Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

«Ja, men læll, da ...»

Svogerforsker Robert Eriksson (FrP) ignorer all forsking og faglege råd om arbeidslivspolitikken.

 Skulle Eriksson  få behov for andre «argument» enn si svogerforsking, kunne han finne inspirasjon i trønderane si sjølvironiske historie om kallen som, møtt med ufråvikelege fakta, vart ståande tom for argument. Han hadde likevel svar: «Ja, men læll, da...» Foto: Endre Vellene
Skulle Eriksson få behov for andre «argument» enn si svogerforsking, kunne han finne inspirasjon i trønderane si sjølvironiske historie om kallen som, møtt med ufråvikelege fakta, vart ståande tom for argument. Han hadde likevel svar: «Ja, men læll, da...» Foto: Endre Vellene Vis mer
Meninger

«Usunt å røyke, seier du? Men eg møtte ein kar som var over 80 år, og han hadde røykt heile livet!» Svogerforsking blir det kalla. Og det er artig nok i uformell kvardagsprat. Men skal ein styre eit land, kan ein ikkje erstatte fakta og forskingsbasert kunnskap med slikt. Like fullt er det dette som no skjer i arbeidslivspolitikken, som er så grunnleggjande for tryggleiken og fridomen til den enkelte.

Utvida høve til midlertidig tilsetting gjev ikkje fleire tilsette, berre fleire midlertidig tilsette. Og tilsvarande færre faste. Vi veit det, fordi ei rekke vestlege land har forsøkt. Resultatet er alltid det same. Vi snakkar om noko som er like udiskutabelt som at det er usunt å røyke.

Konfrontert med dette, svarer arbeidsminister Robert Eriksson (FrP) med å vise til folk han har treft i det siste, som meiner det same som han. På direkte spørsmål i Stortinget om kor mange nye jobbar dette vil gje, svarer han at det ikkje er mogleg å gjere slike utrekningar. I hans eiga stortingsmelding om saka, skriv fagfolka i departementet: «Ein har ikkje funne ein effekt på sysselsettingsnivået generelt ved auka høve til midlertidig tilsetting.»

Eg undrast over at Erna Solberg let Eriksson ignorere all forsking og faglege råd på eit så viktig felt: Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet kan dokumentere auka helserisiko for arbeidstakarane. FFO og Handikapforbundet viser til at det ikkje fins dokumentasjon for at fleire av deira medlemmar kjem i arbeid. DNB, Nordea og Storebrand stadfestar at midlertidig stilling svekker sjansen for bustadlån. Alle arbeidstakarorganisasjonane samlar seg til politisk generalstreik 28. januar - den første sidan 1990-talet.

Skulle Eriksson få behov for andre «argument» enn si svogerforsking, kunne han finne inspirasjon i trønderane si sjølvironiske historie om kallen som, møtt med ufråvikelege fakta, vart ståande tom for argument. Han hadde likevel svar: «Ja, men læll, da...»