I følge med vinden

BOK: Mannen bak denne diktboka, Abbas Kiarostami, er mest kjend som filmregissør og har vore hovudgjest på festivalen «Film fra Sør» i 2006. Men han byrja eigentleg som målar og illustratør etter avslutta utdanning ved Kunstakademiet i Teheran. Han er openbart ein mangesidig kunstnar og har nyleg også vist fotografiske arbeid her i landet gjennom si utstilling med enkle, klare og vakre seriar som «Shadows in the Snow» og «Untitled» på Stenersen museet. Nå vert han altså presentert som poet med ei gjendikting av si debutbok. Boka er alt omsett til engelsk, tysk og fransk og har eit preg av å vera skriven av ein mogen kunstnar. Ein iransk filmskapar som står fram frå eit språkområde der me er mest kjent med poetar som Rumi og Khayyâm er ikkje kvardagskost her i landet. Men når alt kjem ned på det planet som verkeleg har betydning for ein som lesar, så er det bare ein ting å seia: dette er god dikting! Det er så reint og vakkert, så konsentrert som meisterlege kortdikt kan vera, ikkje ulik haiku, men likevel annleis, og så visuelt konkret at ein tenkjer at, ja, nett slik kan ein fotograf og filmskapar sjå det. Kullgruvearbeiderne,ingen av dem såvinterens første snøfall. Her er observasjonar av skulebarn og jernbanespor, vind og tre, fugleskræmsel og månedikt. Her er innblikk i lagnadar: Den fødeklare kvinnenligger våkenomgitt av fem døtre og mann som sover. Og ikkje minst mange fine observasjonar av barn: Vårvindenblar i lekseboken.Barnet soverpå sine små hender Nina Zandjani har skrive eit lettlest og informativt forord om inspirasjonskjeldene til Kiarostami og om dikttradisjonen som ligg bak. Den norske versjonen har kome fram som eit møte mellom Zandjani sine råomsetjingar frå persiske originalar, og Ruste si omsetjing frå den engelske versjonen.Den norske forma fungerer gjennomgåande svært bra for denne lesaren. Dette er ein poet som har auga for dei små detaljane som er berar av fortetta betydning i eit større bilete. Og motsetnadane som finst der. Hundre lydige soldatergår til brakkenetidlig en måneskinnskveldUlydige drømmer