Intellektuelle i Oslo 1, 2 og 3

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

EUROPA I FARE: Dagbladet serverte sist laurdag ein leiarartikkel med overskrifta «Intellektuelle i alle land.» Artikkelen var ein snirklete kommentar til mi bok Amerikabrevet: «Europa i fare.» Som mange andre i same plaskedammen prøver Dagbladet seg med dei gamle hersketeknikkane overfor dei som til dagleg ikkje er med i det vanlege politisk korrekte miljøet: 1. Ikkje gå inn på realitetane i det forfattaren skriv, men prøv og heng på han merkelappar av typen «har fordommer», «ser spøkelser», «viser forakt», o.likn. 2. Framstill deg sjølv som «ansvarlig», «tenkende», «nyansert», osv. 3. Dersom ein ikkje-PK eller alternativ skribent tek opp nokre større problem til drøfting, framstill det slik at det er han som er problemet. Be han halde munn, og la heller problema få vekse!

DESSE TEKNIKKANE er det fleire som har fått føle. Jamfør boka Gode formål - Gale følger, kritisk lys på norsk innvandringspolitikk (red. Ottar Brox, Tore Lindbekk, Sigurd Skirbekk), 2003, eller Størst av alt er friheten (Hege Storhaug), 2006.Eg har ikkje planlagt at Dagbladet skal samtykke i det eg skriv om islam og kristendom, framandkulturell innvandring, muslimsk fertilitet og emigrasjon, islamifisering og radikalisering av andre- og tredjegenerasjonen i Europa, utviklinga av parallellsamfunn på europeisk jord, ulykksalig einvegstoleranse, den ville anti-amerikanismen, den strukturelle venstreradikalismen i journalistyrket og akademia i Europa og USA, osv. Men eg ventar at avisa er konkret når ho kritiserer, ikkje berre flåsar, samstundes som ho sjølv bør kunne vise til ein rasjonell og farande veg for korleis Noreg og Europa skal unngå det urovekkjande scenariet som eg (og mange venstreintellektuelle) skisserer for dei neste 20-30 åra.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer