Ikkje lett uansett

Eg veit ikkje kor interesserte kvinnepolitiske talskvinner i KrF og SV er i poesi, men eg tilrår at dei leser Kristin Auestad Danielsen før neste debattrunde om abort.

MERK MINE ORD: Bokmeldingane av Kristin Auestad Danielsens siste diktsamling er ikkje berre svært positive, dei er også oppstemte og glade, fulle av latter og begeistring, skriver Olaug Nilssen. Foto: Agnete Brun
MERK MINE ORD: Bokmeldingane av Kristin Auestad Danielsens siste diktsamling er ikkje berre svært positive, dei er også oppstemte og glade, fulle av latter og begeistring, skriver Olaug Nilssen. Foto: Agnete Brun Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

IDEER: «(...)

Har ho fått barn eller ein abort?

Det kan ho godt svare på

Ho veit jo det.

(...)»

Bokmeldingane av Kristin Auestad Danielsens siste diktsamling er ikkje berre svært positive, dei er også oppstemte og glade, fulle av latter og begeistring. «Merk mine ord, åleinemor» heiter boka, som i til dømes Studvest blir oppsumert med orda «Underholdende om alenemødre og baby(u)lykke».

Underhaldande, lett og sprelsk om skam, skuggedalar, eksistensielt mørke og abort?

Går dette an?

I Anne B. Ragdes «Jeg skal gjøre deg så lykkelig» møter vi ei fødselsdeprimert mor. Ho drøymer om jobb og karriere og veit ikkje korleis ho skal ta seg av babyen sin. Ho tenkjer på ei historie ho ein gong las om ei kvinne som drap små barn, ho blei avslørt då det blei funne knappenålshovud i fontanellen. Den unge mora i Ragdes bok tenkjer at det er rart kvinna ikkje forstod at ho måtte bruke nåler som kunne forsvinne heilt inn under huda. På bussen møter ho ein studiekamerat som ikkje kjenner henne att med det same, og ho reknar med at det er fordi ho ser ut som ei sjuske, ho har slurva med både hygiene og stil etter at ho fekk barn. Studiekameraten hjelper henne av bussen med vogna, kjenner henne att og lagar ei begeistra gjensynsscene. Når han går på bussen igjen, ser ho for seg at vogna veltar, at barnet trillar ut og blir overkøyrt av bussen.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer