Ingen statleg sensur

KRINKASTINGSSJEF Bernander slapp fredag 6. mai til i Dagbladet. Under overskrifta «Sensur?» kjem han med sterk kritikk av Regjeringa sitt framlegg til presisering av reglane om skjult reklame i kringkastingslova. Blant anna meiner han at vårt forslag er ein trussel mot kringkastarane sitt redaksjonelle sjølvstende og at NRK kan hende må slutta med forbrukarjournalistikk fordi slike programmer kan virke salsfremjande. Bernander teiknar ein karikatur av forslaget vårt. La meg gjera det heilt klart at det sjølvsagt ikkje er noko i framlegget som vil hindra NRK i å lage forbrukarprogram, eller kulturprogram der programleiarane kjem med subjektive anbefalingar. Når vi ser på til dømes eit filmmagasin på fjernsyn, så tåler vi godt at programleiaren anbefaler ein bestemt film, så lenge anbefalinga spring ut frå ei redaksjonell vurdering. Det er verre om anbefalinga skuldast at produsenten av filmen har «kjøpt» ei positiv eksponering. Som sjåarar må vi vera heilt trygge på at programma vi ser er redaksjonelle produkt, ikkje kamuflerte salsplakatar.

VI HAR ALLE sett korleis Hollywood-filmar ofte er reine marknadsføringsmedium for mobiltelefonar, bilar, sko, klede etc. Vi veit óg at det i eit lite land som Noreg ofte kan vera vanskeleg å få finansiert ein fjernsynsproduksjon. Om det var fritt fram for skjult reklame i lovverket er det ein fare for at produsentar ville la seg freista inn i eit tettare «redaksjonelt samarbeid» med sponsorar.