I front for skulen

UTDANNING: Dagbladet ber lærarane stå i front for dei faglege utfordringane som lærarar og skule møter i vår tid. Vi svekkjer rekrutteringa til skulen når vi heile tida står fram og uttalar oss som “tarifforganisasjon", hevdar avisa.

No er det fristande å svare at dette kan han eller ho umogleg vite, når ein ikkje eingong omtalar oss med rett namn. Kjære Dagbladet, namnet vårt er Utdanningsforbundet. Utdanningsforbundet er både ei fagforening og ein profesjonsorganisasjon. Det går faktisk an å stå støtt på begge desse beina. Men dersom Dagbladet berre nyttar dei to siste månadene som referanse for vurderingane sine, kan vi skjøne at vi framstår som ein «tarifforganisasjon » med lønn som første sak.

Men det er ikkje heile biletet. Utdanningsforbundet står nemleg i front for dei faglege utfordringane i skulen, nettopp slik Dagbladet etterlyser. Å stå i front inneber også å peike på kritikkverdige tilhøve i skulen. Vi oppfattar det som vår plikt å gjere det, sjølv om enkelte vil kalle det svartmaling. Derfor har vi, i likskap med fylkesmennene, Riksrevisjonen og OECD, påpeikt at norske elevar på ei rekkje område ikkje får den undervisninga dei har krav på. Når vi viser slike fakta, er det fordi vi er opptekne av kvaliteten i skulen.

Ei betre og utvida lærarutdanning vil rekruttere fleire. Derfor har vi gått i bresjen for ei ny og revidert lærarutdanning. I regjeringa si kvalitetsmelding finn vi att fleire av forslaga våre til tiltak for ein betre skule, som til dømes eit varig system for vidareutdanning. Regjeringa tek også til orde for ei klarare nasjonal styring av skulen. På dette området stod vi lenge åleine. Kjære Dagbladet, denne lista kan vi gjere mykje lengre.