«INNFORBI»:  Helseminister Høie (H) held seg «innforbi» der andre trakkar over. Her med  Marit Bjørgen og Therese Johaug Foto: Bjørn Langsem / DAGBLADET
«INNFORBI»: Helseminister Høie (H) held seg «innforbi» der andre trakkar over. Her med Marit Bjørgen og Therese Johaug Foto: Bjørn Langsem / DAGBLADETVis mer

Innforbi loven

Med dialektisk, krenkande kroppslig handlekraft.

Kommentar

DENNE VEKA har Per Sandberg vore på kjøret og prøvd å massakrera Knut Arild Hareide. Fremskrittspartiets uanstendige første nestleiar bed ikkje om tilgivelse for krenkelsane, men har Siv Jensens fulle støtte for å bruka sin ytringsfrihet mot dei små tullepartia. Sandberg er åpenbart eit offer for at det fleirkulturelle og fargerike regjeringsfellesskapet har spelt fallitt. Fremskrittspartiets anstendige andre nestleiar, vegminister Ketil Solvik-Olsen, har kjørt til Bergen. Statssekretær Bård Hoksrud, som bomma i Riga, men har fått lagt inn noen 110 km/t striper på vegen til Bamble, var med på turen. Det var også statssekretær John-Ragnar Kvam Aarset frå Hol, som har ein agenda: At vegen kan gå hvorhen-den-vil, bare den går gjennom Hallingdal.

FØR HAN BLEI øyrekviskrar i samferdselsdepartementet, veksla Aarset mellom høgrepolitikk og annan lobbyisme i kommunikasjonsbransjen. Han kom rett frå stillinga som daglig leiar i Forum Nye Bergensbanen, som er ein forlengelse av komiteen for Bergensbanens forkortelse. Etter at Ulriken blei gjennomhola etter Rieberplanen, sto Ringeriksbanen for tur med penetrering av Krokskogen. Den hestehandla SV fram med Kjell Opseth i 1992 - i bytte mot ferjefri heilårsveg over Filefjell og innom Sogn og Fjordane.

DER STOPPA TOGET til Hønefoss. Til det plutselig i fjor haust dukka opp eit fjerde bein på Inter City-trianglet mellom Lillehammer, Skien og Halden - teikna inn med tusj på forlengst vedtatte kart. Aarset hadde prova handlekraft, tatt ein gambit og skapt konsensus - tvers igjennom vedtak, bompengar, padder og salamandrar i våtmarksområde. Og så er det stadig noen som trur at tida er ute for personlige prosjekt i politikken! Med eller utan forkledning i produktivitet og samfunnsøkonomisk lønnsemd.

DEN USTOPPELIGE Ingeborg Moræus Hanssen frå Frogner og den første Minerva-kretsen, men barnefødd i Sarpsborg, har slått drabelig til mot Østfold-dialekten. Den passar seg ikkje innforbi danna sirklar og i nekrologar, men kanskje i filmkomediar om lange, flate ballær med pælær. Denne spalteskrivaren er ikkje den rette til å kasta stein i språklige glashus, for han blir ofte dadla for ikkje å halda seg innanfor det korrekte. Men eg høyrer frå Stortingets grillfest at statsråd Bent Høie både har halde seg innforbi Randabergs dialektiske normer og innforbi helseforetaksloven i striden mellom fogderia i nord-vest. Det er ein stor prestasjon, så mye ugreie som det er innforbi helsevesenet.

SKI-VM I FALUN er i gang. Trøndarane tar det ikkje lugnt, men viser igjen fram det den svenske idéhistorikaren Sverker Sörlin kalla «kroppens geni» i si bok om trøndersk langrenn som lidenskap. Petter Northug, skisportens ubereknelige og storsnuta svar på Per Sandberg, har reist seg etter kræsjet og fått tilgivelse. Den alltid like prektige Marit Bjørgen er i rute, sjøl om ho kan koma til å falla for Kalla. Men uansett skal vi alltid minnast Falun som eit nostalgisk høgdepunkt i det norske sjølbildet: Det var der, i 1974, at trøndaren Magne Myrmo blei den siste verdensmester på norske treski. Før plast og multikulturalisme skitna til dei kvite spora.