DEBATT

Hyllest til menskoppen

En mann om mensen-innovasjon.

Hyllest til menskoppen
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Gratis kondomar kan du finne på alle helsestasjonar, men gratis bind, tampongar og menskoppar skal du leite lenge etter. Trass alt, å ha sex er jo noko som vi ikkje har kontroll over, det er ein syklisk ting som kjem av seg sjølv, medan menstruering er eit valg som folk tek.

Men om du absolutt er ein sånn sta person som må menstruere heile tida, så forstår eg jo at det er irriterande kor dyrt det er med bind og tampongar. Ei kvinne brukar i snitt 30 000 kroner på slikt i løpet av livet. Då kan det vere greitt med eitt produkt som fyller same funksjon for to hundre kroner, og det er der menskoppen kjem inn.

Den krever sjølvsagt vasking og fornuftig bruk, men om du klarer å halde tennene dine reine så har du alt eit forsprang. Tennene er mykje meir kompliserte å halde styr på, dessutan kan du ikkje ta dei ut, vrenge og skylle dei.

Diverre er eg ein mann, og vil aldri få gleda over å samle opp mensblodet mitt i ein kopp. Men eg likar patenten kjempegodt. Og du veit aldri når du kan få bruk for ein liten skvett mensblod, som du med menskopp no kan bere skvulpande med deg overalt. Signering av kontrakter, kroppsmaling, jage vekk menn som har angst for naturlege kvinnelege funksjonar og dermed kan ha det så godt, sånne ting.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer