Homogamiet lever lengst

Like barn leikar best, men ekteskapet er ingen leik. Alle må skapa seg for kvarandre.

I DEI FLESTE KULTURAR

er giftarmål for viktig til å overlatast til dei gifteferdige. Ekteskap er seriøse saker som ikkje kan baserast på attrå og andre tilfeldige og forbigåande kjensler. Ved paring er skjønn viktigare enn kjønn.

FORPLANTING

er biologi, men ekteskap er ein fornuftsinstitusjon som sikrar slekt og omsorg, formue og arv. Derfor er arrangerte giftarmål det beste og mest praktiske. Det er eit sosio-historisk unntak at den slags er fritt fram etter noe ubestandig som blir kalla kjærleik. Like barn leikar best, men ekteskapet er ingen leik. Det bør bli par av to som liknar kvarandre. Om dei i tillegg liker kvarandre, er det ein bonus. Om du ikkje får den du elskar, må du læra deg å elska den du får. Alle må skapa seg for kvarandre, uansett.

ENDOGAMI

er ekteskap mellom medlemmer av same gruppe, slekt eller klan. Det beste er å la det bli innan familien. Der er oversikten best og dei gjensidige banda sterkast.

Ved eksogami er regelen ekteskap utanfor eiga gruppe. Det kan vera bra for slektenes gang å få tilført nytt blod, men det viktigaste er å bygga alliansar.

HOMOGAMI

er ekteskap mellom partnarar frå same klasse eller sosiale lag. Det er det normale også i vårt samfunn, sjøl om det romantiske idealet tilseier noe anna. Ein mann frå overklassen finn sjeldan ein partnar langt nede på samfunnsstigen - dersom ho ikkje er ekstremt vakker. Det omvende er endå sjeldnare. Få kvinnelige kapitalforvaltarar er gift med bilmekanikarar.

Ettersom kvinner har hatt lågare utdanning og mindre prestisjefylte jobbar, har ektemannen ofte høgare sosial posisjon enn kona. Men det jamnar seg ut når ein tar med klassebakgrunn. Om legen er gift med ein sjukepleiar, er det ikkje usannsynlig at svigerfaren var overlege eller direktør.

GODSEIGARSTANDEN

er liten og geografisk spreidd her i landet, og skogen er for heilag og udelelig til at dei kunne utsetta sine unge for tilfeldige fristelsar. Derfor blei dei samla til ball i Rokokkosalen på Grand ein gong i året.

Skipsreiarsøner gifta seg med skipsreiardøtre, sjøl om dei hadde med seg meir kulturell enn økonomisk kapital. Men det var ei arbeidsdeling når mannen hadde pengane og kona dannelsen.

EKTESKAPSMARKNADEN

har endra seg. Homogamiet har flytta til arbeidslivet. Eller til det kjønns-utjamna studentlivet, der folk blir rista saman på tvers av klasse, men til gjengjeld innanfor same yrke eller profesjon. Å vera prestedotter var ein førskule i å bli prestekone. Nå giftar prestar seg med prestar og legar med legar. Og sivilingeniørar er gift med sivilingeniørar - til fortrengsel for trondhjæmspian.

DET HAR VORE

for få kvinnelige kapitalistar til å matcha dei mannlige, men det kjem. Og når godt vaksne næringslivsleiarar kvittar seg med den første kona, som gjerne var sjukepleiar eller sosionom, finn dei seg ein yngre, siviløkonomisk kloning. På den kapitalsterke bruktmarknaden er det ei unik erfaring å ha vore gift med ein rik mann. Derfor er Kari Monsen Røkke a perfect match for Petter Sundt. Celina Midelfart og Rema-junior er heller ikkje noe dumt arrangement.

NÅR DET KONGELIGE

avkommet giftar seg i hytt og vær, er det godt at andre held fast på ekteskapet som dynastibygging. Eller forresten: Alliansen mellom Mille-Marie og Rimi-Hagen kan jo også lesast som ei skillingsvise om den vesle kjøpmannssonen som fekk godseigardattera og halve Fritzøehus. Alle blir verdige, når dei er rike nok. Money can buy you love.