EU:

Ikkje pokker om eg skal inn i ein slik koalisjon

Vi har fått ein usaleg koalisjon av separatistar, sosialistar og ytre høgre-populistar som vil ut av EØS.

På frammarsj: Leder av brexit-partiet, Nigel Farage. Foto: REUTERS/Henry Nicholls/NTB Scanpix
På frammarsj: Leder av brexit-partiet, Nigel Farage. Foto: REUTERS/Henry Nicholls/NTB ScanpixVis mer
Meninger

Eg trudde eg aldri skulle seie dette. Langt mindre skrive det for alle å sjå. Men sånn har det blitt. Eg er for det eg er imot. Ja, det er like godt å få det ut: «Eg er for EU!» Som eg er imot. Det vil seie: Eg har to gongar stemt imot at Noreg skal gå inn i EU. Ikkje fordi eg er imot EU. Det er eg for. Men altså; eg er imot at Noreg skal inn i det eg er for.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Det har vore val til EU-parlamentet. I 28 EU-land. Ikkje i Noreg sjølvsagt. Vi er ikkje med. Like før valet møttes høgrepopulistiske partileiarar i Italia for å prøve å lage ei felles, politisk plattform. Dette er folk som også eigentleg er imot EU. Men når dei har sett kaoset Brex-it har ført til i Storbritannia som skal ut av unionen, har dei tona ned ex-it-retorikken. Dei vil heller jobbe for å byggje ned unionen innanfrå.

Kjøret mot EU dei siste åra nådde eit førebels klimaks med Brex-it. Eit sjokkert Europa blei vitne til at eit fleirtal av britane ville ut av EU. Ein stor politisk siger for det høgrepopulistiske, invandringsfientlege og nasjonalistiske partiet UPKIP og leiaren Nigel Farage.

Sigeren sende gledesbølgjer gjennom det høgrepopulistiske Europa. Det dukka straks opp planar om Frex-it i Frankrike og Nex-it i Nederland. Samtidig fekk vi ein merksnodig «koalisjon». Det var ikkje berre høgrepopulistar som jubla for dette skuddet for baugen på EU-skuta. Det blei og vist v-teikn på ytterste venstre flanke. Eg jubla ikkje. Kvifor skulle eg det? Som er for det dei er imot?

Den Europeiske Unionen såg si spede byrjing i 1951 då «Det europeiske kull- og stålfellesskap» blei oppretta mellom Tyskland, Franrike, Italia og BeNeLux. Ideen var å regulere produksjonen av kull og stål for å ta kontroll over rustningsindustrien i kjølvatnet av ein frykteleg verdskrig.

I dag har EU vakse seg til ein union med 28 medlemsland. Ein mektig aktør på verdsbasis og ein stabliliserande faktor i det som til tider har vore ein uroleg og kaotisk verdsdel.

I 2012 blei EU tildelt Nobels fredspris for sin fredsskapande funksjon og for sitt arbeid for demokrati og menneskerettar. Ein pris som var kontroversiell, slik fredsprisar bør vere. Ein pris som var heilt på sin plass etter mitt skjønn.

Ved valet til EU-parlamentet sist helg hadde dei høgrepopulistiske partia framgong. Ikkje så stor som mange håpa på og heldigvis mindre enn ein del av oss frykta.

«Frykta?» spør du. Ja, eg sa det. Høgrepopulismen er ei sterkt nasjonalistisk rørsle. Då snakkar vi ikkje om hyggeleg hurra-for syttande-mai-nasjonalisme. Men om beinhard stenge-grenser-og-stoppe-innvandring-nasjonalisme. Sjølve drivkrafta bak Brex-it. Og bak LePens Nasjonal Samling og Salvinis Liga i Italia. Her gjeld ideen om at eigen nasjon, eigen rase og eigen gud er mykje meir høgverdige enn andre.

Denne typen nasjonalisme var ei av hovedårsakene til fyrste verdskrig. Ein absurd og meiningslaus krig som mellom 1914 og 1918 drepte millionar av menneske.

Forut for krigen opplevde Europa ein intens konkurranse mellom nasjonar om å bli størst og sterkast. Det var eit kappløp om å leggje under seg flest muleg koloniar i Afrika og Asia. Ein aggressiv propaganda framheva eigne fordelar og framstilte andre nasjonar som mindreverdige.

Det var liknande blind nasjonalisme som gjorde situasjonen på Balkan så spent at nokre skudd i Sarajevo som tok livet av eit kronprinspar, var nok til å starte ein verdskrig. Nettopp fordi ei «vi er best og skal bli mektigast» haldning hadde gjort Europa til ei krutt-tønne.

Nasjonalisme var også ei av dei viktigaste årsakene til andre verdskrig. Ein krig som i løpet av knapt seks år tok livet av over 70 millionar menneske. Gal manns verk. Ein gal mann som klarte å oppildne eit audmjuka tysk folk som følte seg dolka i ryggen då det blei vedteke våpenkvile i fyrste verdskrig.

Hitler framheva den ariske rase som den mest høgverdige av alle. Han forførte det tyske folk til å tru at han skulle skape Das Dritte Reich. Eit verdsherredømme. Dei skulle få Lebensraum ved å leggje under seg enorme landområde. Fyrst og fremst Sovjetunionen.

Nasjonalisme er antininternasjonalistisk. Når høgrepopulistar vil danne ei felles plattform i EU, er samarbeid over landegrenser eit førebels middel, men slett ikkje eit endeleg mål. Ved å stå saman reknar dei med å kunne svekke, og kanskje på lang sikt, få unionen oppløyst. Lukkast dei, ligg vegen åpen for å byggje opp og styrke eigen nasjonalstat på nytt.

To katastrofale verdskrigar har starta på grunn av konflikter på det europeiske kontinentet. Den siste slutta i 1945.

Verda har fleire gongar vore på randa av krig sidan, men då er det ikkje konflikter mellom europeiske land som har skapt dei farlege situasjonane. Noko vi mellom anna kan takke den fredsskapande felleskapen i EU for. Ein felleskap som nettopp er med på å dempe den mest einaugde nasjonalismen.

EU er under konstant press frå flankane. Også i Noreg. Her har var vi fått ein usaleg koalisjon av separatistar, sosialistar og ytre høgre-populistar som vil ut av EØS. Grunngjevinga er ikkje den same, men målet er. Og eg tenkjer: «Ikkje pokker om eg skal inn i ein slik koalisjon.» Då stemmer eg heller for det eg er imot ved neste korsveg

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.