VARSLA: Tillitsvalde ved A-hus har, saman med pasientar og pårørande, fleire gonger varsla om alvorlege problem.
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB Scanpix
VARSLA: Tillitsvalde ved A-hus har, saman med pasientar og pårørande, fleire gonger varsla om alvorlege problem. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB ScanpixVis mer

Ikkje skyt vaktbikkja

Det er ille at politikarar og toppleiing går til angrep på vaktbikkjer i fagrørsla når desse fortel om ubehagelege manglar i tilbodet til folket.

Fagrørsla har den siste tida blitt skulda for berre å tenkje på interessene til egne eigne medlemmer. Kritikken er ikkje ny, men framleis feil. La meg minne om nokre døme på at fagrørsla og tillitsvalde har påpeikt kritikkverdige forhold i offentleg sektor.

Den siste tida har det storma rundt sjukehusa i Oslo-regionen. Leif Frode Onarheim trekte seg frå styret for A-hus. Bortsett frå det, har meldingane frå leiinga på sjukehuset vore at det meste går bra, og etter planen. Medieoppslaga tyder på at sjefar og fotfolk forstår situasjonen svært ulikt.

Tillitsvalde har, saman med pasientar og pårørande, fleire gonger varsla om alvorlege problem. Nyleg blei det på nytt slått alarm. Denne gongen frå eit verneombod, ein sjukepleiar ved barselavdelinga ved A-hus. Sjølv om dei tilsette står på for fullt, gjer dårleg bemanning det vanskeleg å ivareta oppgåvene på ein sikker måte. Langt oppe i leiarpyramiden har vurderinga vore annleis. Styreleiaren i Oslo Universitetssjukehus irettesette dei tilsette for ikkje å stå hardt nok på - dei var ikkje svoltne nok. Og den eine dagen hevda A-hus-direktøren at drifta var forsvarleg. Neste dag, etter påtale frå fylkeslegen måtte ho krype til korset og beklage overfor pasientar og pårørande som ikkje hadde fått forsvarleg behandling. Og ho fekk ros av den nye helseministeren. Ros for kva då, må eg spørje. Rosen burde ha gått til fagforeiningar og tillitsvalde som både har stått på og stått fram. Men varslingane har nok vore ubehagelege.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Aftenposten meinte på leiarplass (5. september) at Arne Johannessen burde gå av som leiar i Politiets Fellesforbund. Avisa meinte at han og fagforeininga hadde vore med å skape problema i politietaten som 22.juli-kommisjonen peika på, og at forbundet var medansvarleg for ein ukultur. Det er bra at media set eit kritisk søkelys også mot fagforeiningane si rolle. Men det er ikkje spesielt imponerande når avisa i praksis går til åtak på bodberaren. Det er ein velkjend, men også ein feig taktikk. Oftast kjem den frå arbeidsgjevarar og styresmakter, når bodberaren sine meldingar er ubehageleg.

Politiets Fellesforbund blir skulda for først og fremst å tenke på eigne medlemmer. Det ingen skriv om er at forbundet også har åtvara mot svake sider ved og i politietaten, og har foreslått konkrete forbetringar. Heile sju av ni tiltak frå Gjørv-kommisjonen var melde til politileiinga lenge før kommisjonen blei oppnemnd.

NRK brennpunkt viste gjennom reportasjar tidlegare i haust kor ille det står til med vedlikehald og inneklima i norske skular. Dette er ikkje nytt. Tvert i mot, også på 90-talet tok lærarorganisasjonane opp denne saka, peika store manglar og kravde forbetringar. Seinast under kommunevalkampen i 2010 forfølgde Utdanningsforbundet saka, og foreslo ein nasjonal dugnad for å friskmelde skulebygg som ei gåve til norskeelevar i samband med 200-års jubileet for Grunnlova. Styresmaktene har ikkje akkurat jubla for forslaget. Heldigvis har nokre politikarar no fått opp øya. Biletet er ikkje heilsvart. Men det hadde antakeleg stått verre til om ikkje tillitsvalde og forbundet hadde kritisert, og pressa på.

Maktutgreiinga frå 2002 påviste ein ubalanse mellom velferdsstatens politiske ambisjonar og ressursar som blir sett inn. Då som no. Ressursane strekk sjeldan til for å løyse oppgåver og tilfredsstille politikarskapte forventningar. Stram økonomi og høge ambisjonar aukar presset på dei tilsette. Det er dei som må ta støyten og fortelje borgarar og brukarar at tilbodet ikkje er godt nok. Trass i at helsearbeidarar spring beina av seg for å gi best mogeleg tenester. Professor Halvard Vike viser korleis dei tilsette må trå til «når budsjetter skjæres ned, ansvar fraskrives og dilemmaer desentraliseres». Det er dei tilsette som får kritikken og ansvaret når tilbodet ikkje er godt nok, ofte også når dei sjølve varslar om det.

Styresmaktene har godt av korrektiv - særleg når det er sprik mellom politikk og praksis. Ansvarsfulle tilsette og tillitsvalde har ei oppgåve i å seie frå når kvaliteten går ned og risikoen går opp. Dette er viktig for tilliten til offentleg sektor. Likevel har vi sett at dei, som ved Oslo-sjukehusa og i politiet, blir skulda for å vere ein del av problemet, også når dei kjem med forslag til forbetringar. Konstruktive forslag blir møtt med at tillitsvalde først og fremst tenker på medlemmene, og skuvar brukarane framføre seg. Det kan sikkert finnast døme på at det har skjedd. Likevel bør ikkje det ansvaret tillitsvalde tar når dei melder om manglar underkjennast. Når fagorganisasjonane tar rolla som samfunnsaktør, fremmer kritikk og foreslår løysingar, er det fordi dei har førstehands kjennskap til praksis. Dei både er og representerer profesjonelle yrkesutøvarar.

Følg oss på Twitter

Kanskje hadde politikarar vunne på å ta slike meldingar meir alvorleg. Eller er det for freistande å håpe at dei brutale medieoppslaga ikkje kjem før seinare - helst i neste periode?

Samfunnet treng dyktige og uredde tillitsvalde som kan seie i frå når noko er gale.

Unio nektar å godta usaklege angrep på forbund og tillitsvalde som gjer sin del av jobben. Difor kan eg forsikre at vi som fagorganiserte vil påpeike feil og manglar i systema og på arbeidsplassar. Så får det heller våge seg om vi irriterer og utfordrar. Vaktbikkja tar ansvar og toler kjeft men passar på.

Anders Folkestad, leiar i Unio.
Anders Folkestad, leiar i Unio. Vis mer