Hundre års tosomhet

«Om ein googlar «småbrukar», dukkar det mest alltid opp noe med «og»», skriver Andreas Hompland i søndagskommentaren.

MOTSTANDSDYKTIG: Norsk Bonde- og Småbrukarlag feirer i år jubileum etter 100 år i småbøndenes tjeneste. Men småbrukernes kombinasjoner har ikke alltid vært lette å holde styr på, skriver Andreas Hompland. Foto: NTB Scanpix.
MOTSTANDSDYKTIG: Norsk Bonde- og Småbrukarlag feirer i år jubileum etter 100 år i småbøndenes tjeneste. Men småbrukernes kombinasjoner har ikke alltid vært lette å holde styr på, skriver Andreas Hompland. Foto: NTB Scanpix.Vis mer

SØNDAGSKOMMENTAREN: Ein småbrukar er ikkje ein småbrukar er ikkje ein småbrukar. Det er ein variabel sosial konstruksjon, for å seia det i fagsjargong. Å vera småbrukar er ei valsak for den som eig og brukar jord, ei markering av sosial og kulturell tilhørighet. Norsk Bonde- og Småbrukarlag er eit faglag, men også ein posisjon i den politiske næringskjeda og den politiske økonomien.

I begynnelsen var ordet. Fenomenet var der frå før, men ikkje ordet småbrukar. Det blei importert, konstruert , mentalisert og det tok bolig i språket, organisasjonslivet og klassesamfunnet, ein stad mellom landarbeidar, husmann og bonde. Ved folketeljinga i 1891 var det noen få småbrukarar, i 1910 3.500, i 1920 18.625. på vallister og offentlige protokollar var det ei storstilt gjendøyping av folk frå «Gaardbruger» til småbrukar.

Ei sosial rørsle var i emning, for småbrukaren var ein slags yndlingstype i den nye arbeidsdagen etter 1905, hylla av både politikarar og poetar.

[faktaboks,left]Men den sosiale plasseringa var som poteten, karakteren var uklar og skiftande, og ideologien prøvande og tøyelig. Småbrukaridentiteten måtte skapast, og det hadde mindre med antall dekar enn med politisk deltaking å gjera. Småbrukar var og blei verande eit sosialt og regionalt kjennemerke og eit politisk posisjonsbegrep, og slik har det vore i hundre år.

[factbox,left]Då landbrukspolitikken var ein spennande affære med opptrappingsplan og jamstillingsvedtak i åra etter EF-striden i 1972 og avskallinga i Arbeiderpartiet, mora vi oss i Stortingets presselosje over at Arbeiderpartiets representant frå Nord-Trøndelag, som var gymnaslærer, også var Norges største, organiserte småbrukar med 1014 mål korn — dobbelt så mye som Senterpartiets storbonde Reidar Due.

Dei som skapte småbrukarrørsla, lærte frå den frigjerande husmannsorganiseringa i Danmark. Derifrå kom både praktiske lærdommar og politiske idear. Idealet var sjøleigd jord med eige hus som basis, men med arbeidsinntekt frå ulike kjelder. Slik skulle sjøleigande kombinasjonsbrukarar få fleire bein i stå på i spenningsfeltet mellom ei klassedelt primærnæring og eit industrisamfunn som var i vekst, men under usikre konjunkturar og med mye sesongarbeid.

Ny kunnskap, ny teknikk, kunstgjødsel og betre muligheter til å få lån gjorde det enklare å rydda og driva små bruk med kjernefamiliar som basis. Samvirke var eit alternativ til sosialisme og fri marknadskonkurranse. Og Staten skulle vera attåt. Arbeiderbruk- og Boligbanken blei omdanna til Småbruk- og bustadbanken i 1917.

Den politiske fadderskapen til småbrukarrørsla låg hos Arbeidardemokratane, Johan Castbergs parti på ytste venstre fløy av Venstre-koalisjonen, med tyngdepunkt i Oppland og Hedmark. Jordspørsmålet sto sentralt, med hard skattlegging og ekspropriasjon av ubrukt jord og utstykking og nydyrking på småbruk og arbeidarbruk. Som leiande georgistisk ideolog blei Arne Garborg utnemnd til æresmedlem i Småbrukarlaget i 1922.

For Arbeidardemokratane var den sjølberga småbrukaren eit samfunnsideal som dempande og forsonande element i klassemotsetningane på bygdene, for i det veksande industrisamfunnet hadde dei både ein bit av bonderolla og ein bit av arbeidarrolla.

Dei skulle avgrensa seg frå sosialistiske og eigedomslause proletarar, men også frå Landmandsforbundet, som var «de besiddendes organisation» og stifta Bondepartiet i 1922. Salmediktaren Jonas Dahl sin Bondesang frå 1911, med melodi etter «Rett som ørnen stiger», blei løfta opp som hymne til den eksklusive bondeidentiteten: «All kultur er dyrken, først og fremst av jord».

