PRESSEKONFERANSE: Statsminister og Høyre-leder Erna Solberg og artikkelforfatter, Høyres generalsekretær John-Ragnar Aarset, på vei inn til pressekonferanse om varslersaken i Høyre 21. januar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
PRESSEKONFERANSE: Statsminister og Høyre-leder Erna Solberg og artikkelforfatter, Høyres generalsekretær John-Ragnar Aarset, på vei inn til pressekonferanse om varslersaken i Høyre 21. januar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpixVis mer

Varslingssakene i Høgre:

Høgre tek ansvar i varslingssakene

Det viktigaste for oss i Høgre er å hjelpe og skjerme dei som har varsla oss om negative opplevingar.

Meninger

Marie Simonsen skreiv nyleg ein kommentar om Høgres handtering av varslingssaker. Den inneheld enkelte ting som det er nødvendig å rydde opp i.

Først og fremst, det viktigaste for oss i Høgre er å hjelpe og skjerme dei som har varsla oss om negative opplevingar. Det har vore vår absolutte hovudprioritering. Unge menneske har vorte utsett for ting som aldri skulle skjedd. Nokre har opplevd å ikkje bli tatt på alvor når dei har varsla om vonde hendingar.

Vi legg ikkje skjul på at vi veit at vi har gjort fleire feil. I ettertid, med den innsikta og vissheita vi nå har, er det lett å sjå at sentrale personar i Høgre, inkludert partileiaren, burde vore betre orientert tidligere.

Dette forstod vi for seint, og vi har derfor beklaga dette offentleg. Partileiaren har og vore tydeleg på sitt eiga leiaransvar, og ho var tidleg open om at det kunne finnast saker som vi ikkje var kjende med på slutten av fjoråret.

Vi har som organisasjon eit ansvar for at alle som er aktive i partiet vårt opplever å vere trygge. Dei siste vekene har avdekka at ikkje alle har vore det. Det har vore ein ukultur blant enkelte i partiet.

Politikk handlar om truverdet og tillit. Dei sakene vi no ser og vår tidlegare handsaming av dei, set dei heilt rett på ei alvorleg prøve.

Høgre har gjennom fleire år jobba med haldningsskapande arbeid, og partiet sine etiske retningsliner har vorte oppdatert og forbetra fleire gonger. Dette har medverka til at fleire hendingar er handtert og rydda opp i på ein god måte.

Dei siste vekene har vi sett at dette arbeidet likevel ikkje har vore godt nok. Reglane og rutinane våre har ikkje fungert godt nok.

Det er heller ingen tvil om at #metoo-kampanjen har vore ein oppvekkjar for veldig mange. Dette må vi derfor no ta lærdom av slik at ingen i Høgre skal vere i tvil om kva som er akseptabel åtferd og kva ein skal gjere om man vert utsatt for uakseptabel åtferd.

No skal vi gjere ein skikkeleg ryddejobb for å sikre ei naudsynt kulturendring og tiltak for å hindre at liknande skal skje igjen –og sørgje for at Høgre og Unge Høgre skal vere ein trygg stad å vere.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.