den skal ikkje vere det. Tvert om skal idretten vere ein stad der ein konkurrerer for ha det moro, oppleve spenning og utfordringar i lag med andre og til glede for publikum.

Reglane med sine forbod og påbod skal følgjast, men har ikkje noko meining viss ein tek dei ut av samanhengen. I fotball er det ikkje lov å bruke hendene, med unntak av målvakta og ved innkast. Reglane er ein del av spelet, og dei er lette å kontrollere. Det er fritt fram for Ola nordmann å bu i høgdehus eller legge inn ein sykkeletappe på ein lengre joggetur. Så lenge dette skjer utanfor konkurranse vil det vere meiningslaust å nekte folk å gjere det. Innanfor konkurransen medrekna førebuingane er det reglar som skal følgjast og der det er eit mål i seg sjølv å følgje dei. Bruk av sykkel i ein maraton er som å bruke hendene i fotball. Det bryt med spelet sine reglar.

Trening og naturleg akklimatisering er innanfor rammene som må ligge til grunn for å drive dei forskjellige idrettane. På lik linje som at smøring av ski er ein del av konkurransen langrenn. Høgdehus og kosttilskot ligg ikkje berre i gråsona for kva som er lovleg og tilfredsstillande. Det har ikkje noko å gjere med utføringa av idretten, men pressar marginane ytterlegare.

Skandalen i Finland, med det systematiske jukset, viser tydeleg samanhengen mellom prestisje, pengar og makt. Fleire legar har brote med sin legeetikk om å lækje sjuke menneske og i staden gått inn i manipulerande verksemd for å effektivisere friske idrettsutøvarar.

Idrettsutøvarar, sponsorar, idrettslegar og publikum bør ha felles interesser i å få bukt med jukseproblemet som gjennomsyrer store delar av idretten. Utan store medieoppslag vert det ingen gevinst av prestasjonane. Såleis vert både media og næringslivet ufrivillige hjelparar for å framelske ukulturen i idretten.

Sponsorar og medier kan likevel ikkje ta på seg ansvaret for det som skjer i dei lukka rom før store meisterskap, men er likevel viktige som påverkande aktørar. Dei er juridisk utafor ansvar og i stor grad også friteke for moralsk ansvar, trass i at dei har støtta opp under presset om å strekke marginane til det maksimale. Sponsorane sitt mandat er klart. Nemleg å støtte den beste utøvaren som held seg innanfor reglane og held seg innanfor det som er idrettsetisk rett. Ein utøvar som brukar doping, bryt reglane på lik linje med ein som ville nytta ein sykkel i eit maratonløp. Viss bruken ikkje vert oppdaga, gir det suksess. I motsatt fall er det slutten, men uavhengig av utfall er det etisk forkasteleg.

Trass i moralsk og juridisk gråsone er sponsorane med å legge premissane for idretten. Dei har makt til å styre utviklinga. Men så langt går pengane utelukkande til dei som ligg i toppen, medan breiddeidretten lid av ressursmangel fordi der ikkje er inntekter å hente. Det er heltane som genererer inntekter for sponsorane, men samstundes er sponsorane med på å avgjere kven som skal verte heltar.

I staden for å trekke seg passivt tilbake og kutte kontraktar med utøvarar som vert avslørt, bør sponsorane på førehand stille krav og vere med å bygge opp haldningar til utøvarane. Sponsorane sin moralske balansegang i forhold til idretten gjenspeglar godt den etikken som elles rår i næringslivet. Etikk er eit godt salsargument, men vert ofte identisk med ei forbodsliste. Etikk har vel så mykje med å skape haldningar som å fordømme handlingar. Etikken tek ikkje stilling til kva som er lurt og smart, men kva som er rett og gale gitt utifrå moralske grunnprinsipp.

Kollektiv straff for utøvarar som juksar vil vere urettferdig, men samstundes styrke samhaldet og kanskje hente tilbake litt av det som har gått tapt på vegen mot kommersialiseringa.

Kontrollar og økonomiske sanksjonar mot dei som juksar vil ikkje løyse problemet, men er naudsynte faktorar i arbeidet med å hente tilbake noko av grunnlaget for å drive idrett. Terje Bogen, sjef for Sponsor Service, har truleg rett når han seier at dopingskandalen i Finland ikkje vil øydelegge for andre nasjonar. Tidlegare saker, som Tour de France i 1999, viser at minnet er kort også i idretten. Sykkelsporten er verdsomspennande, medan langrenn er for nokre få på den nordlegaste delen av den nordlege halvkule. Skandalen i Finland kan likevel vere starten på ein etterlengta verdidebatt i idretten. Om ikkje annan kan norske idrettssponsorar gå framfor som eit førebilde for kva verdiar som skal vere avgjerande i idretten.