DA GUNGERD WIKHOLM DEBUTERTE, skreiv poet og tidlegare kulturminister i Finland, Claes Anderson: «När jag läser de här dikterna känner jag tillförsikt och glädje.» Les poet og diktlærer Helge Torvunds leksjon om den finsksvenske forfatteren. Foto: LENA MALM
DA GUNGERD WIKHOLM DEBUTERTE, skreiv poet og tidlegare kulturminister i Finland, Claes Anderson: «När jag läser de här dikterna känner jag tillförsikt och glädje.» Les poet og diktlærer Helge Torvunds leksjon om den finsksvenske forfatteren. Foto: LENA MALMVis mer

I alle landskap må ein vera hjå seg sjølv

Gungerd Wikholm skriv i spenninga mellom det spørjande og undrande og det som brutalt markerer sitt maktrevir.

(Dagbladet): 

Denne dagen blir varm, alle har gått ut av husa

ved vegen lastar ein gammal mann ferskt gras

i kjerra syng ei lita jente om kjærleik, kjærleik

Me sit her blenda av eit sterkt lys Ja,

ei lita stund har me vassa i sølv, i vatn

som gjentek seg sjølv utan at me vert leie Ei lita stund

har eg kjærteikna magen din som av og til liknar magen til eit barn,

sett hendene dine som har rørt ved bokpermar, kvinnekjønn

Du i di forteljing, eg i mi og dagen langsamt på veg

me ber med oss også det me ikkje har vore med på

(frå «Anhaltar, svarta och röda»)

Det finst ei linje i den finlandssvenske lyrikken som krinsar om den sårbare tryggleiken, ei dikting som med opne auge skildrar personleg observerte detaljar i ein spenningsfylt kvardag, i ei diskutabel samfunnsform, og som gjennom diktet opprettar ein direkte kommunikasjon på eit relativt enkelt og forståeleg språk med ein lesar som skrivaren oppfattar som likeverdig. To markerte representantar for denne skrivestilen er Claes Andersson og Tua Forsström. Men her skal det handla om ein annan poet som har skrive innanfor denne linja, nemleg Gungerd Wikholm. Ho er fødd i 1954. Ho har arbeidd som radiojournalist og debuterte i 1982 med diktsamlinga «Torplandet». Alt i debutboka etablerer ho eit motsetnadspar som kjem til å prega forfattarskapen, spenninga mellom det spørjande og undrande og det som brutalt markerer sitt maktrevir.     

Fanny, dine tynne øyre

nå så gjennomlyste av sol

ditt mjuke, fjonete bakhovud

alle tra på jorda pustar gjennom det

deg kan ein drepa som skogane

langsamt eller fort og totalt

augo dine er kvart lauv som ennå lever

som spring ut og tek inn sola

din lått er skogane sin morgonlyd

(frå «Torplandet»)

Ho fekk stor merksemd alt ved debuten. Og dei to følgjande samlingane «Aria»  frå 1987 og «Anhalter, svarta och röda» som kom ut i 1990, fekk òg mykje positiv omtale og fekk òg merksemd i grannelandet Sverige. Seinare har ho publisert diktsamlingar som den i 1993, med den fine tittelen «Ur vattnets arkiv» i 1993 og «Stora dagen, lilla natten» i 1995. I 1999 kom boka «Brokadstaden». Poet og tidlegare kulturminister i Finland, Claes Anderson, skreiv ved debuten til Wikholm: «När jag läser de här dikterna känner jag tillförsikt och glädje. Utan att vara programmatiska eller förenklade formar de sig till ett försvar av, och en hyllning till, de centrala livsvärdena; kärleken, vänskapen, glädjen, växandet och självrespekten.»  

