Ikkje kall deg feminist

FEMINISME: 10. april erklærte den svenske skribenten Linda Skugge på Expressen sine debattsider at ho ikkje lenger var feminist. Ho skreiv at etter «Fittstim»-boka blei ho omfavna av eit massivt kvinnekollektiv som ho aldri hadde kjent seg heime i. Ho blei pådytta masse meiningar som ho ikkje sto for, og fikk attpåtil kritikk frå folk som antyda at ho prøvde å «gjere karriere» på feminismen. Saka er, skreiv Skugge, at masse jobbar har gått tapt etter at ho fikk feministstempelet, for «svært få vil ansette det dei trur er ein høglydt og underlig person som dessutan kler seg dårlig og aldri sminkar seg.» Skugge går til angrep på pønkgothkledde tenåringsjenter som ser henne som forbilde, og oppfordrar alle jenter til å unngå alt snakk om feminisme, om høgare kvinnelønner, og om å unngå politikk, fordi politikk er bullshit. Ho oppfordrar til å hjelpe kvarandre, men ikkje til å vente at nokon som helst skal hjelpe deg eit sekund. Ta utdanning, ta betalt, ver «djävligt dyra, tro på er själva, ingen annan kommer at gjöra det», skaff ditt eige hus. Og ikkje kall deg feminist.

EIN KAN KALLE det eit kalkulert utspel frå ein riksprovokatør, men det er også bitter realitet for Skugge. For ein frilans-skribent som Skugge er det ikkje smart å få politikk klistra over seg. Ho var jo først og fremst personlig og morsom heilt til ho blei erklært politisk viktig, og no er det nok ikkje enkelt å komme tilbake i Morsom-skåla igjen. Men Skugge er morsom! Eg hadde sikkert ikkje gidda å kjøpe boka hennar viss det sto «feministlitteratur» på coveret, men i staden såg eg inni og det var morsomt og bra og ekte. Inga Sætre, pass deg for å bli feministstempla! Du får gjort akkurat samme arbeid, mykje meir effektivt, uten stempel! Olaug Nilssen har sikkert eit eller anna å innvende her, men ho har vel kanskje alt blitt trykt til feminismens barm sidan ho har avslørt, i romans form, at jenter faktisk ... onanerer. Presse får dei, for feminisme er bra pressevinkling på ting, fordi det er sånt alle har ei «plikt» til å lese ein artikkel om, men salgstal og presse er vidt forskjellige ting. Ikkje mange går til det skrittet å kjøpe ei bok til flyreisa fordi den er så herlig feministisk.

SKUGGE SIN faktiske posisjon er ein ting, kva ho får fram ved å påberope seg denne posisjonen er ein annan ting. Kva med å utvikle eit nytt ord? Feminist-ordet er kjemperart, spesielt sidan det manglar mannlig motstykke. Er ikkje det eit typisk tegn på ubalanse når eit ord berre fins i eit kjønn? Kva har vi som går den andre veien? Machomann? Sjåvinist? Kvinner-skal-stelle-kjøkkenet-menn? Ingenting av dette fyller Maskulinismen sine verdiar, som er, i motsetning til kva ordet kan få deg til å tru, at menn skal stå sammen og få det like bra som kvinner. Vi menn vil ha ting som kvinner får meir av i dag. Eg har ikkje heilt oversikta, men eg reknar med det er noko. Maskulinismen står også for samhald mellom menn, og alle vi maskulinistar vil ha oss fråbedt det folkelige bildet som dannar seg av oss som menn i helsetrøyer og dongeribukser, eller som homoar med kvar ledig vegg dekka av Tom of Finland-plakatar.Maskulinist-ordet fins ikkje, enno, men i det sekundet eg laga det kom bilda av maskulinisten opp, og bilda var stort sett villedande og avskrekkande. Ordet «feminisme» sine røter er kjønns-spesifikt, og då blir tolkninga kjønnslig ubalansert. Er pan-genderisme eit betre ord?All støtte til Linda Skugge, må ho få skrive vidare i det offentlige rom, må ho få vere eit forbilde, må ho få sleppe å bli tatt opp i ei gruppe.