Ingen kunnskapsrasisme i Ap

ELITE-AP: Arbeidarpartiet har i alle år nytta seg av folk som har høg utdanning.

ETTER Å HA LEST debattinnlegget «Arbeiderpartiets kunnskapsrasime» av Erling Fossen 22. oktober, sit eg igjen med ein tanke. Kor enkelt er det ikkje å kunna lira av seg ei mengd påstandar krydra med sterke ord utan dekning i det verkelege liv? For det er jo fullstendig missvisande alt det Fossen skriv om Arbeiderpartiet sitt tilhøve til personar med utdanning. Fossen nyttar ordet «klasserensing» om politikken til Arbeidarpartiet. Det er eit sterkt ord og ein skal jammen ha god dekning for å nytta eit slik ord. Det har ikkje Fossen.

Oppfatninga hans av Arbeidarpartiet tar utgangspunkt i 1961, då han meiner at partiet med få unntak rensa ut alt som var av akademikarar, slik at ein berre sat igjen med arbeidarar med «ekte flekker på fingrene». Og slik meiner Fossen at AP med LO si hjelp også er i dag. Det er ikkje plass for dei med meir enn 7-årig folkeskule og som ikkje tener meir enn det industriarbeidaren har i løn, meiner Fossen.

Alle som følgjer litt med, veit at slik er det ikkje. Sjå berre på dei som no skal representera Arbeiarpartiet dei neste fire åra på Stortinget. Der utgjer dei med høgare utdanning ein større del enn i folket elles. Sjå på dei som er utnemnde og tilsette i regjeringsapparatet. Der er innslaget personar med høgre utdanning enda sterkare. Slik har det alltid vore i Arbeidarpartiet og slik må det også vera. Arbeidarpartiet har i alle år nytta seg av folk som har høg utdanning, og mange med høg utdanning har også slutta seg til Arbeiarpartiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men det som dei med høgre utdanning som no skal vera med og fronta politikken til Arbeidarpartiet og den nye regjeringa har til felles, er at dei har meir ballast enn berre utdanninga. Det er folk som er politisk dyktige fordi dei har delteke i politisk arbeid og i tillegg gjennom yrkesbakgrunn har tileigna seg viktig kunnskap. Og det er personar som til dømes har hatt sitt arbeid i fagrørsla, og som på sine fagfelt vil kunna gjera ein god politisk innsats.

DET SOM ER ei stor utfordring for Arbeidarpartiet som eit breitt folkeleg sosialdemokratisk parti, er evna til å rekruttera i breidda. Det er viktig at det ikkje er karakterboka og akademisk grad som skal vera inngangsporten til verv. Det skal også vera mogeleg for dei som ikkje har teke høgare utdanning å representera Arbeidarpartiet. Det er ikkje å ha forakt for kunnskap. Det er å verdsetja at det finst viktig kunnskap som kan skaffast på anna vis enn gjennom akademiske titlar. Og det er viktig for at deira kunnskapar og erfaringar skal vera med å prega politikken. Skal Arbeidarpartiet kunna kritiserast for noko når det gjeld rekruttering, må det heller vera det motsette. At ein kanskje ikkje i god nok grad klarer å rekruttera tilstrekkeleg utanom dei mange som berre har utdanning og partiarbeid som bakgrunn. Men dette er jo slett ikkje noko som berre råkar Arbeidarpartiet. Det råkar alle parti. Arbeidarpartiet er langt betre enn dei andre partia.

Som Fossen er inne på, har mange i Oslo høgre utdanning. Eit parti som i denne byen vil ha brei oppslutning og vera eit parti som fangar opp i seg samfunnsengasjerte menneske med ulike bakgrunnar, må derfor med nødvende rekruttera også mellem dei som har høgre utdanning. Det gjer Oslo Arbeiderparti. Det som derimot er den store utfordringa i Oslo, er å rekruttera mellom dei som ikkje har høgre utdanning. Dei utgjer fleirtalet, men er svakt representert. Dette er ei særleg utfordring for Arbeidarpartiet, fordi Arbeidarpartiet har så sterk oppslutning mellom desse gruppene.

OSLO ARBEIDERPARTI har etter mitt syn klart denne vanskelege balansen. To av dei nye som kom inn på Stortinget frå Oslo Arbeiderparti etter stortingsvalet i haust har det til felles at dei er unge og at dei har eit sterkt politisk engasjement. Men så er det ein viktig ting som skil dei. Den eine har tatt høgre utdanning på Universitetet i Oslo. Den andre har tatt fagbrev innanfor elektrofaget. Begge er rike på kunnskap, men har opparbeidd han på ulike måtar.

Oslo er ein sterk lagdelt by. Det gamle skiljet mellom aust og vest er der framleis, og lagdelinga i byen har på mange måtar forsterka seg dei seinare åra. Ein ser stadig tydelegare mønster på kor folk bur etter kva inntekt og utdanning dei har. Liberaliseringa av boligpolitikken først på 80-talet la grunnlaget for å forsterka desse skilja. Folk med låg utdanning og ofte gjennomgåande låge inntekter flyttar dit bustadprisane er lågast, medan dei med høgre utdanning og høgre inntekter kan etablera seg på eit høgre bukostnadsnivå. Dette slår også ut i oppslutning om Arbeidarpartiet. Ap gjorde ved dette stortingsvalet eit brakval i drabantbykrinsane i aust og sør. Jamt over 40 - 45 prosent oppslutning. For å finna samanlikning på slik oppslutning må ein gå til dei einsidige industristadane eller til småkårskommmunar i indre Austland og i Nord-Norge. Gapet i oppslutnad for Arbeidarpartiet mellom drabantbyane og dei vestlege kretsane i Oslo auka ved dette valet.

DERFOR SYNEST eg ikkje det er det minste underleg at det oppstår ein diskusjon om kven som skal representera Arbeidarpartiet. I kor stor grad skal dyktige og sterke personar med høg utdanning busette på Oslo vest-krinsar med låg AP-oppslutning vera representerte i høve til personar med annan bakgrunn busette i Oslo aust-krinsar med sterk AP-oppslutning? Dette er ein vanskeleg balansegang Oslo AP i rimeleg god grad har meistra. Det er i alle fall ikkje dei med høgre utdanning som er taparane.

Det vil alltid vera nokon som ikkje er samde med kursen, og dei får lett medieoppslag. Faktum er likevel at Oslo AP er meir samla enn på lenge. Under Jan Bøhler si faste og engasjerte leiing har Oslo AP styrka seg. Det blei laga ei god og samlande politisk plattform som Oslo AP gjekk til val på. Ein del av plattforma var fornying av næringspolitikken tilpassa Oslo sin situasjon og utfordrande. Kunnskapssamfunnet og korleis ta i bruk ny forsking for å skapa næringsutvikling var ein del av denne plattforma. Politikken skapte entusiasme og glød i organisasjonen. Arbeidarpartiet oppnådde 31,5 prosent av stemmene i Oslo og 6 representantar på Stortinget.