Kommentarfelt:

Ikkje faen. Dei skal ikkje få overtaket

«Du veit ikkje kva du snakkar om» freste Liv Signe Navarsete til ei dame på TV i beste sendetid. Eg tar meg sjølv i å bruke dei same orda. Oftare og oftare. I kommentarfelt.

Frittalende: Spaltist Jarl Wåge gjør som den frittalende politikeren Liv Signe Navarsete. Foto: OLE MARTIN WOLD / NTB scanpix
Frittalende: Spaltist Jarl Wåge gjør som den frittalende politikeren Liv Signe Navarsete. Foto: OLE MARTIN WOLD / NTB scanpixVis mer
Meninger

For nokre år sidan fekk eg publisert min fyrste kronikk i Nett-Dagbladet. Ein kritisk tekst om Frp. Sidan eg var på reise dagen det skjedde, fekk eg ikkje sjekka korleis teksten var presentert før ut på kvelden. Dette var i den tida mange aviser hadde kommentarfelt, så eg sjekka det òg. Til mi store overrasking var det hundrevis av kommentarar.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Dei fleste var sint utskjelling. Eg blei idiotforklara og tillagt all verdas kategoriar av negative eigenskapar. Mange om at sånne som eg ikkje burde få lov å undervise. Nokon ville kontakte rektor og fortelje han at han næra ein venstreekstremistisk slange ved sitt bryst.

Det rann inn med stadig nye meldingar av same kaliber. Ein veritabel verbal tsunami. Neste dag blei kommentarfeltet stengt. Då hadde det kome inn over femten hundre kommentarar. Til min kronikk! Det var paralyserande å få eit slikt møkkalass velta over meg.

Så tenkte eg: «Ikkje faen. Dei skal ikkje få overtaket. Eg vil halde fram med å skrive og engasjere meg.» Då eg studerte kommentarane meir inngåande, slo det meg at mange var heilt utan substans. Kommentatorane kunne ikkje ha lest teksten. Dei visste ganske enkelt ikkje kva dei snakka om.

Eg måtte leggje ein overleve-møkkalass-strategi og bestemte meg for å le. Av galskapen. Av usaklegheita. Av alle orda som flagra gjennom lufta som dødt lauv og landa heilt utan mål og meining. Same kveld hadde eg kommentarfelthøgtlesing for vennar. Det blei komikveld.

Nokre år seinare skreiv eg ein tekst med tittelen «Sylvi Listhaug som statsminister for nasjonen Norge». Eg hadde meldt meg inn i ei fb-gruppe med same tittel og hamna i ei hengemyr av hat og forakt. Mot muslimar. Mot Arbeiderpartiet. Det blei ein kronikk med sterk kritikk av det eg hadde plumpa uti der.

Etter at teksten blei publisert, la eg ut link i gruppa han handla om. Då skjedde det noko merkeleg. Plutseleg tikka det inn med «likes». Over fire hundre. Og han blei delt meir enn hundre gongar før nokon oppdaga at han handla om dei. Dei hadde sett overskrifta og eit fint bilde av Listhaug. Kvifor lese teksten då? Dette måtte jo vere likandes.

Nyleg fekk eg publisert ein tekst med tittel «Eg tør ikkje bu i Oslo». Ein personleg tekst om at eg flyttar frå hovudstaden til Stavanger, der son min og familien bur. Grunngjevinga var at eg er redd for å bli einsam og hjelpelaus i storbyen når trenden i eldreomsorgen er at gamle skal bu heime lengst muleg.

Det tok fyr i kommentarfeltet til Dagbladet Meninger på Facebook. Blant anna med muslimhets! Eg bruker å seie at same kva slags tråd ein startar, om det så er ein diskusjon om tante Ingeborg si sveleoppskrift, så klarer nokon å trekkje inn dei «fæle muslimane».

Det starta med følgjande kommentar: «Det er vel bare kriminelle og muslimer i Oslo. Mennesker som lever av våre velferdsgoder.» Ei anna melde at sånn har det blitt. «Takka vere naive politikarar som no også på død og liv vil hente heim IS-krigarar».

Ei tredje spurde ein motdebattant om ikkje bråket i Oslo har med muslimar å gjere. Om ho ikkje såg elefanten i rommet. Enkelte insisterte på at eg flyktar. Eg hadde meir enn nok med å seie: «Du veit ikkje kva du snakkar om. Les teksten før du kommenterer. Han handlar ikkje om muslimar.»

Enkelte kommentarar er så kostelege at eg gøymer dei i hjartet mitt. Som denne: «Jeg leser aldri hva Wåge skriver, for det er bare blodrød kommunisme likevel.» Han var i alle fall ærleg nok til å vedgå at han ikkje visste kva han snakka om.

Den sist publiserte teksten min, «Eg har ein draum», var eit motsvar til eit opprop i Aftenposten om å fjerne «rasismeparagrafen». Ein sterkt satirisk tekst med i overkant røft språk. Mellom anna med groteske døme på hat og rasisme som eg har støtt på i sosiale media.

Det blei nytt kok på Facebook. Fleire hundre kommentarar. Mange positive. Enda fleire negative. Satire er vanskeleg. «Dette er bare vulgært, frykteleg dumt og et løgnaktig forsøk på å fremstille høgreorienterte som løgnere», skreiv ei.

Igjen var det mange som ikkje gadd å lese teksten. «For noe fjas,» skreiv ein: «får man betalt for å skrive fjas i DB?» Kva som var fjas, fekk eg aldri svar på.

Erna Solberg uttalte nyleg at alle åtaka ho blir utsett for, prellar av henne. Det er veldig bra. Ho får sannelig si dose av drittpakkar kasta etter seg i sosiale media. Om ho hadde latt det gå inn på seg, ville ho ikkje klare å stå i den stormen alle framtredande politikarar må stå i.

Eg ønskjer meg at alle som blir utsette for hat og sjikane av kommentariatet, utviklar teknikkar for å takle det i staden for å trekke seg frå samfunnsdebatten.

Kritikk, motargument, hylande usemje og engasjerte debattar er viktig og nødvendig om vi skal utvikle oss. Men vi må aldri la «dei som ikkje veit kva dei snakkar om» vinne.

Min teknikk er å le. Av og til gapskrattare eg. Som av denne: «Vist dette er SATIRE, då må vedkommende slutte å skrive for her var det eit elendig språk.»

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.