DEBATT

Debatt: Israel

Israel drap 55 palestinske born i fjor. Dette landet vil regjeringa vår knyte endå sterkare band til

Regjeringa lønner Israel for folkerettsbrot.

STRAFFEFRIDOM: Noreg gjev altså Israel straffefridom for deira brot på folkeretten. Dei vert heller lønna med auka økonomisk samarbeid, skriv innsendaren. Her bærer redningsarbeidere en ung, skadet gutt vekk fra demonstrasjoner ved grensa i Gaza, 4. januar i år. Foto: Said Khatib / AFP / NTB Scanpix
STRAFFEFRIDOM: Noreg gjev altså Israel straffefridom for deira brot på folkeretten. Dei vert heller lønna med auka økonomisk samarbeid, skriv innsendaren. Her bærer redningsarbeidere en ung, skadet gutt vekk fra demonstrasjoner ved grensa i Gaza, 4. januar i år. Foto: Said Khatib / AFP / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

I Granavolden-erklæringa er nemlig Israel det einaste landet som spesifikt er trekt fram som ein viktig samarbeidspartnar i utanrikspolitikken. Det står at regjeringa vil «legge til rette for styrket forsknings- og utviklingssamarbeid, handel, turisme og kulturutveksling med Israel». Samtidig står det i erklæringa at regjeringa vil «samarbeide med andre land for å gjennomføre økonomiske og politiske sanksjoner ved alvorlige og vedvarende brudd på folkeretten.»

Då burde Israel vere eitt av landa høgst på lista gitt deira systematiske og grove brot på folkeretten og krenkingar av palestinarane sine menneskerettar.

Til dømes syner ein ny rapport frå den israelske menneskerettsorganisasjonen Bt´selem at det israelske militæret i 2018 drap 55 palestinske born, 47 av dei på Gazastripa. Den yngste var 4 år gamal. Organisasjonen Defense for Children International–Palestine (DCIP) kom nyleg med ein rapport kor dei konkluderer med at israelske soldatar sine drap på ungar på Gaza er krigsforbrytingar.

Ein må anta at regjeringa vår er imot drap på ungar og at dette vil vere eit type brot på folkeretten som er så alvorleg at det fører til økonomiske og politiske sanksjonar. Likevel svara utanriksminister Ine M. Eriksen Søreide, då ho fekk skriftleg spørsmål frå Bjørnar Moxnes før jul om kvifor Noreg ikkje nytta slike sanksjonar mot Israel: «Regjeringen er imot sanksjoner og boikott av Israel. Dialog, samarbeid og tillitsbygging er bedre egnet for å løse konflikter.»

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer