Foto: Håkon Gleditch
Foto: Håkon GleditchVis mer

Vekas Vers:

Ivan den flyktige gir oss både kvinner, litt mat og namedropping

Vegen blir til mens du spring for livet.

Det er ikkje lett å skrive på eit anna språk enn sitt eige, ikkje om du vil skrive presist, personleg og relevant, altså bra. I skjønnlitteraturen finst det nokre sjeldne talent som Karen Blixen og Joseph Conrad. Men om du ikkje har budd i utlandet og snakka engelsk i årevis, men berre er ein ungdom i Noreg, og i tillegg til å skrive, òg skal framføre tekstar på engelsk, er utfordringa mykje større. Og tilgang på internett er ikkje nok.

Det er nemleg ikkje dei andre sine liv du skal skrive om, det er ditt. Og du har eit språk som du har brukt heile livet på å lære, og du har brukt det til å forstå og definere deg sjølv og verda rundt deg. Det er òg deg sjølv og ditt blikk på verda du gir vidare til andre når du rappar.

Dei fleste som har fått til å rappe på engelsk her til lands, har forståeleg nok ikkje prøvd å slå an i USA. I staden for å prøve å høyrast ut som ein frå New York, har dei dyrka sin eigen personlegdom, inkludert sin eigen måte å bruke det engelske språket på. Til dømes Emile The Duke frå Oslo, som rappar på sin heilt eigen og sære miks av britisk, amerikansk og emilsk (har du forrsten høyrt årets mest kunstnarisk ambisiøse og tøffe norske rappalbum, «Rapman»?). Eller dei latterleg oversette Darkside Of The Force frå Kristiansand/Chile, som rappar truverdig med uperfekt uttale, i tillegg til hyppige innslag av spansk og spanglish. Dette gjeld forresten òg norskchilenaren F’EM One, som hadde duoen Equicez med den norskrappande Cast.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er svært få norske rapparar som berre lagar amerikansk rapp, punktum, og får dét til å fungere. Ein av dei er veteranen Son Of Light, men sjølv han synest eg er mest interessant på norsk (og eg har sjeldan gledd meg så mykje til ei norsk plate som «Hemmelig Sekt» (Son Of Light og kristiansandstrioen Vågsbygd Handy)).

Ivan Ave er den einaste norske rapparen i dag med ein viss suksess i utlandet (om me ser bort frå Nico & Vinz og Madcon, som fekk stor suksess etter at dei tok musikken i ei meir poppa retning). Ivan heiter eigentleg Eivind Øygarden, og er frå Vinje i Telemark, men det kan ein ikkje høyre. Både flow, uttale og formuleringsevnene var allereie tidleg på eit internasjonalt nivå. Han laga, og lagar framleis, ned-på, stemningsfull hip-hop som tar seg god tid, og gjerne samplar jazzplater.

Eivind sjølv har òg tatt seg god tid, og brukt mange produktive år på å nå det musikalske nivået han er på no. Berre sidan 2014 har han laga to album med produsenten Fredfades, éin solo-ep og eitt soloalbum.

Vegen vert til mens ein går. I starten handla Ivan Ave sine låtar for det meste om å rappe om rapp, jazz, kvinner og litt mat. Det var kanskje det livet hans bestod av, av det som gav meining å rappe om på engelsk. Me kunne allereie ane konturane av eit fint paradoks i Ivan Ave; ei rastlaus sjel med eit svært laidback flow. Men kva ville han oss, utover å vise kor flink han er til å høyrest ut som ein amerikanar? Kven er Ivan Ave eigentleg?

Det har eg ofte lurt på, men eg trur eg vart klokare etter fjorårets plate – hans beste til no – «Helping hands». Plata opnar med desse orda: «My mother said, before you eat take your hat off». Ivan er på ein snarvisitt heime før han må vidare, og vidare fer han. Gjennom heile plata er han på flukt frå seg sjølv og alle andre. Som han òg seier i opningslåten: «I ain't here for the mystery in me / Don't wanna miss a beat». Han er ikkje interessert i å verte klokare på seg sjølv, han vil berre rappe. Ein nokså vanskeleg kombo, noko han òg bruker heile plata på å mislykkast med.

Rim om rørsler og forflytting har vore sentrale i Ivan sine tekstar heile tida, også på detaljnivå finn me ordspel og metaforar som ofte handlar om føter og andre transportmiddel – som i denne enkle blomen av eit bilete: «Nights longer than train tracks». Men ettersom fanskaren har vorte jamt større, plateselskapet har vorte tysk, og fleire samarbeidspartnarar bur i USA, har Ivan Ave òg begynt å reise mykje i det verkelege livet. Han er stadig på reisefot i utlandet for å spele konsertar og lage musikk. Det er som om livet har innhenta tekstuniverset hans, og no er han endeleg der han skal vere: på farta, på alle måtar, heile tida. «Been a while since you and I spoke in the same time zone» som han seier til nokon, kanskje ei kvinne. Det er forresten like greitt, for han er ikkje i stand til å binde seg til nokon: «Try'na get intimate through the feel of the flesh / Soon as I get some real feelings I jet».

Såpass open har han vorte. Musikken har kanskje alltid vore ei reise eller flukt for Ivan Ave, no er berre lyttarane òg inviterte med på turen. Men han viser oss ikkje alle korta, han held fast i spenninga, og får oss til å lure: «I couldn't tell you what I'm searching for / Never put it to words before». Om det er lygn, sjølvbedrag, sjølvironisk meint, eller berre sant, er ikkje godt å seie.

Ivan Ave spring uansett vidare, og har allereie gitt ut ei rekke låtar i år, med titlar som «Fast forward» og «Running shoes». Desse er frå den komande plata, «Every eye», som er ute 10. november. «Running shoes» kan høyrast som ein kulminasjon av utviklinga i Ivan Ave sitt tekstunivers. Teksten inneheld både kvinner, litt mat og namedropping av eit par soul-musikarar, mens temaet igjen er flukt, denne gongen i form av ein ode til joggesko. Og det sentrale temaet får ei av sine aller finaste linjer så langt:

Running circles around my problems since about knee high

Ivan Ave har i årevis vore ein av dei dyktigaste rapparane i landet. No er han òg ein av dei mest spennande å høyre på – og følgje. Eg har ofte høyrt amerikanarar seie at det ikkje er så lett å verte kjent med ein nordmann, til gjengjeld kan det verte eit djupt vennskap om du gir det tid.