Intim, internasjonal, kosmisk!

Gjennomførte og aktuelle dikt med stort etisk trøkk!

Rytmisk manande, språkleg svingande og etisk spørjande møter dei nye dikta til Torgeir Schjerven oss. Dei har eit personleg trykk som blant anna kjem av den måten han lar kvardagen kring seg siga inn i oss gjennom sansingane, og ved måten han har makta å forma eit komplekst og gyldig kunstnarleg uttrykk for dei mest intime og internasjonale, alvorlege og påtrengjande spørsmål. Det er ei leikande og kunnskapsrik røyst som fengjer og får oss inn i ei framdrift som byrjar med sola og sluttar med himmelen.

Fortida er sterkt til stades i og med at «man er minner man ikke fatter / at man er». Schjerven våger seg inn på område som er kompliserte og altomfemnande, slik som ordet «tro»; fundamentalt til stades i våre konfliktar i dag som alltid. Han nærmar seg dette med ei inderleg haldning til stoffet. Alle tekniske verkemiddel er haldne i eit overordna grep. Den som skriv, grip etter eit haldepunkt, ein almanakk eller ei rose (som vert litt for forutseieleg), eit godt måltid, midt inne i eit kaotisk brøl av terrorkrig. Han viser til Vallejo, Ulven og Vold, og Gud forbyr meg å seia det, men kanskje finst det eit ørlite ekko av Kitty K. her? Men utan tvil og utanpå mangt er dette Schjerven-dikt med nokre suverene høgdepunkt som «Døden er / et ord som lever» (s. 26) og «Undringer fra troens lille hage» (s. 9) og gjennomgåande spelar dikta i boka på kvarandre og gjentek og utdjupar og vrir språket så det uttrykkjer meir og meir. Og han spør og spør og «Hvem skal reise seg / og gå og stable fred»? Og krigen vert «En etterspørsel som ikke spør» og som forbruker oss. Denne boka er ein siger for poesien. Den går rett inn i tida og har samstundes lange trådar bakover og dirrande spørsmålsteikn til framtida og til deg. Les og «Skål for det livaktige // i alt og alle / som vi minner om!»

RYTMISK: Torgeir Schjerven.