Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Ikkje djupt nok vaken

Ei andrebok som kom som mange andre andrebøker - for snart.

BOK: Etter ein spennande debut, har unge Frank Hiis og forlaget Kolon skunda seg å gje lesarane hans ei ny diktsamling. Det har verken forfattar, forlag eller lesarar tent på.

Der det var eit mørkt sug av eksistensielt mørker i første boka, kjennest det som om dei same tema nå vart handsame som ordspel på overflata.

Frank Hiis demonstrerer utvilsamt sitt språklege talent, og sin utsøkte evne til å snu litt på vanlege fraser og setningar, slik at me dreg på smilebandet. Det gjer det delvis underhaldande å lesa, men trykket av livserfaring som skal gje dikta substans og spenning manglar for det meste i andreboka. At «jeg krabber opp i himmelsengen/og stikker en finger i moder jord» kan ein ikkje lesa meir enn ein gong.

Og det er dessverre meir regelen enn unntaket i denne samlinga:

(hun er en gammel flamme,

og hun lyser opp

hver gang eg tenner på henne)

Frank Hiis har eit talent å dyrka. Han vil stå seg på å venta til språket hans vert fylt opp av eit indre trykk, i staden for å skriva i retning av lesaren sine reaksjonar.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media