TØRRDRAKTMYSTERIET: Då redningsmennene sa «hopp», kasta Sylvi Listhaug seg på havet i flytedrakt og låg der som på gullstol, i empati med dei drukna. Foto: Tore Meek / NTB Scanpix
TØRRDRAKTMYSTERIET: Då redningsmennene sa «hopp», kasta Sylvi Listhaug seg på havet i flytedrakt og låg der som på gullstol, i empati med dei drukna. Foto: Tore Meek / NTB ScanpixVis mer

I overlevelsesdrakt

Fremtiden vedtas ikkje; den forestilles.

Kommentar

DENNE VEKA tok Oslo tingrett Thorbjørn Jaglands europeiske menneskerettar på alvor og dømde den norske staten for nedverdigande behandling av massedrapsmannen Anders Behring Breivik. Det må ha kome som eit sjokk på Michael Moore at generalsekretæren i Nordisk Stat framleis må finna seg i å bli servert Fjordland to gonger i veka - i verdens beste og mest humane fengselsvesen.

VENSTRE slit som alltid med konsensus om utopiar for å overleva. Denne gongen er det Trine Skei Grandes «Vi skal bruke tid og krefter på å forestille oss en verden vi ønsker å skape». Det høyrest ut som dei igjen har engasjert Pål Atle Skjervengen, han som fann opp «Fremtiden vedtas ikke; den skapes» då han var liberalistisk ungdomsleiar i Fremskrittspartiet før Dolkesjø. Sidan har han skapt seg ei betre framtid som kommunikasjonsrådgjevar, asylmottaksbaron og vinimportør.

BADESESONGEN er i gang på dei greske øyene. Då redningsmennene sa «hopp», kasta Sylvi Listhaug seg på havet i flytedrakt og låg der som på gullstol, i empati med de druknede. Den listige Innstrammings- og utvisningsministeren er innsmurt med teflonkrem og flyt oppå det meste. Det har ho ifølge mentoren Carl I. Hagen lært i samhandling med Bjarne Håkon Hanssen i First House.

DENNE overlevelsesdrakta kunne Per Sandberg ha god bruk for på neste vennetur til Gran Canaria. Til gjengjeld kan Asylvi sikkert få låna eit antrekk frå det som ligg lengst framme det sandbergske klesskapet. Då Frp-landsmøtet i fjor diskuterte båtflyktningar, stilte han i T-trøye med teksten: «Sea adventure. Good journey».

FISKERIMINISTERENS problem i kampen mot lakselus og mørke motkrefter, er at han som nestformann i partiet stadig har aktivitetsplikt og leveringsplikt som laus kanon på dekk. Det er ikkje lett å kombinera med ein statsråds bearbeidingsplikt.

FREMSKRITTSPARTIETS fremste eigenkvalitet er klar tale. Men som Johann Wolfgang von Goethe skreiv i Trollmannens læregutt: «Die ich rief, die Geister, werd ich nun nicht los.» Partiets leiar i Stortigets kommunal- og forvaltningskomité, ordførar Helge André Njåstad frå Fiskarfagskulen i Austevoll, blir ikkje kvitt trollungane. Folk flest vil setta sakene på spissen, men har ikkje kunnskap nok til å seia ja eller nei. så å sleppa dei til i folkerøysting om kommunegrenser, fører bare til kaos. Derfor: Om folkeviljen ikkje går vår veg, så har Jan Tore Sanner saftige gulrøtter, pisk og andre metodar.

RETTINGAR og presiseringar skal ein vera varsam med, for det ballar på seg. «Hva du evner, kast av i det nærmeste krav» er sjølsagt Bjørnstjerne Bjørnson, av «Fiskerjenten». Kanskje første vers kunne passa som kampsang på Fremskrittspartiets årsmøte?

Jeg vil værge mit land,

jeg vil bærge mit land,

jeg vil bygge mit land,

jeg vil elske det frem i min bøn, i mit barn,

jeg vil øge dets gavn,

jeg vil søge dets savn

ifra grænsen og ud til de drivende garn.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook