INKONSEKVENT: Dagen etter at fotballpresident Yngve Hallén (bildet) stør kravet om opne kanalar, bønfell han styresmaktene om det motsette,» skriv artikkelforfattaren. Foto: Gorm Kallestad / Scanpix
INKONSEKVENT: Dagen etter at fotballpresident Yngve Hallén (bildet) stør kravet om opne kanalar, bønfell han styresmaktene om det motsette,» skriv artikkelforfattaren. Foto: Gorm Kallestad / ScanpixVis mer

Hykleri av Hallén

I høyringssvaret går NFF sterkt mot at cupfinalen og herrelandskampar skal måtte gå på opne kanalar.

23. september i år deltok fotballpresident Yngve Hallén i nettprat i regi av Norsk Fotballforbund (NFF). Fleire raser over at dei ikkje fekk sjå den avgjerande EM-kvalfiseringskampen mot Danmark utan å måtte inngå eitt års bindingstid til Canal +, altså betale 3288 kroner.

Aldri før i moderne tid har ein så viktig norsk landskamp vorte sett av så få. Yngve Hallén svarer då at han er sterkt mot betalingsfjernsynets praksis: «Vi har spilt inn hvor viktig det er at våre kamper går på åpne kanaler i Norge».

Den same forsikringa kom han med like etter slaget i København. «Generelt kan jeg si at vi ønsker at landskamper skal gå på åpne kanaler», sa han til aftenposten.no den 7. september under overskrifta «Fotballpresidenten misfornøyd med Canal +. - Landskamper bør gå på åpne kanaler».

Dagen etter nettpraten sender NFF ei viktig høyringsfråsegn til Kulturdepartementet. Saka gjeld såkalla listeføring, det vil seie at dei mest omtykte idrettshendingane skal vere tilgjengelege på opne TV-kanalar.

No er tonen ein annan. For i høyringssvaret går NFF sterkt mot at cupfinalen og herrelandskampar skal måtte gå på opne kanalar. Det kunne vere «ødeleggende for verdien norsk fotball vil kunne få for disse kampene i framtida» (Høyringssvar frå NFF, 24. september 2011).

Artikkelen fortsetter under annonsen

SATSER PÅ HUITFELDT: «La oss håpe kulturminister Anniken Huitfeldt har mot nok til å stoppe ein fotballpresident på vidvanke,» skriv statsvitar og fotballtrenar Svein Tuastad.
SATSER PÅ HUITFELDT: «La oss håpe kulturminister Anniken Huitfeldt har mot nok til å stoppe ein fotballpresident på vidvanke,» skriv statsvitar og fotballtrenar Svein Tuastad. Vis mer

Dagen etter at fotballpresidenten stør kravet om opne kanalar, bønfell han altså styresmaktene om det motsette. Verre ennhykleriet er det likevel at NFF undergrev sin eigen, særeigne kvalitet. For den unike deltakingssuksessen i norsk fotball heng saman med at breidda med sin gratisinnsats garanterer rekrutteringa til toppfotballenmedan eliten motiverer. NFF har halde topp og breidde saman, men svekkjer no dei sterke banda.

Det er forbausande korttenkt. I fjernsynsavtala for 2013- 2016 får NFF og Norsk toppfotball 400 millionar i året; kvar eliteseriekamp gir mellom ein og to millionar i kassa. Landslagets kamper er litt dyrare, men striden gjeld berre tre eller fire bortekampar i året- mellom ein og to prosent av dei inntektsbringane kampane.

NFF burde bidra til at alle fekk sjå desse kampane utan å betale ekstra. I staden gjer Hallén og co. det motsette, og set dessutan fotballens omdøme på spel. Der jo ikkje billig. DnB NOR har alt trekt seg som hovudsponsor (tap av 20 millionar i året), og Norsk Tipping vil kanskje gjere det same (tap av 56 millionar i året). For alt vi veit treng ikkje listeføringa føre til lågare inntekter.

Det norske landslaget skal ikkje primært vere ein pengemaskin. Det skal vere eit flaggskip som via TV-skjermer samlar fotballfamilien. La oss håpe kulturminister Anniken Huitfeldt har mot nok til å stoppe ein fotballpresident på vidvanke.