Imponerer og irriterer

Det virile og virtuose veksler med det krampaktige og konvensjonelle.

BOK: Gløden har ikke gått ut av Jakhelln sitt dristige og omfattende prosjekt. Og ein må bare ta av seg hatten for denne uthaldande og påståelige poeten som er avbilda i eit melodramatisk Johnny Winter-skrik på baksida av denne flott utstyrte boka. Jakhelln held fram i bok tre av fire planlagde, med si sære blanding av fortidsmytologi, samtidsmusikalitet og framtidsdystopiar: «Som et hårløst kid ble jeg født av Emblas ætt. » Han imponerer og irriterer.

Han provoserer og poserer. Ja, og han viser fram formell kunnskap og variasjonsevne. Han serverer til og med ein god gammeldags sonettkrans der førstelinja i alle dikta utgjer den siste sonetten, og siste linja i den eine er første linja i neste.

Smittende energi

Den førre boka hadde, trass den veldige spensten i fantasien og dei energiske åtaka på uvanlige emne for poetar i dag, visse parti der Jakhelln framførte velkjente sanningar som om dei var nyoppfunne krut. Dette opplever eg ikkje like påtrengjande i årets bok. Ein vert stort sett fanga inn av dette sære språkuniverset. I sin poetikk på bakre innbrett, skriv han: «Diktning taler tankens urspråk, danser på fornuftens lineære skafott. Diktingens formål er å være et attentat mot sansene.» Det er ein smittende energi og språkglede her, men også frustrasjoner og hat.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Hos Ingrid Bachmann står det: Sei ohne Sorge.

Det var derfor jeg flyttet: Jeg hatet Norge.»

Men det går over stokk og stein, og det er liksom litt av opplegget at det meste skal med. I ein poetikk på nettsida si skriv Jakhelln: «Diktning gror inn i det kognitive krattet av persepsjon, handling, hukommelse».

Vipper over

Det blir ofte så mykje at det vipper over i noko litt krampaktig, eller flatar ut i det banale, av og til openbart viljen og medvitne, rett nok, men det triste er at det fort blir til at han kritiserer det konvensjonelle og «plaprende fjernsyn i hver eneste stue» på den eine boksida, men er like konvensjonell i sin protest på ei anna bokside.

Lesargleder

Det dukker rett som det er opp ting som gjev leserglede her, sjølv om dei musikalske forbilda ikkje alltid er like veleigna til å overførast til boksida. Det som svingar til musikk kan verta ståande avkledd, naivt og lettfordøyelig i diktform:

Karakter: Verken omega eller amen.

Men mange angrer på sin dårlige eksamen.

Han gir stemme til dei mest usannsynlige avarter av skapninger, som eit esel med guddommelig anus. Han varierer også språkforma mellom anna ved å nytta fonetisk forma sørlandsdialekt og eit hybridspråk av engelsk og norsk, ÅNN/ÅFF. Av desse 150 sidene er det nok ikkje så mange som kan stå der og utgjera eit dikt aleine, men han utfordrar sjangeren «diktsamling» og lagar gjennomførte bokverk med dikt!