MÅNADENS POET: Terje Tørrisplass fekk mye merksemd då han debuterte i bokform i fjor haust. Her snakkar den skogskjære, naturnære poeten om skriving og skogarbeid i eit intervju med Klassekampen. Faksimile: KLASSEKAMPEN
MÅNADENS POET: Terje Tørrisplass fekk mye merksemd då han debuterte i bokform i fjor haust. Her snakkar den skogskjære, naturnære poeten om skriving og skogarbeid i eit intervju med Klassekampen. Faksimile: KLASSEKAMPENVis mer

Influensa førte skogens poet til topps

Månadens poet Terje Tørrisplass er inne i ei intens diktboble.

Fire finalister vart i februar trekt fram frå dei «vaksnes» diktforum Diktkammeret. I ein særs sterk runde var konkurransen knivskarp, likevel meinte juryen det heilstøypte og kontrastfine Tog var hakket kvassare enn dei andre tre. Bak signaturen Torjus Myhr skjuler poeten Terje Tørrisplass seg. Han har vore månadens poet fleire gonger, og finalist minst 12, og fekk i 2010 òg eit større publikum med Eg bygger ikkje byar, diktsamlinga han debuterte med på Samlaget den hausten. Stavanger Aftenblad trakk boka fram som ein av årets beste, med lovord som «den mest modne, gjennomarbeidede og gjennomlevde debutboken».

Poeten las på lanseringa av diktkammerboka «Å våga seg ut i ord» i haust, men elles har det vore noe stilt frå han i det siste. Men, fortel poeten:

— Sjølv om eg i ei lang periode har nedprioritert Diktkammeret, så er det veldig vanskeleg å rive seg heilt laus. Ein loggar seg inn her for å sjå kva som skjer. Då er det lett å bli inspirert til å leggje ut eigne ting. Så i den siste tida har eg vore inne i ein liten dk-raptus att. Eg kjenner jo på det å bli månadens poet no som ei aldri så lita stadfesting av at det eg held på med for tida, ikkje er så borte vekk. Noko eg sjølv av og til kan tenkje at det er. Sjølv om eg fekk gitt ut ei godt motteken samling i 2010, så tenkjer eg ikkje på noko vis at eg skriv på eit høgare nivå enn veldig mange på dk. Snarare tvert om. Ofte rører eg det skikkeleg til.

«Skogspoeten» Tørrisplass fortel at han jobbar med eit nytt bokmanus.

DEBUTANT: 53 år gammal debuterte Terje Tørrisplass på nynorskforlaget Samlagets hausten 2010. Foto: Berit Roald / Scanpix
DEBUTANT: 53 år gammal debuterte Terje Tørrisplass på nynorskforlaget Samlagets hausten 2010. Foto: Berit Roald / Scanpix Vis mer

— Men eg kjenner meg slettest ikkje trygg på at det blir bok. Ein må uansett bruke den tida ein treng og prøve å ha eit avslappa forhold til det. Men dei siste par månadene har eg vore inne i ei intens diktboble. Og trongen til einsemd, til jern, har nok sendt meg ut på ei ganske usosial indre togreise.  Og der rører han ved sjølve tematikken for månadsdiktet — å ønske seg vekk, inn i roen, inn i einsemda.

— Kan du seie litt meir om den?

— Eg trur nok dragninga mot det å trekkje seg attende er ein tematikk som går att i dikta mine. Og denne samtidige kjensla av verdien i det motsette. Det ligg både ein konflikt og eit samspel i det. Utover dette vil eg ikkje postulere noko om tematikken her. Eg vil at lesarane skal ha sine tolkningar i fred. Og så er eg veldig spent på jurybegrunninga.

— Korleis jobba du med diktet?

— Utgangstilstanden for diktet er hovudpine! Eg hadde influensa og kom meg ikkje til skogs. Eg stod vel og stirde mot skogkanten eg lengta inn i, og så kom dette tog-biletet brasande gjennom hovudet. Den fyrste versjonen la eg ut i april 2008 (det fann eg ut via Rangøys utanomjordiske søkjeverktøy). Eg jobba noko med det den gongen, og skreiv eitt par revideringar seinare. Men eg fekk det ikkje til og skubba det frå meg. Inntil no i februar. Då såg eg umiddelbart diktet i diktet, essensen. Eg flengte bort nokre utruleg krøkkete formuleringar og bytta om på nokre liner og bilete, og la det ut. I sterk tvil om ei «varm» hofte. Fekk raskt eit forslag om at «varm» burde bort (frå Lulu, mednominert med eit sterkt dikt under ein usedvanleg gripande tittel!). Og diktet var — sjølv om eg framleis lurar på om eit adjektiv hadde gjort seg der — på plass. Vindaugsplass.

