Debatt: Psykisk helse og toleranse

Ingen blir fødde til å ikkje akseptera kvarandre

Lat oss saman endra haldningane i samfunnet, og skapa eit ekte fridomssamfunn.

EKSTRA VIKTIG: Me har alle eit ansvar for å skapa det varme og opne samfunnet me ynskjer oss. Men politikarane har eit ekstra viktig ansvar når dei no går til val, skriver artikkelforfatteren. Illustrasjonsfoto: NTB scanpix
EKSTRA VIKTIG: Me har alle eit ansvar for å skapa det varme og opne samfunnet me ynskjer oss. Men politikarane har eit ekstra viktig ansvar når dei no går til val, skriver artikkelforfatteren. Illustrasjonsfoto: NTB scanpixVis mer
Meninger

Rundt halvparten av innbyggjarane i Norge vil oppleva psykiske helseutfordringar i løp av livet. Det er ganske mange mennesker - og alle desse menneska fortener å ha eit godt psykisk helsevern. Eg er, som dei fleste andre, einig i at psykisk helse er viktig. Og difor vil eg ha meir fokus på dette i den komande valkampen.

I dagens samfunn må folk kjempa dagleg for det eg ser på som ein grunnleggjande menneskerett: å bli akseptert som den dei er. Det gjeld alle frå LHBTQ-personar til heterofile gutar og jenter som av ein eller annan grunn ikkje passar inn i kjønnsrolla si. For lite maskuline gutar blir ledd av, for maskuline jenter blir gjort narr av. Er du for flink på skulen er det gale, er du ikkje god nok på skulen er det òg eit problem som kan føre til at du blir mobba. Alt er ein kamp for å bli akseptert. Eg vil gå så langt som å seie at me lever i eit ufritt samfunn.

No som valkampen kjem nærare og nærare vil politikarar igjen byrja å snakka om kva tiltak dei vil setja inn for å gje eit betre tilbod til dei som slit med psykiske helseplager - altså dei fleste av oss. Fleire psykologar og fleire helsesjukepleiarar, fjerna eigenandel hjå fastlege/legevakt for 16 og 17-åringar, betre opplæring i psykisk helse for lærarar. Alt dette er utan tvil gode og viktige tiltak, men dei er berre symptombehandling. Ein set inn tiltak for å hjelpa når folk har fått psykiske helseplager, i staden for å skapa eit samfunn som fjerner årsakene.

Eg er veldig stolt av at Raud Ungdom og Raudt jobber for å endra folk sine haldningar. Me vil skapa eit ope og fritt samfunn kor alle kan elska den dei vil, kle seg korleis dei vil - rett og slett vera den dei er utan å bli dømt for å ikkje passa i dei boksane samfunnet vil putta oss i. Slik kan me behandla «sjukdomen» og ikkje berre driva symptombehandling.

Eit godt døme på dette: Dei siste to åra har eg delteke på sommarleiren til Raud Ungdom på Utøya, og fleire andre nasjonale RU-arrangement. Aldri, korkje på skule, fritidsaktivitet eller andre stader, har eg opplevd eit så trygt og godt miljø eller eit opnare menneskesyn.

Her kan du vera skeiv utan å få dømmande blikk. Her kan personar som ikkje kjenner seg som korkje hankjønn eller hokjønn vera seg sjølv utan å bli bombardert med unødvendige spørsmål. Her kan eg innrømma at eg er stor fan av Eurovision utan å bli spurt om eg er homo. Og best av alt - me kan snakka om kjenslene våre utan å bli latterleggjort eller få høyra at barn i Afrika har det verre enn oss. (For kva hjelper det eigentleg å få høyre at nokre andre har det verre enn deg? Du blir ikkje kvitt dine eigne problem av den grunn).

Når eg er på RU-arrangement er eg fri til å vera meg sjølv, akkurat som eg er og kjenner meg - utan at nokon dømmer eller ser rart på meg. Det er eit slikt samfunn eg ynskjer at me skal ha!

Me har alle eit ansvar for å skapa det varme og opne samfunnet me ynskjer oss. Men politikarane har eit ekstra viktig ansvar når dei no går til val. Politikarar må stå opp for mangfaldet og varmen i samfunnet, med ord, men ikkje minst i handling.

Ingen blir fødde til å ikkje akseptera kvarandre, det er noko me lærer. Det vil òg seia at me kan læra oss annleis. Lat oss saman endra haldningane i samfunnet, og skapa eit ekte fridomssamfunn.

Ingen er fri, før alle er fri!

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.