Ikkje mobb Ritalinen min!

Det blir ille dersom folk som kunne hatt god hjelp av medisinar, skal bli hindra av moraliserande haldningar frå folk som trur dei veit best.

SKAPAR DEBATT: «Vi tror at de rastløse, aktive, plagsomme barna er syke,» skreiv Dag Coucheron og brukte OL-kongen Michael Phelps som eksempe på ein som fikk god oppfølging med sin ADHD. Foto: Mark Baker / AP / NTB Scanpix
SKAPAR DEBATT: «Vi tror at de rastløse, aktive, plagsomme barna er syke,» skreiv Dag Coucheron og brukte OL-kongen Michael Phelps som eksempe på ein som fikk god oppfølging med sin ADHD. Foto: Mark Baker / AP / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

7. august hadde Dag Coucheron ei meiningsytring i Dagbladet under tittelen «ADHD-Phelps». Dette var sikkert velmeint, og vil kanskje bidra til meir respekt og forståing for folk som passar inn i hans oppfatning om personar med ADHD. Men vi som har ADHD, er ei like samansett og mangfoldig gruppe som alle andre. Det skremmer meg om alle skal tvingast inn i eit «one fits all»-mønster basert på slike oppfatningar. Det blir særleg ille dersom folk som kunne hatt god hjelp av medisinar, skal bli hindra av moraliserande haldningar frå folk som trur dei veit best.

Eg er i dag 60 år. I litt over 10 år har eg hatt diagnosen ADHD, og eg har brukt Ritalin regelmessig denne tida. Dette er ikkje ei superløysing som fjernar alle problem, men ein del problem blir i alle fall mindre, og livskvaliteten blir vesentleg betre. Før den tid trudde eg som alle andre at eg berre var ein ekstremt rastlaus, distre og åndsfråverande særing som kunne bli altfor intens når vi kom inn på tema som interesserte meg.

«Vi tror at de rastløse, aktive, plagsomme barna er syke. Så gir vi dem det narkotiske stoffet Ritalin i stedet for å ta dem med i bassenget,» skriv Coucheron. Dette ville kanskje vera sant om vi framleis levde i eit samfunn basert på jordbruk og fangst. Men det gjer vi faktisk ikkje. Uansett kva vi måtte ønkskja, må også vi med ADHD tilpassa oss eit samfunn der det skaper problem når vi stadig vekk somlar vekk lommebøker og mobiltelefonar, eller gløymer å betala rekningar før forfall. I skuletida møtte eg kvar dag med frykt for at eg ikkje hadde fått med meg kva lekser vi skulle gjera. Kanskje eg i alle fall delvis kunne unngått dette om eg hadde hatt Ritalin den gongen? Eg har køyrt bil i over 40 år, og det har heldigvis gått bra. Men det var både slitande og skremmande at eg heile tida måtte stålsetja meg for å unngå å skapa farlege situasjonar når eg vart distrahert. Eg blir nok aldri verdsmeister bak rattet, men i dag er eg relativt trygg sjølv om eg skiftar felt eller køyrer inn i ei rundkøyring samtidig som det er ein interessant samtale i baksetet. Eg opplever det som eit stort framsteg.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer