Ikkje for tidleg

Det er igjen skarpe åtvaringar og protestar mot å ta i bruk PC eller IKT i barnehagen. I ein artikkel i Dagbladet 29/5 les vi at professor Hermundur Sigmundsson meiner «barnehagene bør konsentrere seg om å la barna utvikle seg sosialt, språklig, motorisk, kognitivt og emosjonelt. De behøver ikke starte tilvenning til skolen før første året på barneskolen.»

Men, treng bruk av PC vera ei tilvenning til skulen? Kan PC-en og andre digitale medium bli ein del av leiken i barnehagen?

I to år dreiv eg eit prosjekt saman med dei tilsette og barna i Røysmarka Studentbarnehage i Volda. Målet var å sjå om barna kunne bruka PC-en på ein aktiv og kreativ måte. Før vi begynte, var eg med på å bestemme at vi berre skulle ha ungane i den eldste gruppa med i prosjektet, dette fordi eg tenkte at små barn skal vera aktive i fysisk leik, dei skal ikkje sitja i ro foran ein dataskjerm. Etter å ha sett resultatet av arbeidet har eg angra på denne avgjerda.

Ungane har brukt PC-en til spel og teikning. Dei har også tatt bilete, lasta dei inn på PC, skrive kommentarar til bileta sine og saman laga bøker. Her hjelper dei vaksne til der det er trong for det.

Kva ser vi? Vi ser ei gruppe aktive barn foran skjermen. Det er eitt barn som leier spelet. Denne har styring på tastatur og mus ei gitt tid, og så byter dei på kven som skal ha styring. Ungane diskuterer løysingar, dei foreslår for kvarandre dei lytter til kvarandre og prøver ut. Her ligg det mykje sosial trening. Vi observerer at der er ivrig diskusjon foran skjermen. Tre forskarar frå Australia , Fatoures, Downes og Blackwell (1994) viser til eigne og andre forskarar sine resultat og seier at den språklege aktiviteten er dobbelt så stor foran skjermen som han er ved andre leikeaktivitetar. I tillegg til at barna får god øving i å setja ord på kva som skjer, så veit vi at det ligg mykje sosial trening i å lytte til andre sine forslag og å prøve dei ut.

Ungane sit ikkje lenge i ro foran dataskjermen. I eitt av spela kan ungane sveiva i gang ein gamal grammafon og spela plater. Når platene kjem på er heile ungeflokken ute på golvet og dansar til musikken. Vi ser også at dei prøver ut ulike effektar i teikneprogram og prøver det ut på papir etterpå. Ungane eksperimenterer, forsker på og prøver ut. Og får støtte av dei vaksne i denne aktiviteten.

Vi erfarer at ungane som er trygge i bruken av PC, trekker med seg andre, dei er ivrige etter å lære opp yngre barn og nye barn som begynner i barnehagen. Vi ser at kunnskapen om dei ulike programma spreier seg i barneflokken, og at ungane var komne mykje lenger i dei «vanskelege» spela etter to år med PC enn dei var etter første året.

Ungane i prosjektet vårt lar seg heller ikkje styre av sterkt styrande spel, der ein bør svare det «rette» for å koma vidare. Dei diskuterer opplegget og svarer feil med vilje, og skoggerler når dei får reaksjonen frå programmet. Og så kan dei gjerne gjenta handlinga og le like godt kvar gong dei får ei feilmelding.

Ungane tar bilete. Gjennom bileta viser dei oss kva dei er opptatt av, kva som interesserer dei. Dei får sjølve vera med å velja ut kva bilete som skal takast vare på og kanskje kommenterast.

Bileta til ungane er eit godt grunnlag for samtale, både i barnehagen og i heimen. Saman kan vi sjå på bileta barna har tatt, diskutere motiva, kommentere detaljar og få barna til å fortelja om det. Slik kan den vaksne arbeida for å auka ordforrådet til barna. For barn som kjem frå ein annan kultur, som har eit anna morsmål enn norsk, er det lettare å fortelja kva som skjer i barnehagen når dei har bilete å visa fram, og for foreldra er dette ei god hjelp til å stilla relevante og gode spørsmål.

Ungane lagar eventyr og forteljingar. Dei finn leiker som dei stiller opp og tar bilete av, eller dei lagar forteljingar til bileta frå ein tur.

Med grunnlag i dette forskningsprosjektet har vi starta opp eit studium om bruk av IKT i barnehage ved Høgskulen i Volda. Første kullet med studentar er ferdig med dei første 15 studiepoenga no i vår. Studentane er kreative og har prøvd ut mange gode opplegg med digitale medium.

Ungane i ein barnehage gjekk på jakt etter sirklar ute på tur. Dei fotograferte tinga som dei fann som var sirkelforma. «Fangsten» laga dei utstilling av. Seinare vil dei gjenta det same med andre geometriske former.

I andre barnehagar har dei laga lotto-spel og memory-spel saman med barna. Motiva på spela er det ungane som står for.

Vi høyrer om barn som går på fotojakt i fjæra, andre går på jakt etter vårteikn. Dette har barn gjort i alle år. Det nye no er at dei kan ta bilete på turane sine og lage utstillingar eller presentasjonar etterpå.

Å ta i bruk digitale medium i barnehagen betyr ikkje at eitt barn skal sitja åleine foran ein skjerm og svare på dei oppgåvene som eit læreprogram presenterer.

Bruken av PC i Røysmarka Studentbarnehage har blitt eit svært godt middel for kognitiv utvikling, for å fremja og utvikla sosial kompetanse og

motorisk ferdighet. Diskusjonane rundt spel og teikneprogram og samtalar om bilete som ungane tar er i tillegg med på å utvikla språket til barna. Dette er nettopp det som Sigmundsson ønskjer i barnehagen.

Dei fleste barna i Norge har PC og internetttilgang heime. Ungane er fødde inn i ei tid der dette er ein naturleg del av kvardagen. Når barnehagen tar dette i bruk viser dei at dei tar kvardagen til barna og det barna er opptatt av på alvor.

Saman med Nora Lindén har innleggsforfattaren skrive boka «Barn og kommunikasjon – om små barns bruk og utforsking av digitale verktøy», som kjem ut i haust.