"LANDBRUKSINSTITUTTET":  Julie Brodtkorb vikla seg inn i Listhaugs bondeflokar, noe ho skulle vera rimelig kompetent til som tidligare bondekone i Aremark og rådgjevande lobbyist med hemmelig kundeliste. Foto: Lise Åserud / NTB SCanpix
"LANDBRUKSINSTITUTTET": Julie Brodtkorb vikla seg inn i Listhaugs bondeflokar, noe ho skulle vera rimelig kompetent til som tidligare bondekone i Aremark og rådgjevande lobbyist med hemmelig kundeliste. Foto: Lise Åserud / NTB SCanpixVis mer

Hver fallen er en venn

Hovmod ei politisk dødssynd og står for fall.

Kommentar

DENNE VEKA vedtok regjeringa å bevara Høgblokka som fortidsminnesmerke over den sosialdemokratiske orden. Etter det verdikonservative mottoet «rive for å bevare» skal Y-blokka fjernast så Arne Garborg får lys på sin plass som nå ligg i Haugtussa-mørke. Dagbladets spaltist Kjetil Rolness tar på seg ære for løysinga med ein Pikenes-variant av Trygve Bjerkrheims bedehus-salme frå Ønskekonserten: Det er makt i de skrivende penner.

TIDLIGARE FORSVARSSJEF Sverre Diesen meiner at kontreadmiral Louise K. Dedichen førte ein velregissert PR-kampanje for å bli sjef. I høgare offiserskretsar var det ei gjengs oppfatning at ho var dårligare kvalifisert enn Diesens dåverande sambuar. «Gjengs oppfatning» er sannhetsbevis av høgare grad enn «gode, men ubekreftede rykter», altså bare ein halv stanghelle. Då Dedichen vann i Høgsterett, tok Viggo Johansen i Dagsrevyen i bruk heile sitt breie repertoar av spørsmål over lesten «hva-følte-og-tenkte-du da». Og Dedichen svarte etter alle medierådgjevarars hjarte med å by passe mye og passe emosjonelt på seg sjøl. Det ville ha vore ein insinuasjon å tru at ho ikkje hadde rådført seg med sin sambuar, Mette-Marits bror, adm. dir. Per Høiby i First House, den utagerande femte statsmakt, i opprykksposisjon.

EIT GODT, men ubekrefta rykte vil ha det til at Henning Kvitnes skal underhalda på neste firmafest i First House med songar frå sitt album «Evig eies (kun et dårlig rykte)». I duett med Bjarne Håkon Hanssen skal han framføra «Han jeg engang var». Morten Wetland skal ha andrestemmen på «Fortidens dager». Vi er så få her i landet, hver fallen er en bror og venn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

HARALD STANGHELLE har med sitt tunnellsyn på Hans Hellighet mye av æra for at Thorbjørn Jagland (63) blei uavsettelig i Nobelkomiteen. I vårt lille land kan det tolkast som innløysing av ein tilgodelapp etter at Jagland heldt takk-for-maten-talen då Stanghelle (58) fylte 50. Eit godt, men ubekrefta rykte vil ha det til at Arne Brimi måtte sendast til Paris for å skaffa trøflar.

MENS ERNA SOLBERG var borte i Danmark og uttrykte skuffelse over at danskane er så nøgde med at dei blei kvitt oss i 1814, stelte Julie Brodtkorb heime på statsministerens kontor. Der vikla ho seg inn i Listhaugs bondeflokar, noe ho skulle vera rimelig kompetent til som tidligare bondekone i Aremark og rådgjevande lobbyist med hemmelig kundeliste. Likevel gjekk det galt då ho forklarte det ho kalla «landbruksinstituttet». Det er handlingsregelen for landbruksforhandlingar som Fremskrittspartiet er prinsipielt mot, men som matminister Sylvi Slyehaug (First House) nå er like bekymra for, som Per Sandberg er for ansvarsløysa til dei kristelige og liberale minipartia. Den som virkelig prøver å svinga seg opp til solkonge i den landbrukspolitiske klassekampen, er Knut Storberget frå det røde fylket, Hedmark: «Landbrukspolitikken styres nå fra mitt kontor!» Det er uklart kva han er rusa på, profesjonell fråhaldsmann som han har vore. Uansett er hovmod ei politisk dødssynd og står for fall. Særlig etter himmelfarten.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook