BUDSJETTDAGEN: Torsdag 12. oktober holdt finansminister Siv Jensen (Frp) pressekonferanse om statsbudsjettet 2018 i regjeringskvartalet. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
BUDSJETTDAGEN: Torsdag 12. oktober holdt finansminister Siv Jensen (Frp) pressekonferanse om statsbudsjettet 2018 i regjeringskvartalet. Foto: Heiko Junge / NTB scanpixVis mer

Statsbudsjettet:

Igjen blir svake grupper ramma av skattekuttpolitikken

Ein vedvarande skandale.

Meninger

Når politikk rammar dei som er avhengige av gratis matutdeling eller gratis rettshjelp, reagerer heldigvis folk. Dette irriterer openbert dei som står bak. Sidan 2018-budsjettet kom, har høgresida derfor forsøkt seg på ei lite imponerande forteljing: Det er dei det er synd på. Dei tar ansvar for langsiktig, økonomisk styring, og får berre kjeft tilbake. Ikkje eingong media vil hjelpe dei.

Høgre og Civita må gjerne latterleggjere folkehøgskulane som del av denne forteljinga, det set nok forhandlingspartnar KrF pris på. Men det blir noko hjelpelaust over det heile. Høgresida har nemleg sett seg sjølv i denne situasjonen.

Skattekuttpolitikken går no inn i sitt femte år, ein politikk som kombinerer fem dårlege eigenskapar:

1. Skaper ikkje vekst og arbeidsplassar.

2. Aukar forskjellane.

3. Bidrar til å tøme oljefondet.

4. Svekker dei store budsjetta for blant anna helse, eldreomsorg og skule.

5. Fører til smålege kutt overfor svake grupper.

Det er denne «jackpoten» frå ei presumptivt ansvarleg regjering som med rette kan kallast ein skandale. Som altså er vedvarande, fordi dei negative effektane slår inn kvart år, sjølv om nyheitsinteressa er borte.

Ein slik politikk blir ikkje ført av parti med ryggrad til å stå imot press, men av det stikk motsette. Høgre sine milliardgåver til landets rikaste er ikkje-vekstfremjande skatteletter. Og vitnar om manglande evne til å seie nei.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein langsiktig og ansvarleg økonomisk politikk handlar om disiplinert oljepengebruk, riktige reformer, kraftfull innsats for å få fleire i jobb og ein nærings- og skattepolitikk som fungerer. Ap var ikkje «med på» forliket om bedriftsskattlegginga i 2016. Vi var arkitekten bak forliket. Fordi vi er partiet som kombinerer rettferdig fordeling og velferd med reelt vekstfremjande næringspolitikk.

Tilsynelatande slit både høgresida og ytre venstre med å forstå dette: Formuesskatten kan innrettast på ein måte som stimulerer til investering i maskinpark framfor fast eigedom, utan å måtte reduserast samla sett.

Mest spesielt er det å vere vitne til høgresidas sutring over media og «mediedramaturgien». Høgreparti som per definisjon representerer interessene til eit mindretal av folket, veit at dei må vere ekspertar på kommunikasjon via media for å kome til makt i eit demokrati.

Så har dei då òg vore flinke. Frp hadde vore eit miniparti utan effektiv bruk av «sosialistmedia». Og Høgre/Civita sitt kunststykke i perioden 2009-13 – å selje den same, enkle og harde høgrepolitikkensom noko nytt, sentrumsorientert, mjukt og refleksjonsbasert – fortener plass i skulebøkene.

Di pussigare blir det å lese den tilsynelatande overraskinga, indignasjonen, over at smålege kutt blir blese stort opp. Og at journalistar ikkje nyanserer godt noko rundt budsjettpostar som openbert provoserer folk flest og/eller ein forhandlingspartnar. Som om det skulle vere i høgresidas interesse å få større merksemd rundt langsiktig, økonomisk ansvar.

Vi har bak oss ein fireårsperiode der opposisjonspartia, utan unntak, la fram budsjettalternativ med lågare oljepengebruk enn ansvarleg regjering – truleg unikt i verdshistoria. Flaut for Høgre, sjølvsagt. Derfor ein tildekkande retorikk om «vekstfremmende skattelettelser», «avbyråkratisering» og påstandar om innsparande reformer.

Når dei nakne tala skal presenterast i eit budsjett, kjem derimot sanninga fram. I den verkelege verda er det ikkje mogleg å moderere oljepengebruken og kutte skatteinntektene i stort monn utan at det går ut over nokon.

Og det held ikkje å angripe Matsentralen, Juss-buss eller ungane i 4H, for den del. Ein må gå laus på dei store postane, som kommuneøkonomi og helseføretak. Det har òg skjedd denne gongen, med eit svært stramt kommuneopplegg og det svakaste sjukehusbudsjettet så langt frå sitjande regjering.

Medieoppslaga i lokal- og riksmedia om følgjene av dette, vil melde seg etter kvart.

Høgresida må kome opp med ei betre forteljing, om båten skal bere.