Arbeiderpartiet var i tvende sinn i høve til Småbrukarlaget og «arbeiderbonden». Dei var mest opptatt av å fagorganisera eigedomslause skog- og landbruksarbeidarar som bare hadde si arbeidskraft å selja. I den marxistiske tradisjonen var det stor skepsis til medvitsnivået hos kombinasjonsbrukarar og parsellbønder, og stor tru på kollektiv og rasjonell stordrift.

På den andre sida ville Hornsrud og etterfølgjarane hans skapa «arbeidernes, fiskernes og de arbeidende bønders parti». Kommunistane hadde også plass for småbrukarane i enhetsfronten. Småbrukarlaget hamna som eit slags husmannsbruk som forlita seg på Arbeiderpartiets sosiale velvilje for dei veike.

Under gjenreisinga etter andre verdskrigen, då produktivismen blei den hegemoniske læra og politikken skifta frå kamp mot krisa til vekst og velstand, blei vilkåra stadig dårligare for småbrukarlina. I det nye hamskiftet skulle ikkje bureising og småbruk lenger vera ein krisebuffer som bidrog til samfunnsmessig stabilitet. Arbeiderpartiet orienterte seg endå sterkare mot økonomisk rasjonell og effektiv produksjon. Landbruket skulle mekaniserast og effektiviserast og strukturrasjonaliserast slik at det kunne frigjerast arbeidskraft til tungindustrien. Kvart gardsbruk skulle vera ei familiebasert produksjonsbedrift med driftsøkonomisk lønnsemd, og dei mange småbruka kunne aldri bli det.

Både Bondelaget og Arbeiderpartiet ville yrkeskombinasjonar og mangesysleriet til livs. Dei ville ha bort ureine kategoriar som skapte uklare mentalitetar og tvitydige posisjonar og samfunnsinteresser. På Arbeiderpartiets landsmøte i 1949 karakteriserte nestformann Trygve Bratteli motstanden mot nedlegging av bruk og flytting frå landsbygda som «reaksjonær romantikk».

FILOSOF OG POLITIKER: Henry George.
FILOSOF OG POLITIKER: Henry George. Vis mer

I dette politiske og samfunnsmessige landskapet manøvrerte Småbrukarlaget for å finna sin plass gjennom diverse hamskifte i landbruket, i det politiserte jordbrukslandskapet, i den offentlige forvaltningas forgreiningar, i omsetningsledda, i den politiske forhandlingsøkonomien og blandingsadministrasjonen. Dei hadde ein forvitrande sosial basis og eit sviktande ideologisk og organisatorisk grunnlag.

På den eine sida blei dei oppfatta som ein makteslaus veslebror til Bondelaget, på glideflukt inn i strukturrasjonaliseringas ubønnhørlighet. På den andre sida som den visnande, landbrukspolitiske greina som Arbeiderpartiet saga av.

Hadde det ikkje vore for at Småbrukarlaget i 1950 blei innskrive i Hovedavtalen for jordbruket som formelt likeverdig part med Bondelaget i forhandlingar og samhandling med regjeringa, hadde dei døydd som organisasjon. Det har sidan vore ei livstrygding i den politiske økonomien. Dessutan hadde dei eit tak i ein spene av statsjuret gjennom landbruksselskapa og heradsagronomane.

Så kom den nye retninga i Småbrukarlaget, med pågåande motekspertise, nye tankar og modellar, venstre-populisme, økologi og ideologisk nyorientering. Lundteigen og Aina Edelmann, mellom andre. Både til høgre og venstre for, og i utkantane av Arbeiderpartiet, men ikkje midt i. Dei har hatt meir innflytelse fordi dei har bygd alliansar utanfor landbruket og vore kvalitativt alternative, enn fordi dei har vore kvantitativt tunge. Geit og sauer blei ålreite dyr.

Hundre års tosemd må forståast dobbelt. Norsk bonde- og småbrukarlag har levd hundre år i skiftande samforstand og strid med Bondelaget, og med Staten. Og ein småbrukar er alltid litt av kvart: jordbrukar, men også noe i tillegg. Stadig sjeldnare skogbruk, fiske og industri, men oftare i kombinasjon med offentlig eller privat tenesteyting i mange forvitnelige dobbeltheter.

Om ein googlar «småbrukar», dukkar det mest alltid opp noe med «og»: småbrukar og vertshuseigar, fylkeslege og småbrukar, lærar og småbrukar, småbrukar og ordførar, veterinær og småbrukar, jeger og småbrukar, fiskar og småbrukar, småbrukar og kulturkonsulent, skribent og småbrukar.

Småbrukarlaget har gått mange meir eller mindre gylne omvegar og glytta på ulike vindauge i historia; dei fleste er blitt lukka. Når rørsla har overlevd i hundre år, må det vera på grunn av seigliva fleksibilitet og stadig nye kombinasjonar, men også gjennom politisk livstrygding. At den polisen overlever med eit blå-blått regime, må du langt inn i byen for å tru på.