<strong>DEHUMANISERING:</strong> Barn på flukt. Enkelte ser bare valdelege pøblar som, om dei får sleppe inn i landet vårt, automatisk vil setje i gong med å øydeleggje og rive ned det vi har bygt opp. Det er hjarterå menneskeforakt, skriv innsendaren. Foto: Louisa Gouliamaki / AFP / NTB Scanpix
DEHUMANISERING: Barn på flukt. Enkelte ser bare valdelege pøblar som, om dei får sleppe inn i landet vårt, automatisk vil setje i gong med å øydeleggje og rive ned det vi har bygt opp. Det er hjarterå menneskeforakt, skriv innsendaren. Foto: Louisa Gouliamaki / AFP / NTB Scanpix Vis mer

DEBATT

Barna i Moria-leiren

Humanisme eller egoisme? Vi må velgje.

Det er over to månader sidan det blei vedteke at Noreg skal ta imot barn frå greske flyktningeleirar. To månader med håpløyse. To månader med politikarar som ikkje tør.

Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Jarl Wåge
Jarl Wåge Vis mer

«Den barmhjertige samaritanen venta ikkje på farisearen og levitten for å forhandle seg fram til ei løysing om kva han skulle gjere med den halvdøde mannen han fann liggande i grøftekanten». Dette utsagnet av Erik Hillestad blei sitert i ein samtale på P2 med Marthe Valle i samband med Olavfestdagane i Trondheim. Ho blei invitert til å lage ein salme over temaet for arrangementet; «ære». Tittelen på salmen er «Ære være vi»

Samaritanen gjekk augeblikkeleg til aksjon og hjelpte mannen som farisearen og levitten like før hadde gått rett forbi.

<strong>VANSKELEG LEKSE:</strong> Mange hundre av dei nær 5000 barna i Moria er heilt åleine. Det seier seg sjølv at mange av dei vil få traume som vil fylgje dei resten av livet, skriv kronikkforfattaren. Her er barn på Lesvos oppteke med å gjera skulearbeid. Foto: Aris Messinis / AFP / NTB Scanpix
VANSKELEG LEKSE: Mange hundre av dei nær 5000 barna i Moria er heilt åleine. Det seier seg sjølv at mange av dei vil få traume som vil fylgje dei resten av livet, skriv kronikkforfattaren. Her er barn på Lesvos oppteke med å gjera skulearbeid. Foto: Aris Messinis / AFP / NTB Scanpix Vis mer

Som nesten alltid når artisten, sjukepleiaren og aktivisten Marthe Valle er i media, dreide samtalen seg mykje om barna i Moria-leiren på Lesvos i Hellas. Ho har vore der fleire gonger som friviljug helsearbeidar og gjev oss rystande augevitneskildringar om tilhøva i leiren. Kvar einaste gong ho er der, roper ho til resten av Europa om hjelp. Desperate rop om hjelp. Med svinnande håp om at hjelpa skal komme.

Leiren er bygd for 3000 flyktningar. Det er mange gonger fleire stuva saman på området. Valle fortel om langt frå tilfredsstillande helsetilbod, vassmangel, og sanitærtilhøve vi knapt kan forestille oss. Det florerer med sjukdomar, infeksjonar, sjølvskading, traume, sjølvmord.

Det er nærmare 5000 barn der. Mange hundre av dei er heilt åleine. Det seier seg sjølv at mange av dei vil få traume som vil fylgje dei resten av livet.

27. mai i år tok regjeringa endeleg på seg den-barmhjertige-samaritan-kostymet sitt og vedtok at Noreg skal hente barn frå flyktningelairar i Hellas. KrF jubla. Dei hadde så inderleg bruk for ein politisk siger etter at dei hadde tapt så det susa når det gjaldt bioteknologilova.

Men så blei ikkje vedtaket så samaritansk som mange hadde håpa. Dei kalla nemleg på førehand til seg både farisearen og levitten for å forhandle.

