Husholdningsregnskap Nærbilder

Funderingsbok frå original bokkunstnar.

BOK: Eg veit ikkje korleis andre har det, men for meg har det alltid vore noko svært sympatisk over det den mangfaldige kunstnaren og forfattaren Gerhard Stoltz har gjort. Først lærte eg han å kjenna som ein noko Klee-påverka illustratør og forfattar. Han laga sterkt personlege bokomslag og visuelt leikande illustrasjonar til Einar Økland sine bøker, òg til sine eigne.

I tillegg til dette har han hatt utstillingar og utført fine utsmykkingsarbeid på sjukehus, skular, flyplass og andre plassar.

Kvardagslege ting

Nå har han landa på bordet mitt med ei bok full av dei mest vanlege ting, fotografert og omskrive i stramme små tekstar, alle med to gonger tre linjer.

Illustrasjonane er i svart kvitt, og er nærast som ei peikebok for vaksne; eit gammal dørhandtak, eit golv, ein kjøkkenkniv, eit bordbein, ein stikkontakt. Som fotografi og reproduksjon er dei ikkje storarta i seg sjølv, nokre av dei kunne vore tydelegare. Men i saman med teksten oppstår det eit spennande spel:

Stikkontakten tilbyr makt og innflytelse.

Ubegrenset mengder av ren, hvit makt til

hva som helst, umiddelbart: Slå til.

Jeg inviterer, jeg spanderer. Dette er

en gave, og det eneste eg forventer i

retur er lojalitet. Til en fast, lav pris

Artikkelen fortsetter under annonsen

På denne måten koplar Stoltz dei kvardagslege og sjølvsagte tinga opp til eit nett av assosiasjonar som finst der, men som me til vanleg ikkje tenker over. Det er veldig effektivt gjort, og med sin underfundige og lågmælte tone maktar han å visa at nettopp det som er «nærbilde», også er berarar av større samanhengar. Kvar kjem straumen frå? Kva slags makt kan den gje oss? Kor avhengig er me av denne kvite makta? Kor hjelpelause blir me om me ikkje er lojale?

Under oss alle finst det til vanleg eit golv. Også dette får sin filosofiske fundering av Stoltz:

Gulvet eier verden. Hvilken verden

vil bli eiet? Det er ikke nok å være

gammel og velbrukt. Det er nok å være.

Meditasjonsbok

På mange måter ei form for meditasjonsbok som presenterer objekta kring oss, med eit vers som opnar for vide assosiasjonar, samstundes som mykje vert att til lesaren å fundera over. Ingen grelle fargar, ingen store ord, men, som det heiter til eit foto av eit par kroker på ein vegg:

«Den som skal fange et håndkle, en skjorte,/ en gummistrikk, må være meget stille.»