FEKK BUNAD: Solveig Aareskjold med sonen Jone Aareskjold, som ville ha rogalandsbunad. Det fekk han, men ikkje utan hindringar. Foto: Privat
FEKK BUNAD: Solveig Aareskjold med sonen Jone Aareskjold, som ville ha rogalandsbunad. Det fekk han, men ikkje utan hindringar. Foto: PrivatVis mer

Debatt: Bunadspoliti og bondefangeri

Husfliden har teke monopol på folkekulturen

Den norske bunadskulturen er ei underleg greie. 

Meninger

«Det viktigaste eg lærte av å veksa opp på gard, var arbeidsglede,» sa den eldre kvinna som eg sat attmed på eit kulturarrangement på Jæren her for litt sidan.

Eg kunne ikkje vore meir einig. Trass i at det var lange og tunge arbeidsdagar i jordbruket, kom me begge ut av det med kjensla av å meistra det meste, ein uforferda sjølvtillit som kunne verka støytande på folk frå urbane strok.

På slutten av tenåra såg eg ei lekker vinterkåpe i eit blad, mykje flottare enn dei som fanst i butikkane, figursydd i italiensk ullklede. Den einaste som kunne skaffa slikt stoff, var ei dame som dreiv eit slags motehus i Sandnes sentrum. Ho prøvde å overtala meg til å overlata både tilskjering og saum til henne, så slapp eg å dumma meg ut i ei kåpe som lyste heimelaga lang veg. Men det enda med at ho sukka tungt, la rullen på bordet og klipte av to og ein halv meter.

Både mor og far stilte seg hundre prosent bak prosjektet, sjølv om stoffet kosta meir enn ei ferdigsydd konfeksjonskåpe. Me sparte i alle fall ein dryg halvmeter på at mor hadde ein snedig måte å leggja mønsterarka på. Den skarpe saksa hennar flaug gjennom det dyrebare kledet, og så var resten opp til meg. Kåpa har eg enno, så dersom nokon trur at motehandlaren fekk rett, kan dei stikka innom og sjå sjølve.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sidan har eg designa og sydd nesten alle kleda til meg sjølv, og til son min då han var liten. Så då han som vaksen mann og innflyttar til Oslo kom og ba meg om å laga rogalandsbunad til han, opplevde eg det ikkje som meir enn ei middels utfordring. For norske bunader er mykje enklare i snitt og passform enn figursydde kåper. Alt eg trong, var eit enkelt grunnmønster og nokre meter med stoff. Men dei hindringane eg møtte, var mykje verre enn motehandlaren på Sandnes.

Bunadsforretningane her i nærområdet leverte berre ferdig klipt stoff. Husfliden i Oslo hadde rullar med vadmål i hyllene, men inga makt i verda kunne få personalet til å klippa av nokre meter til meg. Så det var ikkje anna å gjera enn å akseptera at sånn var reglane. Butikkdama mælte son min på kryss og tvers og gjorde detaljerte notat. Og sjølv om 12.500 kroner er minst fire gonger så mykje som tre meter vadmål, 60 cm silkedamask, halvannan meter lin pluss tråd og forsaker kostar under normale tilhøve, slo eg meg til tols med at det var prisen for ekte skreddarklipping hos den fremste folkedraktsforretninga i landet.

Då eg henta materiala nokre veker seinare, blei eg fleire gonger spurd om eg trudde eg kunne dette, jamvel etter at eg hadde betalt og var på veg ut. Men det rette spørsmålet er om Husfliden er i stand til å leva opp til det nasjonale hegemoniet sitt.

Den norske bunadskulturen er ei underleg greie. På nasjonaldagen strøymer folk ut i gatene kledde i leivningar frå eit primitivt stammesamfunn, dyre i innkjøp og upraktiske i bruk. Likevel vil fleire og fleire ha dei, og det er påfallande kor stolt både kvinner og menn går og briskar seg i lag på lag av tunge ullstoff, søljer og sølvknappar, grove strikkestrømper og stive linskjorter.

I røynda er folkedraktene sjeldan eldre enn nasjonalromantikken, verken i Noreg eller andre land. Dei særskilte tartanvevnadene som kjenneteiknar klanane i Skottland, blei ikkje etablerte før på attenhundretalet. Og i fjernsynsserien «Downton Abbey» har tenarlivreen same slags klaffar over bakenden som det er på trøyene på mesteparten av dei norske mannsbunadene.

Tradisjonelt har heller ikkje materiala vore meir enn delvis heimeavla. Ein kunne halda sauer til vadmål og dyrka lin på eigen åker, men silken og brokaden måtte importerast. Det er måten det heile er sett saman på, den kaute pranginga med status og symbolikk, som gjer moderne bunader til noko meir enn eit patetisk forsøk på å gjenskapa gamle dagar: Sjå kva eg har råd til! Sjå kva eg – eller kona mi eller mor mi – kan!

I tida før 17. mai reklamerer allslags billigbutikkar med flagg og folkedrakter produserte i Asia. Husfliden speler på det ekte og opphavlege: «Vi har det originale bunadstilbehøret». Kor det er laga, og av kven, seier dei ikkje så mykje om, og det same kan det vera så lenge dei betaler arbeidsfolka skikkeleg. Men ved å nekta kundane å kjøpa stoff metervis, ved å halda tilbake det originale snittmønsteret som om det var ein privat forretningsløyndom, har dei teke monopol på folkekulturen, til stor skade for den nasjonale husfliden som dei påstår at dei representerer.

Då eg pakka ut dei dyrebare stoffstykka heime i Rogaland, fekk eg den eine forskrekkinga etter den andre. Trass i dei ni-ti tusen kronene eg hadde betalt for tilskjeringa, måtte eg sjølv klippa utsnitt til lommene, ei nervepirrande oppgåve når eg ikkje hadde ei ekstra lengd med stoff å gripa til i tilfelle skamklipp. Dei raude remsene til kanting måtte eg like eins klippa sjølv, og det stod ingen stad i rettleiinga verken kor breie dei skulle vera eller korleis dei skulle monterast.

Ved første gongs prøving viste det seg at trass i all mælinga var passforma elendig, sjølv for eit så pass lausthengjande kledebon som ein mannsbunad. Eg ringte til Husfliden, som forsikra meg om at tilskjeraren deira var blant dei fremste i faget. Men både bukse og trøye måtte takast inn så mykje at det hadde vore raskare å skjera til alt saman frå grunnen av. Skjorta var derimot for trong, og kunne berre gjerast brukande ved at eg sløyfte dei obligatoriske dobbeltsaumane og pressa ned saummonet til tre-fire millimeter. Som om ikkje det var nok, var halsringinga for vid til halslinninga.

Evna til å improvisera er grunnstamma i all velfungerande folkekultur. Så òg i den som har blitt overlevert til meg gjennom besteforeldre og oldeforeldre heilt tilbake til steinalderen. Eg kutta litt her og skjøtte litt der, og 17. mai stod son min og skein i vadmålstrøye og vadmålsbukse, brokadevest, linskjorte og sølvknappar, eit ekte produkt av mødrers flid i uminnelege tider.