Integrering, ikke stempling

Norsk offentlegheit stemplar polske arbeidarar som den nye underklassen.

MIGRASJON: Arizona, USA. Skarpskyttarar kjem opp frå veigrøfta, speidar utover landskapet. Ørkenen strekker seg endelaust. Amerikanske militærkøyretøy med skarpladde maskingevær passerar min Ford. Eg køyrer gjennom slummen i bakgatene i Las Vegas, i New Orleans, gjennom den milelange slummen ved den meksikanske grensa i El Paso full av skur med tøyfiller framfor døra.Seks månader tidlegare. Eg ligg på alle fire å kravlar langt inni tarmsystemet på ei dau ku langt ute på prærien, flugene svirrar og termometeret passerar eit altfor høgt tal på Fahrenheit-skalaen. Etterpå sit eg på ei tom ølkasse, ser sola gå ned over prærien og får sendt over ei ny flaske Bud Light.Eg er mobil, har kryssa eit hav og havna på ei side der ølet er lysare, klasseskilla større og kyrne fleire. Eg jobbar på ein farm der statlige rassia prøver å avdekke dei illegale immigrantane, står på vasski saman med mine kristne konservative middelklasseslektningar og drikk Corona og Bud med mine meksikanske arbeidskameratar som ikkje snakkar engelsk. Klasseskilla er til å ta og føle på. Her på bygda i Wisconsin er meksikanarane er den definitive underklassen. Uten engelske språkkunnskapar, sjølv etter mange års opphald i USA.I 2001 blei det i Wisconsin produsert meieriprodukt til ein samla verdi av 9 673,3 millionar amerikanske dollar. I juli fantes det i Wisconsin 1 244 000 kyr fordelt på 14 572 farmar. Antal kyr stig, melkeproduksjonen stig og farmane blir stadig større. Dermed tronar melkeprodukt på ein solid andreplass over verdiskapande sektorar i staten, statskallenamnet Americas Dairyland prydar alle bilskilt, og i 1971 utnemde Wisconsin like godt melkekua til «State domestic animal». Det er opplest og vedtatt at amerikansk landbruk ikkje kan klare seg utan billeg meksikansk arbeidskraft. Og ingen, berre meksikanarar og til nød white trash, har lyst til å melke kyr.

I NOREG SNAKKAR VI om polske immigrantar som den nye underklassen. Ved nyttår hadde Statistisk sentralbyrå registrert i underkant av 12 000 polakkar. Men førstesekretær og konsul ved den polske ambassaden i Oslo, Damuta Szostak trur tallet er mykje høgare. 3.september sa Szostak til Aftenposten at ho trur det kan vere mellom 120 000 og 130 000 polske arbeidarar i Noreg.På den norske bygda finn vi mange polske arbeidarar. - Det er en reell fare for at det kan utvikle seg eit lågstatusmarknad for billeg arbeidskraft i Norge på grunn av omfattende smutthol i det norske lønningssystemet. Vi kan få ein etnisk underklasse med veldig mykje dårlegare arbeidsvilkår enn fleirtalet, uttalte forsker Jon Horgen Friberg ved forskningsstiftelsen Fafo til ANB i juni.I 2002 uttalte dåverande statsråd Victor D. Norman (H) at vi treng fleire ufaglærde innvandrarar i Noreg, blant anna fordi dei har vilje til å ta dei jobbane nordmenn kvir seg på å ta. Han meinte auka arbeidsinnvandring av ufaglærde ville skape større mobilitet i arbeidsmarknaden og frykta ikkje at det ville oppstå ein ny underklasse. Kven har rett?

PÅ EIN PUB på den norske bygda sit ein norsk bonde, kjæresten hans og ein polsk arbeidar som jobbar på garden deira. Ein kar frå nabobordet kjem bort, slår av ein prat og spør bonden om det er «hans» polakk. Polakken, som har vore fleire år i Noreg, snakkar flytande norsk, har eige hus og er lønna etter norsk tariff, forstår alt han seier. Bonden reagerar på måten denne andre karen omtalar den polske arbeidaren. Folk snakkar om «din» polakk som om polakken er ei vare.Bonden synest det er tragisk at hans polske kamerat og arbeidskollega vert behandla slik av utanforståande. Også i systemet vert denne arbeidaren møtt med fordommar frå offentleg ansette. Her kan ein spørre seg kven det er som skapar underklassen: den offentleg ansette som stigmatiserar, karen ved nabobordet som har høyrdt om polakkar gjennom media, eller bonden som anset polakken til å utføre eit arbeid.

I EI NYLEG AVLAGT hovudfagsoppgåve i sosiologi avlagt ved NTNU set Nina Banino-Rokkones fokus på korleis eit utvalg av utanlandske sesongarbeidarar i landbruket opplever å opphalde seg i Noreg.Banino-Rokkones skriv at det som blant anna peika seg ut som viktigast for kor tilfredse arbeidarane er med opphaldet, er dei sosiale relasjonane og lønnsforhald. Dei sosiale banda dei knyttar til arbeidsgivar og kollegaer framstår som svært viktige. Dei utvidar sitt sosiale nettverk under opphaldet, tileignar seg eit kulturelt utbytte i form av auka språkforståelse og nye preferansar, skriv ho.Media og forskarar som Jon Horgen Friberg sitt fokus på ufaglærd arbeidsinnvandring som den nye underklassen, bidreg ikkje til å integrere migrantane, men til å skape avstand og fordommar. Lat mobile arbeidsinnvandrarar sleppe å bli stempla av norsk offentlegheit som den nye underklassen. Set heller fokus på kva ein kan gjer for å integrere migrantane. Frykt skapar avstand og avstand skapar fordommar.