REFUSERT: Øystein Djupedal frå SV, AP og Arendal. Foto: TOR ERIK SCHRØDER / NTB SCANPIX
REFUSERT: Øystein Djupedal frå SV, AP og Arendal. Foto: TOR ERIK SCHRØDER / NTB SCANPIXVis mer

I overkant inspirert

Politiske og idrettslige akilles-hælar.

Meninger

Denne veka har det starta. Heller ikkje i år får Per Olaf Lundteigen gjennomslag for kravet om at alle rikspolitikarar må buntast saman og sendast til Jan Mayen til den lokale valkampen er over.

Så vi kjem til å få fleire frivillige returoppgjer under tvang mellom Erna Solberg i tungvekt og den akilles-skada Jonas Gahr Støre i weltervekt.

Det er i Arendal
det skjer denne veka, med Øystein Djupedal som manager. Han som var så skuffa over å bli refusert som dobbelfylkesmann i Agder, at han melde seg ut av SV og inn i Arbeiderpartiet.

Han kan vera litt hissig når han blir inspirert, så det er godt at han ikkje ber tollekniv til kvardags, slik faren, norskprofessor Reidar Djupedal, alltid gjorde.

At friidretten
er dopa, er ille nok. Men det er verre at det internasjonale skøyteforbundet ISU vil kutta ut 10.000 meteren i meisterskap, fordi det er like dårlig TV som å sjå maling tørka.

Dette er det største trugsmålet mot eit nasjonalt klenodium sidan Sven Låftman og ismaskinen. Utan denne inspirerande manndomsprøva: Koss skal me då forstå djupna i Olav H. Hauges dikt?

Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven
.

Artikkelen fortsetter under annonsen

16,32,6 (Hjallis sin uslåelige verdensrekord på Hamar stadion i 1952), 15,46,6 (Kupperns gulltid i Squaw Valley 1960) og 13,30, 55 (Johan Olav Koss i Vikingskipet 1994) er nasjonalt heilage tal.

Å mista grunnlaget for dei, er som å stryka 1814, 1905 og 1945 or soga. Her snakkar vi eksistensielt alvor for alle som har lese Dag Solstad i 1987, høyrt på Per Jorsett og notert rundetider på kornet i «Alt om skøyter».

Morten Strand skrytte i Dagbladet onsdag av at han har tatt både Kay Stenshjemmet, Johan Olav Koss og Per Ivar Moe på skøytelåret. Han måtte leva opp til faren som forbilde, for han hadde tatt på Hjallis-låret i Sjømannskjerka i New York - det var vel mens Hjalmar Andersen jobba i Velferdskontoret for handelsflåten.

Eg kan ikkje konkurrera med slike storverk, men eg har også litt å bidra med i ei nasjonal krisestund for ein nasjonalidrett på sotteseng.

Av grunnar eg ikkje minnest, hamna eg ein gong som kåsør på årsmøtet i den ærverdige forsamlinga «Norges idrettslederveteraners Forening», der HM Kongen er medlem nummer 1.

Som talande gjest blei eg til kaffien plassert på heidersplassen mellom Kong Harald og Kong Glad. Det var trivelig, for Hjallis fortalte vitsar aldeles ustoppelig, til kongelige latterkuler. Eg bomma til og med majesteten for ein røyk frå det kongelige sigarett-etuiet.

Men det gjekk ikkje lenge før det kom ein myndig kar, eg trur det var Hroar Elvenes, og bad meg begynna å sirkulera, for det var mange som sto i kø på startstreken for overta plassen min.

Eg så gjorde, for eg kunne forstå at mange av dei gamle heidersmennene ville sitta ved sida av Kong Harald. Men der tok eg feil: Det var ikkje Kongen som var aftenens attraksjonen; det var Hjallis.