Hva Snåsamannen kan

Trua på vitskap og teknologi i den såkalla moderne verda har forlengst passert trua på det vi ikkje kan sjå med eigne auge. Vi vil ha bevis før vi kan tru, og det som ikkje kan forklarast ved hjelp av dei fysiske lovene, er ikkje verdt å bruke tid på. Men vi trur som berre juling, det er ikkje det: I Vesten har vi fått ei knallhard og tilnærma religiøs tru på ei hypermoderne framtid, som har som mål å verte så brukarvenleg og friksjonsfri at vi nesten slepp å leve. Det snodige er at dei fremste representantane for slikt har det med å kalle seg ateistar. Men dei sterkaste reaksjonane kjem alltid når det er snakk om bruk av dei udefinerbare og gode kreftene. Då er du nemleg naiv. Men faenskapen får som regel fritt spelerom i samtida, og blir løfta fram på gullstol. Frykta rår, og i staden for å vere eit lys i mørket, bukkar vi under og lærer oss tome fraser som «ja, slik er det blitt no.» Feigskap er eit annan ord.

I Dagbladet 24.12 krev Even Gran i fritanke.no vitskaplege bevis for at Snåsamannen verkeleg har helbredande hender. Og ein trengde ikkje vere synsk for å forvente ein slik reaksjon etter all mediedekninga av Joralf Gjerstad den siste tida. Her til lands godtek vi berre overnaturlege krefter så lenge ein kan vise til etnisitet eller kjempelang tradisjon. Indianarane må gjerne danse rundt totempelen, og den samiske sjamanen skal få halde fram med å tromme vekk dei onde andene. Ei latterleggjering av ei urbefolkning sine andelege tradisjonar, er nemleg som rasisme å gjere. Då er det langt enklare å vere kritisk til vår eigen Snåsamann og engleskulen til Prinsesse Märtha, i staden for å løfte dei fram for å tru på at det finns gode krefter i og rundt oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tidlegare i haust var det mange offentlege personar som reagerte med sjokk og vantru på at eit sjukehus i Asker hadde søkt hjelp hos synske personar for å drive ut gjenferd som plaga pasientane på nattestid. Høgre sin helsepolitiske talmann, Inge Lønning, meinte det var uhøyrt at statlege midlar vart brukte på det han karakteriserer som kvakksalveri, og sa mellom anna til Dagbladet: «Dette bare illustrerer sannheten om at verden vil bedras. Men jeg synes ikke det er helsevesenets oppgave å betale for det. Her kjøper man inn en ikke-eksisterende kompetanse, og jeg håper dette er et ulykkestilfelle. Dette kan umulig være en del av helsevesenets oppgave.» Vidare meiner teologen Inge Lønning at saka hadde fortona seg annleis om det var ein prest som hadde stått for utdrivinga av dei uønska gjenferda : «Men jeg tror ingen prester ved sine fulle fem konverserer med de døde» sa Inge Lønning til Dagbladet. La oss då presisere at konversering med Jesus er unntaket frå regelen. Men her krev ikkje slike som Even Gran vitskapleg prov. Paradoksalt nok hevdar han at det like gjerne kan vere placeboeffekta som kjem med ei hjelpande hand i enkelte tilfelle. Sjølv placeboeffekten manglar vitskaplege prov, anna enn at den faktisk fungerer frå tid til annan. Innimellom blir dødsdømde kreftpasientar friske som ved eit trylleslag, utan at legane har noko vitskapleg forklaring på kva som har skjedd. Men kva skal ein vitskap i slike tilfelle? Takksemd er jo meir enn nok.

Både Visknut, Marcello Haugen, Joralf Gjerstad og prinsesse Märtha er døme på menneske som har vore og er i kontakt med uderfinerbare krefter i og rundt oss menneske. Sjølv treng dei ikkje vitskaplege bevis for å kunne gjere dei gode handlingane sine, og langt mindre krev vi alle bevis på at ekte og utilslørt kjærleik har noko ved seg. Kva med å teste om kjærleik faktisk fungerer - i Schrödingers katt i NRK? For så lenge vi ikkje kan kome med vitskaplege bevis, så heng vel òg denne kvakksalvaraktige verksemda i ein tynn tråd, eller?

Det har vist seg mange menneske med såkalla overnaturlege evner opp igjennom tidene, men som regel får dei størst tiltru lenge etter sin død. Så lenge dei lever blir dei ei altfor stor utfordring for samtida. Éin ting er å vise folk kven dei er, ein anna ting er å vise dei kven dei ikkje tør vere. Då er det tryggare å søke ryggdekning i den nye religionen; vitskapen.