EGNE SAKER: Per Kristian Foss i Kontroll- og konstitusjonskomiteen har vært en av de skarpeste kritikerne til Lysbakken. Men han har selv saker å svare for, mener artikkelforfatteren. Foto: Morten Holm / Scanpix
EGNE SAKER: Per Kristian Foss i Kontroll- og konstitusjonskomiteen har vært en av de skarpeste kritikerne til Lysbakken. Men han har selv saker å svare for, mener artikkelforfatteren. Foto: Morten Holm / ScanpixVis mer

Ingen straffefrihetskultur i Norge?

Foss og hans allierte i Kontrollkomiteen skal no kontrollere pengeutdelingane i alle departement. Men truverdige er dei ikkje.

Eg fekk mange reaksjonar etter at eg skreiv i Dagbladet at rette vedkomande bør vurdere om daverande statsråd Lysbakken og statssekretær Bergstø hadde «gitt SU-venner en «utilbørlig fordel».» Eg hevda at dette i så fall ville bli ramma av korrupsjonsparagrafen i straffelova.

Nokre få har sagt det var feil å rette slik kritikk mot politikarar som står så nær mitt eige parti. Eg synst det standpunktet åpnar for farleg kameraderi. På andre sia er Kontrollkomiteen i Stortinget (eller ko-ko-komiteen som han og blir kalla) til dels prega av hykleri av motsett slag.

Eg skal berre ta med eitt eksempel på dette. Per Kristian Foss (H) i Kontrollkomiteen har vori av dei skarpaste mot Lysbakken. Han sa til NTB at «det kan se ut som om SU har brukt Lysbakkens departement som sin private pengekasse.»

Foss har ikkje berre lang fartstid i Stortinget. Han var òg leiar i Oslo Høgre. Kort tid etter han fekk dette vervet, mottok Foss to billettar til eit luksuscruise i Middelhavet. Gåva kom frå bissnissmannen Atle Brynestad som i årevis var formann i «Økonomistyrets arbeidsutvalg» i Høgre. Utvalet organiserte partisponsing frå vener i næringslivet.

Foss og sambuaren reiste i juli 2000 på cruise med «Seabourn Spirit». VG skreiv at skipet «av kresne amerikanske magasiner er kåret til jordklodens desidert mest luksuriøse og beste». Cruise-billettane til Foss og sambuaren hadde ifølgje VG ein marknadsverdi på rundt 100 000 kroner.

Eit Høgre-byråd styrte Oslo og Atle Brynestad var på veg inn på den nye og politisk vedtatte marknaden for sjukeheimar. På forsommaren tok han kontakt med dei som hadde «bestillerfunksjonen» i Rådhuset. Kontraktssamtalane kom i gang få veker etter at leiaren i Oslo Høgre kom heim frå Middelhavet.

Kritikarar hevda at Høgre og Brynestad følgte prinsippet «cruise før kontrakt». Brynestad sa det på ein annan måte: «Det er hyggelig å kunne gi noe også - ikke bare ta i mot.»

Sluttresultatet vart at nokre få Høgre-politikarar ga Brynestad-selskapet ein uvanleg utleigekontrakt. Brynestad skulle i 20 år leige ut ein sjukeheim han enno ikkje hadde bygd på ei statleg tomt som han enno ikkje hadde kjøpt.

Da underskriftene var på plass, selde Brynestad kontrakten før det første spadestikket på tomta. Selskapet hans bokførte i 2002 ein skattefri nettogevinst på 24,5 millionar kroner. Skattytarane betalar rekninga over sjukeheimsbudsjetta.

Regelstridige pengeutdelingar frå fleire SV-statsrådar blir små samanlikna med denne gåva til Brynestad. For å få det til måtte Høgres beste kvinner og menn mellom anna ordne:

•Ein foreløpig Brynestad-avtale utan kunngjering og konkurranse.

•Ein 20 års leigekontrakt i strid med Lov om offentlige anskaffelser.

•Brot på fleire bystyrevedtak.

•Press på staten for at Brynestad skulle få kjøpe tomt.

Cruise-gåva til leiaren i Oslo Høgre rett før kontraktssamtalane med Brynestad var ukjent i mange år. Foss gav nemleg ingen opplysningar til Økonomiregisteret i Stortinget.

Foss og hans allierte i Kontrollkomiteen skal no kontrollere pengeutdelingane i alle departement. Men truverdige er dei ikkje så lenge dei ikkje vil rydde opp i dei store sakene der politikarar har gitt bort store verdiar til handplukka mottakarar.

Inn til vidare står eg derfor fast på påstanden om at Norge har ein «straffefrihetskultur» for viktige politikarar som blir innblanda i korrupsjon eller liknande forhold.