Kanskje er det lett å vera eit tre

Det finst folk som trur at trea ikkje

har noko minne Dei blømer når dei må

Vatnet rører seg i dei Menneskja har blod

i sine årer Dei lever i augneblink

mellom tid og tid Barndommen er ein kaskade

av blåveis Kattungar

Ein rød kvist slår og slår i lys, mørker

I eit rom utan vegger og tak

(frå «Aria»)

I boka «Författaren själv» skriv Gunderd Wikholm i 1993 om sitt arbeid som poet: «Att befinna sig i en berättelse: man vill båda stanna i den och slita sig lös. Mänskorna, tingen. Närvaron, frånvaron. Att utgå fran dammet under sängen, hår och naglar. Vad blir kvar?» Og vidare «Det finns ingenstans att fly: i alla landskap måste man vara hos sig själv, sin egen svett.»

Det er godt å stå tidleg opp om morgonen

medan lufta ennå er klar og svalar

langs håra på dei nakne armane Å stå lenge

i det opne vindauget når blygskapen og skamma

er langt borte Å koka ei suppe før

klokka er ni og la draumane frå natta

blanda seg med lauk og pepar og tomat Det er godt

å opna ei bok når dagen ikkje er komen

lenger enn til middagstid Medan alle sjansar

ennå finst Å skjera opp brødet, kjenna det

mot tennene og minnast kornet på åkeren Valmuen

sine røde flekkar frå ei anna tid

(frå «Aria»)

I ein mail til meg skriv ho: «Under de senaste femton åren har själva levandet tagit mest plats, dvs. familjen med två flickor, som nu är vuxna 20 och 22 år gamla, och som sagt radioarbetet.» Om den siste diktsamlinga ho har publisert,» Brokadstaden» (1999) skriv ho på sitt særprega vis at «Temat är kanske: genom att skriva skaffar man sig en värld man inte har, men längtar efter. Gamla kinesiska dikter, Damen med enhörningen, gobelängvävarna i Paris var några av ingivelserna till boken. Min farmor vävde, jag skriver.» Ho er openbart svært glad i arbeidet sitt som radiojournalist og veit ikkje om ho kjem til å skriva fleire diktsamlingar. Men ho held skrivekurs og seier at ho kanskje kan koma til å publisera prosa i framtida. Men det er lov å håpa. I eit intervju seier ho i alle fall: «I dag håller jag fast vid Adam Zagajewskis ord: "Tala lugnare, du är inte ung längre. Ge inte upp poesin!»

I sin eigen poesi kan Gungerd Wikholm møte oss med ein fridom i innfallsvinkel og ein sær stil som kan minna om Saarikoski. Samstundes har dikta heilt klart den styrke at Saarikoski ikkje kunne ha skrive nett slik som ho gjer:  

Snitt meg og ut skal renna mold, turr og grå

Eller mørk og tung etter lange regn

I barndommen regna det meir enn minne veit

Alltid nakne kne blant klistrande lauv

Den røde støvelen vart borte for alltid i gjødselshaugen

Vart sugd opp av Gjødselskongen sitt røyr langt inne i jorda

Jorda, den er inni noko anna enn utanpå

(frå «Ur vattnets arkiv»)

Som radiojournalist har ho arbeidd med å lage lange essayistiske program om poesi, om populærmusikk, om samtid og fortid. Ho har intervjua Saska Saarikoski om den berømte faren som denne har skrive bok om, og ho har laga program om irske poetar som Paul Muldoon. Wikholm makta med si dikting å koma inn i ein alt etablert skrivestil og temakrins, og der med ei personleg røyst og sin eigen «andedräktspoesi» markera seg som ein sjøvstendig poet:

Andedraget, andre sitt og mitt eige, reddar meg igjen

Det er ei byrjing, det gjer mørker til lys

Let mørkret vera heit og heilt

Nå er det tid for å gå stille gjennom natt og gras

tid for å elska det ein har

(frå «Ur vattnets arkiv»)

Artikkelen er ei omarbeidd utgåve av ein artikkel som først stod i Lyrikkmagasin, nr. 7, 1996.

Helge Torvund er forfattar, kritikar og diktlærar i Dagbladet.nos forum Diktkammeret.

NYE SNARVEIER INN TIL KAMMERNE!
• Skolekammeret: db.no/ungdomsdikt 
• Diktkammeret: db.no/dikt