— Og korleis jobba du med rytmen, alliterasjonane og val av ord?

— Allitterasjon er noko eg i liten grad jobbar bevisst med. Eg leitar ikkje etter ord for å skape bokstavrim. Det er eit verkemiddel som tydelegvis fell naturleg for meg, utan at dei alltid er tilstades i dikta mine. Ofte oppdagar ikkje bokstavrima før etter eg har skrive diktet, eller når nokon gjer meg merksam på det. Rytme har eg vorte meir oppteken av etterkvart. Eg likar å få driv og flyt i teksten, og les alltid dikta høgt for meg sjølv gong på gong, som ein test. Likevel kan det godt hende eg slepper frå meg tekster der eg ikkje ser på rytmen som essensielt viktig. I "Tog" er den det, og eg trur eg har vore ganske heldig både med allitterasjon og tog-rytme.

— Og med kontrastene, vi nemner hardt jern kontra mjuk hofte, støy kontra einsemd? 

PÅ EIN TOGTUR I ITALIA: Terje Tørrisplass tek toget. Foto: Privat
PÅ EIN TOGTUR I ITALIA: Terje Tørrisplass tek toget. Foto: Privat Vis mer

— Kontrastar er viktig for meg. Dei dukkar ofte opp i dikta, trur eg. Eg kan ikkje seie eg sveittar over dei heller. Utfordringa for meg er ikkje bruken av verkemiddel, men kva eg vil uttrykkje, korleis eg skal vinkle ein tematikk og formulere han. Eg tek utgangspunkt i det levde livet, som eg opplever som ei reise gjennom kontrastar. Gjennom observasjon og deltaking/fråvær. Kvar rørsle me gjer og naturen gjer, kan tenkjast skapt i ein relasjon mellom nærleik og avstand, vekst og forfall, lys og mørke, kaldt og varmt. Mjukt og hardt. Ja, ein kan vel våge seg til å seie at skaparverket i seg sjølv ikkje er så reint lite erotisk.

Vi gratulerer med ein snartur til fortida for fleire fine togbilete, om enn frå stasjon- og ikkje vindaugsplass. Og med denne juryens kommentar:

Poesien er tryllestaven
Juryens kommentar:
Av og til bare elskar me nokre linjer i eit dikt. Dei skapar ein rytme og eit sug i oss. Opningslinjene i «Tog» er slik. Dei bankar og syng. Dei vil vera her og dei vil bort. Vil vera undervegs. Og så kjem denne midtlinja si skildring av sjølve togreisa, med det fabelaktige avsluttande uttrykket «Grånar vekk hus.»  I avslutninga av diktet vert ein mjukare, lysare og meir lengtande tone sett opp mot det bankande og jernharde som syng seg fram. Den tonen seier kanskje noko om kva ein reiser for å finna. Eller reiser bort frå. Her er gjerde og kant og rørsler. Her er nærvær og fråvær og song. Når poeten verbaliserer landskapet sett frå toget slik: «Pumpar ut skogar. Roterer bort jorder.» så vert verda sett i bevegelse, og poesien er tryllestaven, bokstaven som vart magisk.

For juryen,
Helge Torvund

DIKT I DAGBLADET: Diktkammeret (startet 2001) er Dagbladets diktforum for skrivende i alle aldre.
Skolekammeret (startet 2003) er forumet for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret. 
• Hver måned kårer juryen — som består av Torvund, Rishøi og Maria Børja — de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladet (med forbehold om lengde). Én finalist fra hvert forum blir også kåret til månedens poet.
• I tillegg tilbys Dikt.no, et skriveverksted der det er åpent for flere sjangere.
• Les også: Helge Torvunds leksjoner!

DIKTKAMMERET I BOKFORM:
Mange kammerpoeter har etter hvert debutert i bokform, og det er laget tre bøker i tilknytning ti kammerne:
«Diktkammeret. Å skriva poesi» av Helge Torvund (Samlaget 2001)
«Faen ta tyngdekrafta. Vinnere fra videregående» (Gyldendal 2008)
«Å våga seg ut i ord — Diktkammeret ti år»: jubileumsutgave for Diktkammerets første ti år (Samlaget 2011)