DEBATT

Fødetilbud

Ikkje legg ned fleire fødeavdelinger

I byrjinga av 1970-åra var det 150 fødeavdelingar rundt om i landet, i dag er det 45 att.

STOPP!: Framleis ønskjer ein del politiske parti å leggje ned, eller slå saman fleire fødeavdelingar. Dette må stoppast, skriv innsendaren. Foto fra Bunadsgeriljaens aksjon i Oslo i fjor vår: Ryan Kelly / NTB Scanpix
STOPP!: Framleis ønskjer ein del politiske parti å leggje ned, eller slå saman fleire fødeavdelingar. Dette må stoppast, skriv innsendaren. Foto fra Bunadsgeriljaens aksjon i Oslo i fjor vår: Ryan Kelly / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Norges Kvinne- og familieforbund har i alle år stått på for fødande kvinners situasjon rundt omkring i landet. Vi er eit langstrakt land, og vi ønskjer alle at det skal vere ein spreidd busetnad i heile landet. Då må ein og leggje til rette for at det ikkje vert for lang avstand for fødande kvinner til næraste fødeavdeling.

Vi skal ha eit differensiert og desentralisert svangerskaps- fødsels- og barselsomsorg i Norge!

Vi meiner det er lagt ned alt for mange fødeavdelingar allereie i Norge, og oppmodar alle politikarar om å tenkje seg om når dei skal gjere nye vedtak i sjukehusstrukturen.

I byrjinga av 1970-åra var det 150 fødeavdelingar rundt omkring i landet i dag er det 45.

Framleis ønskjer ein del politiske parti å leggje ned, eller slå saman fleire fødeavdelingar. Dette må stoppast! Vi har mange smale, svingete vegar, og fjellovergangar i landet vårt, mange må i båt eller ferje i tillegg til å liggje fastspent i ein ambulanse. Ofte er fjellovergangar stengt om vinteren, og det er ikkje alltid like bra ver på sjøen.

Uansett kvar ein bur i landet så er det allereie nokon som har lang avstand i dag, og dersom ein legg ned nokon eller slår saman nokon, så vert det lengre reiseveg for mange. Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre fødande, men alle typar akuttfunksjonar.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer