Peker: President Donald Trump peker på CNNs Jim Acosta og anklager ham for å lage falske nyheter. REUTERS/Kevin Lamarque   TPX IMAGES OF THE DAY
Peker: President Donald Trump peker på CNNs Jim Acosta og anklager ham for å lage falske nyheter. REUTERS/Kevin Lamarque TPX IMAGES OF THE DAYVis mer

Ytringsfrihet:

Ikkje la oss gjere same feilen som det tyske folk gjorde

Trumpistar verda over applauderer og tykkjer det er strålande at presidenten deler ut kilevinkar og blåveisar til sjølvaste ytringsfridomen.

Meninger

«Der ein brenn bøker, vil ein til slutt også brenne menneskje,» sa den tyske poeten Heinrich Heine som døde i 1856. Det er så ein kunne tru at han hadde profetiske evner.

For du så frykteleg rett han fekk. I mai 1933 gjekk unge nazistar inn i bibliotek over heile Tyskland. Ikkje for å studere. Nei, det var utarbeidd ei liste over «farleg litteratur». Tusenvis av bøker blei fjerna frå hyllene og brent på svære bål.

Eit tiår seinare måtte dei stadig byggje større krematorium i konsentrasjonsleirane fordi dei ikkje hadde kapasitet nok til å brenne alle menneskja som døydde der.

Det fyrste som dør i eit diktatur, er ytringsfridomen Slik er det i alle totalitære statar anten dei er fascistiske, kommunistiske eller islamistiske. Diktatorar med pompøse sjølvbilde blir paranoide og livredde kontrollørar av alt som blir sagt og skrive.

Mussolini, Hitler, Stalin, Mao, Pol Pot og alle andre despotar passar på å blokkere media eller underleggje dei beinhard sensur. Lærebøker blir skrivne om og tilpassa det nye regimet.

Barn blir oppfordra til å spionere på foreldre og lærarar for å finne ut om dei er utru tenarar. Og nåde den som måtte vere det. Titalls millionar av menneskje har bøtt med livet fordi dei sov på vakt då antidemokratiske krefter gradvis eller brått karra til seg makta.

I desse dagar er media i den demokratiske delen av verda under konstant press frå mange kantar. Fundamentalistiske islamistar trugar med, og utfører, terrorhandlingar mot alle som måtte komme med kritikk. Eller blasfemi, som det heiter i den leiren.

Men det som verkeleg har utløyst ein veritabel stormbrann mot den fjerde statsmakt, er at den største høgrepopulisten av dei alle, O store, oransje far, har starta korstog mot etablerte media. All kritikk avfeier han som «fake news».

Mediehus han ikkje likar, boikottar han. På pressekonferansar i Det kvite hus nektar han enkelte journalistar å stille spørsmål fordi dei har vore kritiske mot han. Nyleg blei Jim Acosta frå CNN dekreditert og bortvist på grunnlag av ein manipulert video der dei har fått det til å sjå ut som om han legg hand på ein Trump-medarbeidar som ville ta frå han mikrofonen.

Og trumpistar verda over applauderer og tykkjer det er strålande at presidenten deler ut kilevinkar og blåveisar til sjølvaste ytringsfridomen.

I vår eigen andedam ser vi òg åtak på den frie pressa. Carl I. Hagen har aldri vore spesielt glad i kritisk journalistikk og snakka konsekvent om NRK som ARK. Det trass i at han truleg aldri hadde vakse seg stor om han ikkje stadig hadde blitt eksponert i statskanalen.

Frp har for lengst programfesta at pressestøtta skal reduserast og at NRK skal splittast opp og bli reklamefinasiert. Det er vel filmane utan reklamepausar dei ikkje likar.

Der ein brenn aviser på peisen fordi ein ikkje likar innhaldet og legg ut bilde av det på Face, går ein til åtak på det frie ord. Det gjorde han som blei Frp sin fyrste justisminister, Anders Anundsen, med billedteksten: «Brenner mine siste utgaver av Tønsberg blad».

Frp-justisminister nummer to, Per-Willy Amundsen, har hatt ein liknande feide gåande. Han boikottar avisa Tromsø fordi han ikkje likar deira journalistikk.

Åtak på massemedia frå nokre høgrepopulistiske, norske politikarar burde ein eigentleg bare trekkje på skuldrene av. Om det ikkje hadde vore ein del av ein stadig omseggripande, internasjonal trend. Ein trend som innebêr at heilt vanlege folk hiver seg på.

Då den forrige kronikken min blei lagt ut på «Dagbladet meninger» på fjesboka, var kommentariatet straks i fyr og flamme. Blant etter kvart to, tre hundre kommentarar var det nokre tomlar opp, men aller mest skjelling og smelling. «Svada. Dritt. Brunbeising. Hitling (Ja, tenk om vi bare kunne gløyme Hitler ein gong for alle!). Radd. Eg spyr.»

Det vanlege, altså. Men ikkje heilt vanleg. Enkelte har byrja å skrive lange, ordrike, og ikkje minst, velformulerte utskjellingar. Ofte med omtrent same vokabular. Som om dei har eksamen i «Newspeak» frå Høgrepopulistisk Aftenskole. «Gammalmedia,» seier dei. Og «MSM» (mainstream medias), som inkluderer alt det Trump og dei sjølve så inderleg foraktar.

Som Dagbladet for eksempel: «Ei lita, kommunistisk nisjeblekke som heldigvis snart avgår med døden». Det hadde sikkert gleda dei om resten av medierøkla òg forvitra. For dei òg hitlar og skriv svada og dritt. Media som ikkje fortener å leve fordi dei visstnok mobbar, sjikanerer og spreier «fake news». Eller kritiserer, som vi andre seier. Nei, takke seg til «alternative media» som står opp mot meiningseliten og stenger ute røyster dei ikkje vil høyre.

Den arabiske våren som kom med mildt håp om demokrati, blei brutalt knust av islamistiske despotar. Ein stadig aukande høgrepopulisme betyr òg trangare kår for demokratiet. Som til dømes i Ungarn, der pressefridomen er kraftig innskrenka. I Polen ser vi ei liknande utvikling. Der har justisministeren tatt kontroll over domstolane.

I USA har Trump gjort fleire utfall for å ta kontroll over den dømmande makta. Dette til trass for at han er inderleg klar over at utan uavhengige domstolar har demokratiet spelt fallitt.

Det er eit tankekors at om det tyske folk ikkje blindt hadde latt seg forføre av Hitler og hans retorikk, så hadde han gått inn i historien som det han eigentleg var; ein litt tragikomisk, mislykka kunstnar.

Ikkje la oss gjere same feilen som det tyske folk gjorde.