DEBATT

Ingen norsk politiker er så Trumpsk splittende som Sylvi Listhaug

Det hadde vært på sin plass å si unnskyld.

SPLITTER: Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) vekker sterke følelser. - Titusenvis fylgjer henne på fjesboksida hennar og jublar uhemma kvar gong ho seier noko. For enkelte er ho frelsaren som er komen for å berge dette heimsøkt landet, skriver Jarl Wåge.  Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
SPLITTER: Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) vekker sterke følelser. - Titusenvis fylgjer henne på fjesboksida hennar og jublar uhemma kvar gong ho seier noko. For enkelte er ho frelsaren som er komen for å berge dette heimsøkt landet, skriver Jarl Wåge.  Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Då sonen min blei fødd (1973), var det ikkje noko som heitte pappaperm. Eg hadde to dagar fri frå jobben. Kona mi fekk tre månaders svangerskapspermisjon, og så bar det attende til jobben for henne òg. Då var det sjølvsagt ikkje tilbod om barnehage, så det var å finne dagmamma. Han fikk ikkje plass i barnehage før han var tre år. Slik var det for alle småbarnsforeldre på den tida. Kvinner fødde barn, jobba, fødde barn, jobba, og veldig lite var tilrettelagt frå samfunnet si side.

Når eg ser attende på denne tida og den formidable innsatsen desse yrkesaktive småbarnsmødrene gjorde, er det bare å bøye seg i nasegrus beundring. Dei var dobbeltarbeidande i ordets rette forstand, ofte med mann som ikkje hadde hus og heim som fyrsteprioritet.

Etter kvart innsåg kvinnene at dersom dei skulle kunne ta utdanning og gjere karriere, måtte tilhøva leggjast til rette på ein heilt annan måte når det kom barn til verda. Dermed bar det opp på barrikadane for feministar av alle kjønn. Dei satsa blod, sveitte og tårer for å gjere det enklare å vere småbarnsforeldre.

I løpet av eit par tiår bar kampen frukter. I ettertid ser vi formidable resultat av innsatsen. Noreg har på mange måtar blitt eit likestilt samfunn. Vi har verdas beste permisjonsordningar og tilretteleggjing som alle småbarnsfamiliar kan nyte godt av. Også Sylvi Listhaug og mannen hennar som ventar familieforauking om ikkje lenge. Som Grete Berget skreiv i en glitrande artikkel i Aftenposten nyleg, kan dei ta eit års foreldrepermisjon når barnet kjem til verda. Listhaug har signalisert at ho vil tidleg attende til den krevjande ministerjobben. Då slepp ho dagmamma, for mannen kan ta lenger permisjon. Når barnet er eitt år, er hen garantert barnehageplass fram til skulealder. Då er det òg SFO som tilbyr aktivitetar og tilsyn før og etter skulen til fylte ti år.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer