Islam - den ellevte landeplage?

En seriøs dialog mellom kulturer vil også måtte omfatte en ærlig og tøff konfrontasjon.

DET ER I ÅR

250 år sidan Holbergs bortgang, denne kulturelle modernisator for dobbeltmonarkiet, som lærte oss å le av det latterlege - ein finurleg og subversiv kunst (skal vi tru Umberto Eco) som visseleg vart for lite praktisert både i Kreml og i Washington, men som også kan fungere repressivt og støytande, når latterleggjeringa ikkje blir følgd opp med open og sjølvkritisk meiningsutveksling.

For kulturradikalaren Arnulf Øverland var kristendommen fordummande og undertrykkande, eit intellektuelt mørke og eit håplaust visvas som hadde plaga oss lenge nok. Spottande spør han kristenfolket om Gud, vår Fader, har kjønnsorgan!

Om Øverlands polemiske utfall kan det vere mangt å seie. Men etter hans stormløp mot kristendommen vart blasfemi-paragrafen lagd til sides; det å kunne forhalde seg til religionskritikk vart ein del av allmenndanninga.

KVA SÅ MED PROFETEN

og Koranen, med rett-truande imamar og kyske slør, oppi alt dette? Latterleg eller respektabelt, eller både-og og midt i mellom?

Det ligg i dagen at det her er plass for da capo frå kulturradikalt hald. Men framfor alt er det vel behov for oppdaterte analysar av kva det betyr, i vårt samfunn, å forsvare og praktisere ei religionsoppfatning som ikkje har gjennomgått dei læringsprosessane som spring ut av opplysningstida og det moderne prosjekt.

Når vi på toppen av alt dette har innvandringsproblematikken, foruten den militante krigen mot islamistiske terroristar, så er det ikkje å undre på at mangt flokar seg til og at vi får mange slags engasjerte innspel, med agendaer på litt ulike plan.

Men éin klar konstellasjon i den norske debatten kan kort karakteriserast ved spenninga mellom desse to spørsmåla: Er tradisjonell islam gjennomgåande kvinnediskriminerande, og er interkulturell dialog og forståing viktig?

Til dette vil mange i utgangspunktet svare: jo takk, begge delar. Men korleis kan ein i så fall forlike den spenninga som då oppstår? Og er det ikkje ein god del problem, bakanfor denne konstellasjonen, problem som gjeld forholdet mellom å forstå og å akseptere og mellom kvinnediskriminering og mangelfull modernisering både på det kulturelle og institusjonelle plan?

I så fall trengst det vel enno eit intellektuelt løft, av denne debatten. Somt kan vi i så måte lære av andre, som alt har heva seg opp på eit meir overordna plan: I januar, for eksempel, sende fransk fjernsyn eit timelangt diskusjonsprogram med den intellektuelle franske islamisten Tariq Ramadan og franske filosofar, der spørsmålet galdt forholdet mellom ein offentleg og kritisk bruk av fornuft, på det eine sida, og overtydinga om at ein bestemt religiøs doktrine er den sanne, på den andre.

Ein slik diskusjon krev ein viss kjennskap til dei ulike posisjonar og argument innanfor teologi og filosofi, frå Thomas Aquinas til Immanuel Kant, frå Pascal til Nietzsche. Men i dag er det praktisk påtrengande å ta ei slik drøfting - for det er spørsmål av denne typen som anten gir legitimitet eller legitim kritikk av dei mange praktiske ordningar og holdningar som følgjer av religionsoppfatningar med svak differensiering mellom religion og politikk.

DET SKJELSETJANDE

spørsmål er derfor ikkje «kristen eller islamsk» eller «norsk eller arabisk», men korleis desse kritiske læringsprosessane blir tileigna. Det å kunne forhalde seg til religionskritisk argumentasjon er ein del av dette. Det gjeld ikkje berre sosiologisk orientert religionskritikk (som hos Marx) eller psykoanalytisk kritikk (som hos Freud), men også, og kanskje først og fremst, den type filologisk og historisk tekstkritikk som vi finn hos Spinoza og den type kunnskapsteoretisk differensiering som vi finn hos Kant - innsikter som på ulikt vis inngår også i moderne kristen teologi og religionsoppfatning, men som umogleggjer ei bokstavtru tolking av heilage skrifter, anten det er Koranen eller Bibelen, og som samtidig fjernar grunnlaget for ei naiv skriftbasert gudstru.

Dermed er det visse former for religionsutøving som ikkje lenger er truverdige. I så måte har den øverlandske kulturradikalismen eit poeng. Men også religionen kan gjennomgå sjølvrefleksive læringsprosessar. Og det hadde nok ikkje Øverland begrep for å gripe.

Likevel blir det lite å «gi», i den interkulturelle dialogen, når det gjeld denne typen intellektuelle læringsprosessar, også overfor muslimar: Ein ting er å forstå, noko anna å akseptere.

Her må vi, heldige arvingar av Holberg og opplysningsprosjektet, ta vårt tak for eit felles løft til fordel for alle dei som ikkje har vori så heldige å få den sjølvrefleksive religionskritikken som ein del av allmenndanninga. Ein seriøs dialog mellom kulturar vil derfor også måtte omfatte ein ærleg og tøff konfrontasjon, der ikkje alt er snilt og triveleg, og der heller ikkje alt er kompromiss og hestehandel.

UT FRÅ DETTE

følgjer det at kvinnediskriminerande påstandar med referanse til Koranen eller Bibelen er ganske miserable saker, vurdert som intellektuelt seriøse argument i ein offentleg samanheng.

Og når den religiøse legitimeringa slik er relativisert og privatisert, må vi finne oss til rette med våre dennesidige innsikter og ordningar. Mellom anna må vi institusjonelt kunne differensiere mellom religion og politikk, og mellom religion og juss. Her er det lite å «gi», i ein interkulturell dialog: Dette er ei av dei institusjonelle differensieringane som gjer eit moderne samfunn mogleg.

I dette perspektivet inngår prinsippet om likestilling mellom borgarane, uavhengig av kjønn og tru, som eit ufråkommeleg prinsipp i ein moderne rettsstat - ein rettsstat som igjen heng saman med demokratisk kultur og styreform.

Kort sagt, her er ikkje mann eller kvinne, ikkje kristen eller muslim, ikkje norsk eller arabisk - men her er dei kulturelt moderne og dei som ikkje er det, men som bør bli det, jo før jo heller. Rett nok, i siste instans må kvar og ein løfte seg sjølv, inn i moderniteten. Men vi har også eit medansvar for å hjelpe kvarandre med dette løftet.

Dei gamle kulturradikalarane - Krog, Hoel og Øverland - var polemiske snarare enn argumentative. Den som vil forvisse seg om dette, kan ta ein titt på Øverlands grovkorna avvising av gudsbegrepet og samanlikne dette med diskusjonen mellom Bertrand Russell og pater Copleston om same emnet. Men det var ikkje berre kulturradikalarane som ikkje var intellektuelt på høgd med si tid. Hos den åndelege og åndfulle motpart, slik som hos André Bjerke, var det også ganske mistrøstig, intellektuelt sett. Den som vil forvisse seg om dette, kan ta ein titt på Bjerkes harselas over «dumme naturvitskapsfolk», og samanlikne dette med informert vitskapskritikk frå meir kompetent hald.

I så måte er det mange som kan trenge eit løft, ikkje berre dagens massemedia her til lands, og heller ikkje berre førmoderne muslimar av forskjellig slag. Nøkternt sett er det vel slik at også vi norske har ein tung og uforløyst tradisjon, av intellektuelt uferdig modernisering - og kanskje er dette noko av grunnen til at debattane hos oss så ofte blir trivielle og emosjonelle, utan dei grep og tunge tak som må til for å heve diskusjonane til det nivå der dei høyrer heime.