Ikkje presist, ikkje rett

I EIN DEBATTARTIKKEL i Dagbladet 4. august funderer Walid al-Kubaisi rundt terrortrugsmålet mot Noreg. Resonnementa har ikkje eg noko med. Men i eitt avsnitt er han innom Norges militære deltaking i Irak og Afghanistan. Dette avsnittet er dels uklårt og upresist, dels direkte feil.Artikkelforfattaren skiljer i dette avsnittet ikkje klårt mellom det som er offisiell norsk politikk - og handlingar i pakt med denne politikken - og det norske såkalla leigesoldatar seiast å gjere. (For artikkelforfattarens resonnement spelar ikkje dette skiljet noka rolle, men for debatt om norsk politikk gjer det sjølvsagt det).

LA DIFOR FØLGJANDE vere klårt: At norske militære drepte al-Qaidaleiar Al-Zawahiris hustru, var ein påstand som kom fram for ei tid tilbake. Det er ikkje rett. Tvert om. Det er gale. At eit norsk fly bomba sivile i eit brudlaup, er ikkje rett. Tvert om. Det er gale. At norske soldatar tar del i krig mot folk i Irak, er ikkje rett. Tvert om. Det er gale. Med mindre ein har andre definisjonar enn FN kva vedrører «krig mot folk», og mogeleg vis med mindre ein tenker på nemnte «leigesoldatar», som korkje Forsvaret eller deler av det offisielle Noreg har kontroll med.Spørsmålet om Noregs engasjement i krigen mot terror fører til meir eller mindre terror - på kort og lang sikt - er ein politisk debatt. Som ein er tent med å føre på grunnlag av fakta. Sit nokon på fakta som strir mot den kunnskapen norske styresmakter har, eller mot den informasjonen styresmaktene gir, bør dokumentasjon leggast på bordet før debatten blir interessant.