I oktober 2012 skjedde det ei merkbar endring i akuttfunksjonen ved Nordfjord sjukehus

Værforhold og geografi fører nokon gonger til at helikopter ikkje kan lande der vi måtte ynskje.

Betre samferdsle: Det er spesielt nødvendig å legge til rette for at det blir bru mellom Lote og Anda, skriv Sissel Helen Ommedal. Foto: © Helge Sunde / Samfoto
Betre samferdsle: Det er spesielt nødvendig å legge til rette for at det blir bru mellom Lote og Anda, skriv Sissel Helen Ommedal. Foto: © Helge Sunde / Samfoto Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

I oktober 2012 skjedde det ei merkbar endring i akuttfunksjonen ved Nordfjord sjukehus. Fødande og akutt sjuke menneske må nå til Førde sentralsjukehus, eller til Volda sjukehus som ligg i Møre og Romsdal.

Det er blitt ein merkbart lengre veg for akutt sjuke å kome seg til større sjukehus med spesialistfunksjonar.

KrF vil arbeide for ferjefri kryssing over Lote-Anda, ha god vegstandard på strekninga Førde-Nordfjordeid-Folkestad og gode flytilbod ved Sandane lufthavn.

Det er svært nødvendig å jobbe for dette. Det skal vere trygt og godt å bu i Sogn og Fjordane, og vi ynskjer at mange skal flytte hit. Vi ynskjer å ta varmt i mot alle, enten du er utflytta nordfjording eller innvandrar fra eit anna land.

Vi ynskjer å legge til rette for at du skal bu trygt og godt her, og ved sjukdom skal du komme deg raskt til sjukehus. Derfor er det spesielt nødvendig å legge til rette for at det blir bru mellom Lote og Anda. Spesielt med tanke på dei som treng å kome raskt til spesialavdeling.

Værforhold og geografi fører nokon gonger til at helikopter ikkje kan lande der vi måtte ynskje. Dette er svært viktig å ta med i betraktninga i eit fylke som Sogn og Fjordane.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.