STRAFFEFRIDOM: Noreg gjev altså Israel straffefridom for deira brot på folkeretten. Dei vert heller lønna med auka økonomisk samarbeid, skriv innsendaren. Her bærer redningsarbeidere en ung, skadet gutt vekk fra demonstrasjoner ved grensa i Gaza, 4. januar i år. Foto: Said Khatib / AFP / NTB Scanpix
STRAFFEFRIDOM: Noreg gjev altså Israel straffefridom for deira brot på folkeretten. Dei vert heller lønna med auka økonomisk samarbeid, skriv innsendaren. Her bærer redningsarbeidere en ung, skadet gutt vekk fra demonstrasjoner ved grensa i Gaza, 4. januar i år. Foto: Said Khatib / AFP / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Israel

Israel drap 55 palestinske born i fjor. Dette landet vil regjeringa vår knyte endå sterkare band til

Regjeringa lønner Israel for folkerettsbrot.

Meninger

I Granavolden-erklæringa er nemlig Israel det einaste landet som spesifikt er trekt fram som ein viktig samarbeidspartnar i utanrikspolitikken. Det står at regjeringa vil «legge til rette for styrket forsknings- og utviklingssamarbeid, handel, turisme og kulturutveksling med Israel». Samtidig står det i erklæringa at regjeringa vil «samarbeide med andre land for å gjennomføre økonomiske og politiske sanksjoner ved alvorlige og vedvarende brudd på folkeretten.»

Då burde Israel vere eitt av landa høgst på lista gitt deira systematiske og grove brot på folkeretten og krenkingar av palestinarane sine menneskerettar.

Til dømes syner ein ny rapport frå den israelske menneskerettsorganisasjonen Bt´selem at det israelske militæret i 2018 drap 55 palestinske born, 47 av dei på Gazastripa. Den yngste var 4 år gamal. Organisasjonen Defense for Children International–Palestine (DCIP) kom nyleg med ein rapport kor dei konkluderer med at israelske soldatar sine drap på ungar på Gaza er krigsforbrytingar.

Ein må anta at regjeringa vår er imot drap på ungar og at dette vil vere eit type brot på folkeretten som er så alvorleg at det fører til økonomiske og politiske sanksjonar. Likevel svara utanriksminister Ine M. Eriksen Søreide, då ho fekk skriftleg spørsmål frå Bjørnar Moxnes før jul om kvifor Noreg ikkje nytta slike sanksjonar mot Israel: «Regjeringen er imot sanksjoner og boikott av Israel. Dialog, samarbeid og tillitsbygging er bedre egnet for å løse konflikter.»

Noreg gjev altså Israel straffefridom for deira brot på folkeretten. Dei vert heller lønna med auka økonomisk samarbeid, eller det som i plattformen vert kalla ei «balansert holdning til Midtøsten-konflikten». Kva påskot har Israel for å slutte å bruke skarp ammunisjon mot ungar dersom vestlege land som Noreg berre vil auke samarbeid og handel?

Regjeringsplattforma gjentek Søreide sitt mantra, at regjeringa ikkje ser «boikott av Israel som et bidrag til dialog, forståelse og en fredelig utvikling i Midtøsten». Dei meiner altså at palestinarane ikkje skal ha høve til å boikotte staten som militært okkuperer dei på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem og som held dei under ein kvelande blokade på Gaza.

Ei ikkje-valdeleg og legitim protestform som boikott, fell vanlegvis under dei sivile og politiske menneskerettane som regjeringsplattforma seier at er ein særleg prioritet, men det gjeld tydelegvis ikkje for palestinarane. Heller insinuerer plattformen at kritikk av Israel er hatefulle ytringar, og i verste fall antisemittisme. Dette er ein påstand som er med å delegitimere palestinsk kamp for menneskerettar og folkeretten og som gjer det endå vanskelegare å slost mot faktisk antisemittisme.

Om Granavolden-erklæringa skal syne regjeringa sin faktiske politikk, burde den sei at dei vil bruke økonomiske og politiske sanksjonar mot folkerettsbrot, berre ikkje Israel sine. Og at det å ha ei «balansert holdning til Midtøsten-konflikten» inneber å knyte sterkare band til eit land som gjennom 70 år, systematisk og grovt, har krenka folkeretten og snevra inn ytringsfridomen til det palestinske sivilsamfunnet.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.