Høgresida har mista trua

Har nokon høyrt nokon frå Høgre snakka om behovet for fleire privatskular i det siste? Eller FrP-toppar snakka om behovet for å selja statlege bedrifter, jord og skog? Er det nokon som har høyrt høgrepartia ta til orde for skikkeleg høgrepolitikk – der den enkelte skal få lågare skattar og til gjengjeld ta ansvaret for meir av velferda sjølv? Eg trur få har høyrt noko slikt. Høgre og FrP har rett og slett gjeve opp å vinna val på sin eigen politikk. I staden satsar dei alt på at massiv kritikk av regjeringa på alle moglege område skal vera nok til å få til eit regjeringsskifte.

I førre stortingsperiode opna Kristin Clemet for eit frislepp av privatskular. Resultatet var at tusenvis av private skuleplassar av «John Bauer»-typen låg an til å bli godkjent for offentleg støtte før regjeringsskiftet kom. Heldigvis fekk den raudgrøne regjeringa stoppa det meste av desse skuleplassane. Regjeringa fekk i eit breitt forlik i Stortinget gjennomslag for at skuleverket framleis skal vera offentleg, men med opning for pedagogiske og livssynsbaserte alternativ.

Dette var eit stort nederlag for Høgre, som hadde investert sterk prestisje i sin «friskolelov». I sine program er også partiet svært opptatt av privatskular, som etter partiet si meining «bidrar til mangfold og gir nye impulser til hele skole-Norge». Derfor kunne me forventa at partiet ville gjera dette til ein viktig del av den skulepolitiske debatten, og kjempa for å gjeninnføra offentleg støtte til desse skulane. Men me har ikkje høyrt eit knyst frå Høgre om dette i det siste.

Artikkelen fortsetter under annonsen

På same måte ser vi at Framstegspartiet har sterke og klare formuleringar i sitt program om ei redusert rolle for staten på viktige samfunnsområde. Partiet vil kvitta seg med statleg eigarskap i næringsliv, samferdsel og energiproduksjon. Det vil at staten sel all jord og skog, og vil konkurranseutsetja alt frå fengsel til Statens Lånekasse. Dette er tradisjonell høgrepolitikk: Staten si rolle skal reduserast kraftig til fordel for det private initiativ. Men heller ikkje dette høyrer me om frå partiet sine representantar i den offentlege debatten.

Det synest som om både Høgre og Frp har mista trua. Ikkje på å vinna valet, med på sin eigen politikk. Partia innser at val i Noreg ikkje kan vinnast på å snakka om høgrepolitikk. Dei erkjenner at folk i Noreg stort sett ikkje ønskjer høgresida sine løysingar. Derfor vel dei å ikkje snakka om dei. I staden set dei alt på eit anna kort: Massiv kritikk og misnøyespreiing rundt alt regjeringa gjer.

Det har altså ført til at Erna Solberg klagar over manglande fattigdomssatsing og vegutbygging, og har heilt gløymt at ho sjølv for få år sidan sat i ei regjering som nedprioriterte blant anna desse områda. Siv Jensen klagar på helsevesenet, men har sjølv som leiar av Stortingets finanskomité sydd saman og vedtatt statsbudsjett med langt færre pengar til helsevesenet, færre behandla pasientar og langt dårlegare høve for kommunane til å gje god eldreomsorg enn det dagens regjering har valt. Dette var val dei tok bevisst fordi dei prioriterte skattelette i staden. Dette som del av ein tradisjonell høgrepolitikk: Å redusera det offentlege si rolle. Folk får skattelette, og kan dermed sjølv kjøpa dei tenestene dei ønskjer.

I 2005 var derfor valet klart for mange veljarar: Skal me satsa på meir velferd eller på skattelette? Dei fleste valde velferd. Det er rett og slett ikkje fleirtal for høgrepolitikk i Noreg. Dei fleste av oss ønskjer omfattande fellesløysingar, og er villige til å betala det dette kostar. Både Høgre og Frp har innsett dette. Derfor snakkar dei ikkje om privatiseringa og nedbygginga av offentleg ansvar lenger. Dei vinn ikkje val på slikt.

Men at dei ikkje snakkar om det, betyr ikkje at dei ikkje meiner det. Høgres og Frps program er klare høgredokument. Privatisering og konkurranseutsetjing skal dogmatisk innførast på dei aller fleste samfunnsområde. Staten si rolle skal reduserast, og eigarskap skal seljast ut. Store skattelette skal gjevast – særleg til dei rikaste, som i formueskatten. Høgrepartia står framleis for den same, gamle høgrepolitikken. Dei har berre slutta å snakka om han. I staden nyttar dei eitkvart høve til sterke angrep på regjeringa. Den eine dagen er dei frykteleg imot det regjeringa gjer. Neste dag klagar dei over at den gjer for lite av det dei er imot.

Erna Solberg og Siv Jensen har altså inntatt det interessante standpunktet at Noreg går i feil retning, og at det dessutan går for sakte. Slik sett minner dei meg om Woody Allens historie om dei to sure gamle damene som var på restaurant. «Maten smakte forferdeleg», seier den eine. Kor på ho andre repliserer: «Ja, og så frykteleg små porsjonar då!»

Denne oppskrifta har dei lært frå Sverige og statsminister Frederik Reinfeldt. Eg tør vedda mykje på at minst eitt av høgrepartia har hatt studieturar over grensa for å læra av svenskane sin taktikk. Framfor valet i 2006 tona Reinfeldt kraftig ned den tradisjonelle høgrepolitikken, og brukte heile sin valkamp på å kritisera sine motstandarar. Det vann han valet på.

Det er likevel verdt å ta ein tur til Sverige i dag for å sjå korleis dette eksperimentet gjekk. Reinfeldt gjennomfører klar høgrepolitikk, sjølv om han ikkje snakka om denne i valkampen. Resultatet er mindre rettferd, kutt i kommunane sine velferdsbudsjett, ungdomsarbeidsløysa er tredobla og veksten er halvert på to år. Reinfeldt har falle på meiningsmålingane, mens Sosialdemokratane ligg stabilt over 40 prosent.Eg vil utfordra Siv Jensen og Erna Solberg til å presentera sine politiske alternativ. Og ikkje minst til å stå for sin eigen politikk og snakka høgt om den. Høgre må fortelja at om dei kjem i regjering vil me på nytt få eit frislepp av private skular.

Frp må våga å stå for at dei vil selja ut statlege selskap, energiproduksjon og all statleg eigd jord og skog.

Høgrepartia må visa at dei trur på sine eigne løysingar. Til no har dei vore flinkast til å driva opposisjonspolitikk i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite. Det er sjølvsagt viktig nok. Men det blir ikkje skapt regjeringsalternativ av slikt.