Debatt: Israel og Syria

Ingen må prøve å sause meg saman med IS-folka

Slikt vil eg ha meg fråbedt.

ÆRLEG ARBEID: Kva eg sjølv held på med, medan eg budde på den fredelege og vakre Golanhøgda? Forutan å skrive artiklar for pressa heime, livnærte eg meg ved å pendle til Galilea. Der var eg med på skogsarbeid, og slik forsørgja eg familien frå dag til dag, med ærleg strev, skriv innsendaren. Foto: Privat
ÆRLEG ARBEID: Kva eg sjølv held på med, medan eg budde på den fredelege og vakre Golanhøgda? Forutan å skrive artiklar for pressa heime, livnærte eg meg ved å pendle til Galilea. Der var eg med på skogsarbeid, og slik forsørgja eg familien frå dag til dag, med ærleg strev, skriv innsendaren. Foto: PrivatVis mer
Meninger

I eit debattinnlegg i Dagbladet tirsdag 12. mars føreslår Gunnar Løkkebø å ta statsborgarskapet frå underteikna fordi eg budde på Golanhøgda saman med familien medan eg skreiv artiklar for norske presse i 2017.

Løkkebø synest han greier å sjå parallellar mellom ein skjønnlitterær forfattar som har opphalde seg periodevis i Israel dei siste tjue åra - denne gongen på Golanhøgda - og IS-kvinnene som ønsker å reise til Norge igjen etter å ha prøvd lukka under kalifatet i Syria.

Det er vanskeleg for Løkkebø å sjå forskjell på dei som frivillig vervar seg i den mest valdelege organisasjonen verda har sett i moderne tid, og forfattaren som skriv artiklar medan han bur i konfliktsona på den fredelege sida av grensa.

Ein ting står klart igjen frå tida mi på Golanhøgda: Det var ingen som budde på den israelsk-kontrollerte sida som heller kunne tenkt seg å budd i dagens Syria. Ingen som eg møtte uttrykte slike ønske.

Eg vil ikkje med dette undervurdere den drusiske befolkninga si lengt etter heimlandet, for den var reell, spesielt blant eldre drusarar, i aller høgste grad. Men dei som uttrykte at dei sakna Syria, ønska å bu i eit demokratisk Syria - ein gong i framtida.

Det var ingen der som sakna det syriske diktaturet. Ingen som eg møtte skulle ønske at dei spelte ei meir aktiv rolle i den pågåande syriske borgarkrigen. Heldig var den som kunne leve under demokratiske tilhøve, på den israelske sida av grensa, verna frå det sekteriske blodbadet.

Og kva var det eg sjølv held på med, medan eg budde på den fredelege og vakre Golanhøgda? Forutan å skrive artiklar for pressa heime, livnærte eg meg ved å pendle til Galilea. Der var eg med på skogsarbeid, og slik forsørgja eg familien frå dag til dag, med ærleg strev. I det daglege var eg nok ikkje vitne til fleire valdelege handlingar enn kva Gunnar Løkkebø sjølv får sjå, ein vanleg dag ute på Dokka i Oppland.

Innlegget til Løkkebø munnar ut i nokre retoriske spørsmål: Kva om folk som Jørgensen - etter å ha vore busett på Golan - hadde mista det norske statsborgarskapet, på linje med andre som har opphalde seg på okkuperte område? Hadde fredsviljen då vore større?

Kven si fredsvilje er det han tenker på her? Den norske forfattaren? IS-kvinnene som helst vil bu i Norge likevel? Tenker han på si eiga vilje til å skape fred på jord? Ja, bryr han seg verkeleg om saker som han ikkje har vilje til å sette seg inn i? Og kor var redaksjonen i Dagbladet då Løkkebø faktisk fekk samanlikne ein skjønnlitterær forfattar med IS-sympatisørar?

Ingen her må prøve å sause meg saman med IS-folka - heller ikkje Gunnar Løkkebø: Slikt vil eg ha meg fråbedt.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.