Vedtaket blei at Noreg skal ta imot nokre av flyktningebarna viss, dersom, så framt. I fall. For det fyrste måtte minst ti andre land vedta det same. Det er i boks. Men Noreg skal òg vente og sjå at dei andre landa oppfyller forpliktingane sine før vi går til aksjon. Det kan gå både vinter og vår før det skjer, så det som skulle vere KrF si prestisjesak, er meir som ein Pyrrhos-siger å rekne.

Noreg fekk det ærefulle oppdraget å dele ut Nobels fredspris. Ei utdeling som kvart einaste år gjev oss internasjonal merksemd. I 1922 blei Fridtjov Nansen tildelt fredsprisen for sin humanistiske innsats for flyktningar og menneskje i naud. Same året han blei utnemnd som Folkeforbundet sin fyrste Høgkommisær for flyktningar.

«Nansenpasset» hjelpte statslause flyktningar så dei kunne krysse landegrenser. Blant anna kunne tusenvis av menneskje komme tilbake til heimlanda sine etter at 1. verdskrig dreiv dei på flukt. Mange russarar flykta frå heimlandet etter den russiske revolusjonen i 1917. «Nansenpasset» blei for dei eit internasjonalt godkjent reisedokument som gjorde at dei kunne reise til og slå seg ned i andre land.

Det Noreg treng no, det Europa og verda treng, er ein ny Fridtjof Nansen. Ei kvinne eller ein mann som er modig nok og sterk nok til å snakke dei svakaste si sak og setje ord om til handling. Det er over to månader sidan det blei vedteke at Noreg skal ta imot barn frå greske flyktningeleirar. To månader med håpløyse, fortviling, liding og fortærande venting. To månader med politikarar som ikkje tør.

For tenk om dei blir oppfatta som for innvandringsvennlege. Tenk om dei skulle få ord på seg for å ikkje vere for ein streng innvandringspolitikk. Måtte Gud forby. Tenk om dei taper stemmar.

Dei veit at innvandringsmotstandarane sit på gjerdet og ventar på å gå til åtak. Eit Frp med laber oppslutnad, sjølv etter at dei gjekk ut av regjeringa, kaprar alltid stemmar på innvandringsmotstand. Den aller viktigaste stemmesankaren dei har. Det aukar populariteten deira blant dei som står enda lenger til høgre politisk. Samtidig veit dei at mange i Ap og Høgre har større sans for Frp sin tydelege motstand mot all innvandring frå ikkje-vestlege land enn moderparti som leflar med humanisme, multikultur og globalisering.

SINNE: Her blir frivillige ved flyktlingleiren Moria, på den greske øya Lesvos, angrepet av menn på motorsykkel. Video: Privat. Reporter: Elias Kr. Zahl-Pettersen Vis mer

No er det ikkje slik at ingen politikarar taler barna si sak. Det har vore stort engasjement for å hjelpe dei. Karin Andersen i SV er ei av dei som utrøytteleg påpeikar at vi har eit moralsk ansvar for å hjelpe. Det er blant anna hennar innsats som fekk ei av dei mest høgreradikale fylgjarane eg har på Twitter til å tvitre dette: «Venstresiden ønsker å ta inn enda flere voldspøbler.»

Enkelte klarer altså ikkje å sjå at barn på flukt er nettopp det; Barn. På flukt. Dei ser bare valdelege pøblar som, om dei får sleppe inn i landet vårt, automatisk vil setje i gong med å øydeleggje og rive ned det vi har bygt opp.

Dette er dehumanisering. Dette er hjarterå menneskeforakt. Dette er dessverre tankegodset til mange i Nobels fredspris-utdelarlandet Noreg.

Men ein slik tankegang må ikkje få setje dagsorden. Vi har eit val. Eit val mellom humanisme og egoisme. Difor treng vi ikkje konturlause Mumle-gåsegg-politikarar, men fleire som tør å gå på ein smell i popularitetskonkurransen for å fylgje i fotefara til Fridtjof Nansen og den barmhjerige samaritanen.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer