Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Debatt: IT-skandalen i Helse Sør-Øst

Ikkje gje sensitive opplysningar til helsepersonell!

Det einaste verkemiddelet me pasientar har, er å erklæra mistillit til helsestellet.

IT-SKANDALE: - Ikkje gje sensitive opplysningar til helsepersonell, skriv artikkelforfattaren etter IT-skandalen i Helse Sør-Øst. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix
IT-SKANDALE: - Ikkje gje sensitive opplysningar til helsepersonell, skriv artikkelforfattaren etter IT-skandalen i Helse Sør-Øst. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix Vis mer
Meninger
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Eg har ei tilråding: Ikkje gje sensitive opplysningar til helsepersonell! Bakgrunnen er at IT-skandalen i Helse Sør-Øst enno ikkje har fått konsekvensar for helsetoppane, fem veker etter at avsløringa kom på NRK. Så lenge dette ikkje er retta opp, er det heller ikkje mogleg å atterreisa tilliten til helsestellet.

Det mest alvorlege i denne saka er at Thomas Bagley, som måtte gå av frå stillinga som teknologidirektør i Helse Sør-Øst, fekk ny toppjobb i norsk helseteneste. Thomas Bagley vert viseadministrerande direktør i Norsk Helsenett, eit statsføretak som helse- og omsorgsdepartementet eig. Der får han ansvar for nasjonal informasjonstryggleik mellom alle sjukehusa i landet, og andre offentlege helseaktørar. Me risikerer at han gjer same grove overtramp i sin nye jobb som han gjorde i Helse Sør-Øst.

Det er vanskeleg å sjå føre seg noko meir diskvalifiserande for ei høg stilling i Norsk Helsenett, som på toppen av det heile er nyoppretta og ikkje utlyst.

NITO og Fagforbundet har kome med kraftig kritikk av tilsetjinga, utan at det har ført fram. Det einaste verkemiddelet me pasientar har, er å erklæra mistillit til helsestellet ved å slutta å gje sensitive opplysningar til helsepersonell, inntil det er gjort ein grundig oppvask for å tryggja pasientdata.

Det må innebera mellom anna slutt på outsourcing av IT-tenester, oppseiing av alle involverte i IT-skandalen i Helse Sør-Øst, og like viktig: Halda dei unna nye jobbar i helsestellet.

Helseministeren har ein stor jobb å gjera viss han ynskjer at folk skal kjenna seg trygge når dei har kontakt med helsepersonell.

Hele Norges coronakart